Forsiden

Høringssvar fra Vinje kommune

Dato: 31.08.2020

Høyring - endring i plan- og bygningslova

Vedlegg:

1

Høyringsbrev

Dokument i saka:

Høyringsnotat

Bakgrunn:

Endring i § 8-1:

Departementet gjer framlegg om endring i plan- og bygningslova (pbl.) § 8-1 i form av eitt

nytt tredje ledd som gjev heimel til å gje forskrift om bruk av arealsoner i regional plan

med arealdimensjon. Ein slik heimel vil gjere det mogleg å krevje at framstilling av kart

til regional plan og regionale planføresegner skal følge gjeldande nasjonal fagstandard for slike planar.

Endring i pbl § 12-6:

Departementet gjer framlegg om eit nytt andre ledd i § 12-6 for å presisere at omsynssone for

vidareføring av uendra reguleringsplan ikkje skal brukast i detaljregulering.

Endring i pbl § 19-2:

Departementet gjer farmlegg om å endre pbl. § 19-2 andre ledd som styrer kommunens

høve til å imøtekome dispensasjon frå føresegner gjeve i eller i medhald av lova.

Det er framlegg om at omsynet til nasjonale og regionale interesser uttrykkeleg skal gå fram

av andre ledd fyrste punktum for å understreke kor viktig det er at slik omsyn blir

teke omsyn til i dispensasjonsvurderinga. Endringa vil gjere det tydelegare at det ikkje kan

dispenserast dersom omsynet til nasjonale og regionale omsyn blir vesentleg tilsidesett.

Vidare ønskjer departementet å styrke omsynet til det kommunale sjølvstyret.

Departementet meiner den beste måten å gjere dette på er å fjerne kravet i andre

ledd andre punktum om at fordelane ved å gje dispensasjon skal vere «klart større

enn ulempene etter ei samla vurdering». Det er framlegg om å oppretthalde dagens ordning

der lovas skjønnsmessige vurderingar etter første punktum ligg under skjønn i rettsbruken, men endre slik at vurderinga av fordelar og ulemper etter andre punktum skal ligge under kommunens frie skjønn.

Domstolane vil dermed ikkje lenger kunne prøve kommunens skjønn etter andre punktum, med unntak for tilfelle av misbruk frå styresmaktene.

Fylkesmannen, som klageinstans, vil kunne prøve skjønnet etter andre punktum, men skal leggje stor vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret ved prøvinga, jf. forvaltningslova § 34 andre ledd tredje punktum. I praksis betyr det at fylkesmannen skal vere varsam i si overprøving av kommunens vektlegging av fordelar og ulemper i dispensasjonssaka.

Departementet ønskjer gjennom lovendringane å presisere at dei fordelar tiltakshavar

trekker fram, ikkje skal kunne avgrensast til generelle areal- og ressursdisponeringsomsyn, men at tiltakshavars interesse i ei fornuftig og hensiktsmessig utnytting og bruk av eigen eigedom må vere relevant og kunne vektleggast ved vurdering av fordelar og ulemper.

Departementet gjer også framlegg om å oppheve § 19-2 fjerde ledd som har føresegner

om at statlige og regionale rammer og mål skal særleg vektleggast i dispensasjons-vurderinga. Departementet meiner føresegna er unødvendig og avgrensar det lokale sjølvstyret i unødvendig grad når nasjonale og regionale interesser likevel blir nemnt i § 19-2 andre ledd fyrste punktum, og det blir gjort tydeleg at dispensasjon ikkje kan imøtekomast dersom det vil føre til at desse omsyna vert vesentleg sett til side.

Endring i matrikkellova §§ 35 og 38 – feilretting:

Departementet gjer framlegg om to mindre rettingar av feil i matrikkellova §§ 35 femte ledd og 38 fjerde ledd.

Vurdering:

Endring i § 8-1:

Bruk av standardisert kartfesting (vektoriserte data) i regionale planar, vil vere

effektiviserande for planprosessane i kommunane. Når kommunane utarbeider sine

arealplanar, vil dei gjennom bruk av digitale verktøy for geografisk informasjon raskt

kunne avdekke kvar det vil vere potensielle konfliktar med regionale planar og

innarbeide eventuelle regionale planføresegner på ein enkel måte.

Konklusjonen er at dette ikkje vil medføre vesentlege kostnader for kommunane. Arbeidet med standardisering er også allereie i gang.

Endring i pbl § 12-6:

I pbl. § 12-6 er omsynssona etter § 11-8 tredje ledd bokstav f, ikkje unnateke frå bruk

også i reguleringsplan. Eit utslag av dette er at omsynssona kan brukast i

reguleringsplan til å fastsetje at ein annan reguleringsplan skal gjelde uendra inne i

den fyrste reguleringsplanen. Dette er uheldig praksis som kompliserer den rettslege plansituasjonen.

Bruk av omsynssone om uendra bruk av reguleringsplan i reguleringsplan fører til at

ein får eit uoversiktleg lappeteppe av planar som gjeld innafor same areal.

Utfordringane med å ha oversyn over kva for reguleringsplanar som faktisk gjeld i eit

område vil auke når den tekniske utviklinga om kort tid vil vere klar for større grad av

automatisering av handsaming av ei rekke byggetiltak.

Konklusjonen er at nytt andre ledd til § 12-6 medfører ingen vesentlege økonomiske eller administrative kostnadar. Føresegna vil derimot føre til ei forenkling i form av betre oversikt

over kva plan som gjeld i det enkelte området. Vidare vil føresegna medføre ei forbetring sett i høve til digitalisering innan plan- og byggjesakshandsaminga.

Endring i pbl § 19-2:

Lovendringa vil bidra til å understreke at nasjonale og regionale interesser er

viktige omsyn som skal ivaretakast ved vurderinga av lokale forhold i

byggesaka, samt å bidra til ei heilskapleg vektlegging mellom nasjonal, regional og

kommunal arealpolitikk. Endringa vil også tydeliggjere kommunens ansvar for å

sikre at nasjonale og regionale interesser vert forstått og ivaretatt i den lokale

samanhengen. Kommunen må grunngje sine val, og i den grad det er gjeve

retningsliner om kva som er nasjonal eller regional politikk, bør også dette fremjast i kommunens vedtak.

Parallelt med ei tydeleggjering av nasjonale og regionale interesser, ønskjer

departementet å styrke omsynet til det kommunale sjølvstyret. Departementet meiner

den beste måten å gjere dette på er å fjerne kravet om at fordelane ved å gje dispensasjon skal vere klart større enn ulempene, etter ei samla vurdering.

Gjeldande krav til kvalifisera interesseovervekt av fordelar i høve ulemper

blir dermed redusera til eit krav om alminneleg interesseovervekt, dvs. slik det var i

tidligare lov. At kravet til ei «samla vurdering» vert teke ut vil ikkje ha nokon konsekvensar

for korleis interessene skal vektast mot kvarandre. Spørsmålet om interesseovervekt

må framleis ta utgangspunkt i ei vurdering av alle relevante fordelar og ulemper sett under eitt.

Vurderinga etter andre punktum skal vere underlagt kommunens frie skjønn.

Domstolane vil dermed ikkje lenger kunne prøve kommunens skjønnsutøving, med unntak for tilfelle av misbruk frå styresmaktene.

Fylkesmannen, som klageinstans, vil kunne prøve dette skjønnet, men skal legge stor vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret ved prøvinga, jf. forvaltningsloven § 34 andre ledd. I

praksis betyr det at fylkesmannen skal være varsom i overprøvinga.

Både justeringa av kravet til interesseovervekt og avgrensinga i mogleg overprøving inneber at framlegget gjev auka handlingsrom for kommunen.

Departementet meiner at endringane i fyrste og andre punktum sett under eitt på ein

god måte ivaretek balansen mellom kommunalt sjølvstyre og behovet for å ivareta

nasjonale og regionale interesser.

Departementet meiner at dei fordelar tiltakshavar kan bruke i si grunngjeving, ikkje skal kunne avgrensast til generelle areal- og ressursdisponeringsomsyn, men at tiltakshavars

interesse i ei fornuftig og hensiktsmessig utnytting og bruk av egen eigedom, må

være relevant og kunne vektleggast ved vurdering av fordeler og ulemper.

Departementet ønskjer ikkje å endre vurderingane når det gjelder andre personlege

interesser ein kan bruke som grunnlag for søknaden. Ein skal kunne grunngje søknaden med spesielle sosialmedisinske, personlege og menneskelege omsyn, men det skal framleis førast ein restriktiv praksis når det gjeld vektlegging av disse.

Formuleringane i Ot.prp. nr. 32 (2007-2008) på side 242 skal difor framleis gjelde.

I omtalen av § 19-2 tredje ledd: «Tredje ledd angir at det ved dispensasjon fra bestemmelser i lov, vedtekt eller forskrift skal legges vekt på dispensasjonens konsekvenser for helse, miljø, sikkerhet og

tilgjengelighet. Dette vil særlig gjelde i byggesaker. Formålet er at dispensasjoner ikke må innebære løsninger til nevneverdig skade for slike hensyn. Bestemmelsen åpner for at det i saker hvor det foreligger helt spesielle sosialmedisinske, personlige og menneskelige hensyn, kan slike hensyn tillegges vekt. Det understrekes at slike hensyn normalt ikke har avgjørende vekt i dispensasjonssaker.»

Konklusjonen vert at lovendringa tydeleggjer at kommunen skal ivareta nasjonale og regionale omsyn i dispensasjonsvurderinga. Dette er ei stadfesting av gjeldande rett, og det er ikkje grunn til å tru at lovendringa på dette punkt vil føre til vesentlege endringar i talet på søknader som vert imøtekome.

Lovendringa fører også til at kommunane får større handlingsrom når det gjeld å

vurdere fordelar og ulemper ved dispensasjon. Terskelen for dispensasjon vert senka

ved at kravet om at fordelane ved å gje dispensasjon må vere klart større enn

lempene etter ei samla vurdering, fell bort. Denne endringa kan føre til ei viss

auke i talet på dispensasjonssøknader som vert imøtekome. Det er likevel ikkje grunn til å anta at det vil bli ei vesentleg auke.

Som følgje av at vurderingane av fordeler og ulemper blir underlagt fritt skjønn, vil fylkesmannens prøving av kommunens vedtak bli innskrenka. Når klageinstansens kompetanse til å overprøve det frie skjønnet blir avgrensa, kan det føre til færre klager i saker der usemja berre gjeld de skjønnsmessige vurderingane av fordeler og ulemper. Endringa vil av same grunn også kunne føre til færre søksmål for domstolane.

--------------------------------Dette er starten på innstillinga (denne teksten skrivast ikkje ut)---------------------------------------------------Rådmannens framlegg til vedtak:

I tråd med departementets tilråding ønskjer Vinje kommune at følgjande endringar vert vedteke:

I lov av 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesakshandsaming vert det gjort følgjande endringar:

§ 8-1 nytt tredje ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrift om tekniske kvalitetskrav til regionale planer og om inndelingen av arealsoner.

§ 8-1 nåværende tredje og fjerde ledd blir fjerde og femte ledd.

§ 12-6 nytt andre ledd skal lyde:

Hensynssone hvor gjeldende reguleringsplan skal gjelde uendret, jf. § 11-8 tredje ledd bokstav f, kan ikke brukes i detaljregulering.

§ 19-2 andre ledd skal lyde:

Dispensasjon skal ikke gis dersom hensynene bak bestemmelsen det dispenseres fra, hensynene i lovens formålsbestemmelse eller andre nasjonale eller regionale interesser blir vesentlig tilsidesatt. Fordelene ved å gi dispensasjon må være større enn ulempene. Det kan ikke dispenseres fra saksbehandlingsregler.

§ 19- 2 fjerde ledd oppheves.

Nåværende femte ledd blir fjerde ledd.

II

I lov av 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) gjøres følgende endringer:

§ 35 femte ledd ska lyde:

Departementet kan gi forskrift om merking, måling og kartfesting av matrikkeleiningar, under dette om når måling og grensemerking kan utelatast.

§ 38 fjerde ledd oppheves

III

Loven gjelder fra den tid kongen bestemmer.

Handsaming i Plan- og miljøutvalet 19.08.2020:

Framlegget frå rådmannen blei samrøystes vedteke.