Høringssvar fra Justis- og beredskapsdepartementet

Dato: 05.06.2019

Høyring - endringar i kringkastingslova

Vi viser til Kulturdepartementets brev 15. mars 2019 med vedlegg.

Justis- og beredskapsdepartementet har følgjande merknader:

Det er ikkje klart kva som ligg i forslaget om at Medietilsynet skal kunne gi pålegg om å «hindre eller vanskeliggjøre» tilgangen til marknadsføring som er i strid med pengespellova, lotterilova eller forskrift om totalisatorspel, jf. forslaget til kringkastingslova § 4-6 fyrste ledd fyrste punktum. Her bør det vurderast nærare og koma tydelegare til uttrykk kva Medietilsynet skal kunne påleggje. Skal tilsynet berre kunne påleggje generelle tiltak for «å hindre eller vanskeliggjøre» tilgangen, eller skal det kunne påleggje aktørane nærare bestemte, spesifiserte tiltak? Forslaget til lovtekst kan forståast på fleire måtar, og det er ikkje klart ut frå høyringsnotatet, som ikkje inneheld nærare merknadar, kva meininga skal vera. Lovteksten og merknadane til forslaget bør i ein komande proposisjon få fram på ein tydeleg måte kva som er meint.

Det bør òg koma tydeleg fram, iallfall av merknadane, kva som skal til for å oppfylle plikta som vil følge av pålegga. Etter kringkastingslova § 10-4 fyrste ledd kan Medietilsynet gje tvangsmulkt for å sikre at plikter etter føresegnene i kapittel 4 i lova blir oppfylte, noko som tilseier at det bør gå klart fram kva Medietilsynet skal kunne påleggje. Det bør elles takast med i vurderinga at om ein berre legg opp til generelt formulerte pålegg, vil distributørane, Medietilsynet og eventuelle andre aktørar (som domstolane, Sivilombods­mannen osv.) måtte gjere vanskelege, skjønsprega vurderingar for å ta stilling til om plikta er oppfylt.

På side 28 og 33 i høyringsnotatet heiter det at distributørane skal ha eit «spillerom» til å velja korleis dei skal etterkome pålegg. Det bør gå fram tydelegare kva som er meint her. Dersom dette er meint å leggje føringar for kva slags tiltak som kan påleggjast, bør det koma tydelegare fram.

Det går fram av høyringsnotatet at den nye paragrafen ikkje rettar seg mot fjernsynskanalar, audiovisuelle bestillingstenester osv. «i sin helhet», men berre den konkrete, ulovlege marknadsføringa. Dersom poenget er at eit pålegg frå Medietilsynet aldri skal kunne føre til at distributørane blir forplikta til å stengje, avgrense osv. sjølve tilgangen til fjernsynskanalar, audiovisuelle bestillingstenester eller liknande, bør dette gå fram av lovteksten eller iallfall av merknadane. Det er elles uklart for oss om det i det heile er mogleg for dei som formidlar sokalla opne breibandnett, å «hindre eller vanskeliggjøre» slik marknadsføring forslaget gjeld, utan å stengje sjølve tilgangen til fjernsynskanalar, audiovisuelle bestillingstenester eller liknande. Vi kan ikkje sjå at dette er kommentert i høyringsnotatet.

Det går òg fram av høyringsnotatet at Medietilsynet i det enkelte tilfellet skal vurdere om det vil vere «uforholdsmessig» å gi pålegg. Dette bør gå fram av lovteksten. På side 26 og 30 i høyringsnotatet heiter det at det at «forholdsmessigheten skal inngå i tilsynets vurdering, er ment som en sikkerhetsventil mot urimelige resultater». Det bør ut frå dette vurderast om vilkåret skal kunne prøvast fullt ut av domstolane.

Vi nemner elles at lova alt har ein § 4-6. Denne er vedteke oppheva, men opphevinga har ikkje teke til å gjelde enno. Det må såleis vurderast om gjeldande § 4-6 skal vidareførast og eventuelt bli § 4-7.

Med helsing

Harald Aass

fagdirektør

Toril Juul

seniorrådgjevar