Forsiden

Høringssvar fra Alver kommune

Dato: 22.07.2020

Alver kommune er positve til dei endringane som er forslått for pbl § 19-2, men ønskjer å komme med nokre merknadar til høyringa.

Bakgrunn og føremålet for endring av lovteksten går tydeleg fram av høyringsnotatet, men etter vårt syn må det gå klarare fram av lovtekst eller forarbeida kva som skal vere relevante fordelar for ein tiltakshavar som skal søke om dispensasjon. I høyringa er det vist til at "tiltakshavers interesse i en fornuftig og hensiktsmessig utnyttelse og bruk av egen eiendom, må være relevant og kunne tillegges vekt...". Det må gå klarare fram kva fordelar dette er. I dei fleste saker vil dette være personlege forhold som den enkelte tiltakshaver ønskjer for seg og sin eigedom. Grensa for kva som er hensiktsmessige personlege forhold, sett opp mot andre personlege forhold, der det forsatt skal være en restriktiv praksis, må klargjerast dersom den foreslåte lovendringa skal ha noko reell verknad.

Det bør koma tydelege retningsliner for korleis fylkesmannen skal opptre ovanfor kommunane dersom lovendringa blir vedtatt, slik at ein sikrar det lokale handlingsrommet som er er bakgrunnen for lovendringa.

Alver kommune har ingen vesentlege merknadar til at ordlyden om statlege og regionale interesser vert lagt til i § 19-2 2.ledd. Dette er i dag vesentlege moment i ei dispensasjonsvurdering,