Forsiden

Høringssvar fra Marcus Johannessen

Dato: 19.08.2020

Høyringssvar til Forslag til endringar i Plan- og bygningslova m.v.

Det er med uro og undring eg registerer at Regjeringa vil fremje eit forslag til endringa av Plan og bygningslova som i realiteten framstår som ein omkamp om Stortinget sitt vedtak ang. Plan og bygningslova i 2016. Regjeringa marknadsfører framlegget frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet som ei styrking av lokalt sjølvstyre og modernisering av arealforvaltinga, men i realiteten er forslaget dessverre eit stort tilbakesteg for moderne planbasert arealforvalting, som er i strid med med lovverket sin intensjon og går på bekostning av andre fagdepartement si framtidige forvaltingsevne og Regjeringa sin eigen kontroll og utøvingseffektivitet.

Særleg er eg kritisk til forslaget om å utvide kommunane sin adgang til å gje dispensasjon frå arealplan, og dei svekka krava til å utøve dispensasjon, i kombinasjon med forslaget om kommunane sitt skjønn ikkje skal kunne rettsprøvast og Fylkesmannen si rolle som kontrollinstans er svært svekka. Til saman inneber dette ei potensielt svært sterk svekking av kvaliteten på både planprosess og og dispensasjonsprosess, ved at vedtekne planar vil reellt stå mykje svakare enn i dag, medan dispensasjonsprosessen i liten grad vil kunne etterprøvast.

Det er vanskeleg å ikkje sjå dette som ei betydeleg svekking av både demokratiet og rettsvernet innanfor planprosessen og arealforvalting i sin heilskap. Ein stor del av arealforvaltinga vil verte avskoren frå demokratisk innverknad, og for rettsleg prøving. Den såkalla styrkinga av lokalt sjølvstyre er då ikkje meir enn fagre ord, då det er opplagt at vanlege borgarar sitt høve til å medverke og etterprøve arealforvaltinga vil verte dramatisk redusert. Kommunane vil kanskje få eit større mynde på papiret, men når det kommunale skjønnet ikkje kan etterprøvast vil det opplagt vere slik at kommunalt byråkrati og forvalting i form av kompetanse og sakskjennskap vil kunne styre planprosessane i lukka rom fram mot politisk behandling. Offentligheita sitt høve til å ha innsyn og kjennskap til planprosessane vil vere svært avgrensa og ein risikerer at den langsiktige, demokratiske arealforvaltinga vert fortrengd av særinteresser si evne til å påverke kommuneadministrasjonen sitt høve til å legge føringar for kommunale vedtak.

Det er verdt å merke seg at Regjeringa også legg opp til å svekkje Staten ved fylkesmannen sin kontrollfunksjon. Dette er merkverdig, og det er vanskeleg å sjå dette som noko anna enn eit resultat av at særinteresser og helst økonomiske interesser har nått fram med sitt krav om å å gjere endringar som kan gje betre høve til å realisere økonomisk gevinst på bekostning av fellesskapseigedom utan hindringar i form av planverk eller Statleg etterprøving. Realiteten er i alle fall at arealforvaltinga vil verte svært sårbar for økonomisk påverknad, offentleg eller i lukka rom.

Taparane om dette skulle verte vedteke er natur, friluftsareal, landbruksareal, klima, miljø, artsmangfald, lokalt utvikling og norske borgarar. Endringane vil gje auka utbyggingspress, på kostnad av avgjerande viktige samfunnsverdiar som av ulike grunnar dessverre er svakt kvantifiserte eller vanskelege kvantifiserbare bedriftsøkonomisk, samfunnsøkonomisk eller finansielt. I eit langsiktig perspektiv vil svekka demokratisk kontroll med arealforvaltinga sette viktige samfunnsressursar i spel, og gjere nasjonale verdiar til eit lett bytte for internasjonal storkapital, på kostnad av lokalsamfunn si evne til berekraftig utvikling. Alt i strid med lovgivar sin uttalte intensjon i Plan- og bygningslova, Naturmangfaldslova, Forvaltingslova og Grunnlova §112.

Konsekvensen og konklusjonen kan ikkje vere noko anna enn at Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt framlegg må trekkjast frå vidare hamdsaming.

Helsing Marcus Johannessen