Forsiden

Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Referanse: 141391

Dato: 30.08.2020

NEI TIL LOVENRING

Ber om at kommunal og moderniseringsminister Nikolai Astrup og Regjeringa legg vekk forslaget til endring i plan og bygningslova som vil gjere det lettare å gje dispensasjonar frå vedtekne planar.

1. Er redd naturområde forsvinn.Arealendringar er den største trussel mot norsk natur,plantar og dyr.

2. Friluftsområde. Utbygging øydelegg folks nærnatur og ferdsel i strandsona.

3. Matjord forsvinn og svekka sjølvforsyning grunna dette.

4.Mindre demokrati og meir konflikt. Folk sine rettigheit til å bli høyrde blir innskrenka då den fell vekk i dispesasjonsbehandlinga. Konflikter oppstår mellom innbygger og utbygger når utbygger får fortrinn gjennom dispensasjon.

5. Planprosesser gjev politikere god kunnskap og med innspel frå administrasjon,innbyggar og organisasjonar. Ved dispensasjon tek politikere beslutning på eit tynt kunnskapsgrunnlag.

6. Folk,natur og matjordas rettsvern er i fare. Med dei føreslegne endringane blir det vanskeleg for Fylkesmannen å fremje innsigelse og domstolene nektast å prøve kommunas skjøn i dispensasjonssaker. Rettigheter folk har i dag blir borte og fagmyndigheter si muligheit til å sikre viktig natur og matjord blir svekka.

7. Plan og bygningslova sin intensjon står i fare.Den lova er tydeleg prat arealendringar skal skje gjennom plan. Om det blir muleg å gje utvida dispensasjon og ikkje lenger kun eit unntak, vil detteundergrave arealplanene legitimitet.

8.Fagfolk sine klare råd blir ikkje lytta til. Regjeringas forslag kjem til tross for at Riksrevisjonen i fleire rapportar dei siste åra peikar på at dispensasjon undergrev nasjonale målsetjingar. Rådet frå Riksrevisjonen og forskere er å styre gjennom plan.