Forsiden

Høringssvar fra Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Dato: 01.09.2020

Høyring av forslag til endringar i plan- og bygningslova mv. (regional plan, dispensasjon m.m.)

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er regionrådet for kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes i Vestland fylke.

Samarbeidsrådet har vurdert forslag til endringar i plan- og bygningslova mv., sak nr. 19/5267, og gir følgjande fråsegn.

  • Samarbeidsrådet for Sunnhordland rår ifrå forslaget om tillegg i § 19-2 første ledd og oppheving av § 19-2 fjerde ledd.
  • Samarbeidsrådet for Sunnhordland støttar forslaget om endring i § 19-2 andre ledd.
  • Samarbeidsrådet for Sunnhordland sluttar seg til forslag om endring i pbl. § 8-1.
  • Samarbeidsrådet for Sunnhordland sluttar seg til forslaget om nytt andre ledd i § 12-6.

For kommunane i Samarbeidsrådet for Sunnhordland er det særleg endringane i dispensasjonsreglane som er relevant. Endringsforslaga gjeld:

  1. Fjerne kommunanes mynde til å gi dispensasjon i saker dersom «nasjonale og regionale interesser blir vesentleg sett til side», gjennom endring i § 19-2 første ledd.
  2. Senke terskelen noko for å gi dispensasjon i det som mindre betydningsfulle dispensasjonssaker.

Samanstilling av føresegnene i § 19-2 der det er foreslått endringar:

Gjeldande:

Departementets forslag:

1. ledd:

Dispensasjon kan ikke gis dersom hensynene bak bestemmelsen det dispenseres fra, eller hensynene i lovens formålsbestemmelse, blir vesentlig tilsidesatt.

1. ledd:

Dispensasjon kan ikke gis dersom hensynene bak bestemmelsen det dispenseres fra, hensynene i lovens formålsbestemmelse eller andre nasjonale eller regionale interesser blir vesentlig tilsidesatt.

2. ledd:

I tillegg må fordelene ved å gi dispensasjon være klart større enn ulempene etter en samlet vurdering.

2. ledd:

Fordelene ved å gi dispensasjon må være større enn ulempene.

4. ledd: Ved vurderingen av om det skal gis dispensasjon fra planer skal statlige og regionale rammer og mål tillegges særlig vekt. Kommunen bør heller ikke dispensere fra planer, lovens bestemmelser om planer og forbudet i § 1-8 når en direkte berørt statlig eller regional myndighet har uttalt seg negativt om dispensasjonssøknaden.

4. ledd: Opphevast.

***

Om forslag om endring i § 19-2 andre ledd

Samarbeidsrådet for Sunnhordland støttar forslaget om endring i § 19-2 andre ledd.

Regionrådet meiner forslaget om å mjuke opp § 19-2 andre ledd er positivt og vil medverke til å styrke kommunanes handlingsrom i dispensasjonssaker.

Det er også positivt at departementet i sitt høyringsnotat peikar på kva saker der endringa vil klargjere kommunanes mynde.

***

Om forslag om endring i § 19-2 fjerde ledd

Samarbeidsrådet for Sunnhordland rår ifrå forslaget om tillegg i § 19-2 første ledd og oppheving av § 19-2 fjerde ledd.

Gjeldande 4. ledd seier at kommunane skal legge «særleg vekt» på nasjonale rammer og mål. Og vidare at kommunane ikkje «bør» dispensere når ei direkte berørt statleg eller regional mynde har uttalt seg negativt.

Gjeldande 4. ledd blir foreslått oppheva, samstundes som tillegg i 1. ledd vil vere at kommunane ikkje kan gi dispensasjon dersom nasjonale og regionale interesser blir vesentleg tilsidesett.

Det er ikkje foreslått endringar i § 19-1. Denne føresegnas siste setning er: «Regionale og statlige myndigheter hvis saksområde blir direkte berørt, skal få mulighet til å uttale seg før det gis dispensasjon fra planer, plankrav og forbudet i § 1-8.»

Departementet viser i høyringsbrevet til at føresegna i fjerde ledd, andre punktum legg unødvendige avgrensingar på den kommunale sjølvråderett, og at departementet ønsker å styrke omsynet til den kommunale sjølvråderetten, parallelt med ei tydeliggjering av nasjonale og regionale interesser.

Vår klare vurdering er at forslaget om tillegg i § 19-2 første ledd og oppheving av § 19-2 fjerde ledd ikkje er ei tydeleggjering og understreking, slik departementet skriv, men vil i praksis unødvendig skjerpe inn kommunanes handlingsrom. Det å oppheva § 19-2, fjerde ledd, som er ein «bør»-paragraf, og erstatta den med «kan ikkje» i same paragrafs andre ledd, er ei klar innstraming av lovverket, som vil innebera at kommunane ikkje kan gje dispensasjon der det er vurdert at dei nasjonale eller regionale interessa blir vesentleg sett til side. Ei slik endring vil derfor klart ikkje styrke omsynet til den kommunale sjølvråderetten, men tvert i mot svekke dette omsynet vesentleg.

Regionrådet si meining er at omsynet og varetaking av nasjonale og regionale interesser i dispensasjonssaker er tilstrekkeleg tydeleg slik ordlyden i § 19-2, fjerde ledd er utforma i gjeldande føresegn.

I høyringsnotatet, punkt 4.2.4, tar departementet for seg kva som meinast med høvesvis nasjonale og regionale interesser:

«Med nasjonale interesser siktes det til mål og rammer som er kommet til uttrykk i lov eller forskrift, internasjonale forpliktelser for Norge, stortingsmeldinger, statlige planretningslinjer, statlige planbestemmelser og rundskriv.»

«Med regionale interesser siktes det til interesser som har kommet til uttrykk i regionale planbestemmelser eller regionale planer, jf. pbl. §§ 8-1 og 8-5.»

Det står vidare at «Mange saker etter plan- og bygningsloven kan bli ansett for å berøre nasjonale og regionale interesser.» Departementet listar opp at saker der nasjonale og regionale interesser typisk blir berørt er følgjande:

  • Saker i strandsona, langs sjø og vassdrag
  • Jordverninteresser
  • Naturmangfald
  • Friluftsliv
  • Landskapsomsyn
  • Kulturminne- og kulturmiljøinteresser
  • Forureining
  • Vassmiljøkvalitet
  • Klima
  • Helsemessige tilhøve, irekna miljøretta helsevern
  • Universell utforming
  • Barn og unges interesser
  • Hamn- og farvatnforvalting
  • Fiskeri
  • Samfunnstryggleik
  • Risiko og sårbarheit
  • Riks- og fylkesvegar
  • Trafikktryggleik
  • Jernbane
  • Forsvaret
  • Samiske kulturminne-, kulturmiljø- og landskapsinteresser
  • Samisk kultur og næringsutøving

Ein viser vidare til at spørsmålet om kva som er av nasjonal eller regional interesse, skal avgjerast av myndigheita som forvaltar denne interessa, jf. 4.3.1, side 24, jf. Ot.prp. nr 32 (2007-2008), side 191.

I mange saker herskar det tvil om kva som er av nasjonal og regional interesse. Opplistinga på side 19 i høyringsnotatet er i seg sjølv ein illustrasjon på dette. Det er rett og slett ikkje klare avgrensingar på kva som er å rekne som nasjonale og regionale interesser. Dette er ei utfordring som gjer seg gjeldande i ei lang rekke dispensasjonssaker, og er eit spørsmål det ofte kan herske tvil om.

Forslaget om tillegg i § 19-2, første ledd og oppheving av § 19-2, fjerde ledd vil føre til at kommunane ikkje kan gje dispensasjon dersom dei nasjonale og regionale interessa blir vesentleg sett til side. Det inneber i realiteten ei innskjerping av kommunane sine handlingsrom, samtidig som kommunane i realiteten ikkje veit kva tiltak som vil vera av vesentleg nasjonal eller regional interesse.

Vurderinga til Samarbeidsrådet for Sunnhordland er:

  • Omsynet til den kommunale sjølvråderetten i dispensasjonssaker må ivaretakast og styrkast. Forslaget om tillegg i § 19-2, første ledd og oppheving av § 19-2, fjerde ledd inneber i realiteten at ein fjernar ein føresegn i ein paragraf, for så å legga inn strengare føringar om same tema i ein anna paragraf. Dette vil klart svekke omsynet til den kommunale sjølvråderetten, og vil i praksis unødvendig skjerpe inn kommunanes handlingsrom. Dette er ikkje i tråd med departementet sin intensjon bak forslaget om lovendring.
  • Dagens lov stiller krav til kommunane om å «legge særleg vekt på» statlege og regionale rammer og mål, og at kommunen «ikkje bør» gi dispensasjon når statleg eller regional mynde har uttalt seg negativt. At nasjonale og regionale interesser er viktige omsyn som skal ivaretakast ved vurdering av dei lokale forholda i byggesaken, samt bidra til ein heilskapleg avveging mellom nasjonal, regional og kommunal arealpolitikk, er derfor tydeleg forankra i gjeldande § 19-2.
  • Vi er ueinig i departementets vurdering at forslaget om endringar i § 19-2 generelt sett inneber ei kodifisering av gjeldande rett, men tvert i mot vil innebere ei skjerping av dagens lov når det gjeld forslag om tillegg i § 19-2, første ledd og oppheving av § 19-2, fjerde ledd. På dette punkt vil lovendringa i realiteten ikkje berre føre til ei tydeleggjering av nasjonale og regionale interesser, men ei klar strengare føring på avveging av desse interessene. Dette vil igjen føre til ei innskrenking av kommunanes sjølvråderett, som ikkje synes å vere i tråd med omsynet bak forslag om lovendring.
  • Det er stadfesta gjennom odelstingsproposisjon at «definisjonsmakta», den som bestemmer om saka berører nasjonal eller regional interesse, er instansen som forvaltar interesseansvaret. Gjeldande § 19-2, første ledd og 19-2, fjerde ledd tar likevel ikkje ifrå kommunane mynde til å gi dispensasjon. Ny setning i § 19-2, første ledd, og oppheving av gjeldande § 19-2, fjerde ledd, vil derimot ta ifrå kommunane mynde til å gi dispensasjon dersom nasjonale eller regionale interesser blir vesentlig sett til side, fordi kommunens vurdering av om slike interesser blir berørt er irrelevant, sidan spørsmålet skal avklarast av instansen som forvaltar interesseansvaret. Dette synes ikkje å vere departementet sin intensjon med forslag om lovendring i § 19-2, første ledd og fjerde ledd.
  • Spørsmålet om kva som er statlege og regionale interesser er uavklart og uavgrensa, og inneber ei stor utfordring i handsaminga av dispensasjonssaker. Vi meiner det må utarbeidast ei klarare definisjon av kva dei nasjonale og regionale interessa faktisk er, og kva som skal til for at dei skal vurderast å vere vesentleg satt til side. Det er ikkje tilstrekkeleg at det i høyringsbrevet viser til strandsoneverdiar, friluftsliv eller landskapsomsyn, dersom ikkje dei nasjonale, regionale og kommunale instansar/ sakshandsamerar har den same forståinga av kva interesse det faktisk gjeld. Klarare definisjonar og kva kriterier som skal leggast til grunn i vurderingane vil gje meir føreseielege avgjerder.

Vedlegg