Forsiden

Høringssvar fra Naustforeininga Nytt i Naust

Dato: 31.08.2020

Naustforeininga Nytt i Naust

Skogsvågvegen 34

5382 Skogsvåg Sangolt 31. august 2020

E-post: post@naust.org

Det Kongelege Kommunal- og Moderniseringsdepartement

Uttale til forslag til endringar i plan – og bygningsloven m.v.

Innleiing. Vestland fylke og den øvrige kyststripa vår har ein unik bygningskultur ( sjøbuer/naust/saltebuer/kaier/slippar osv ) knytt til marin næring langs kysten og innover i fjordarmane. Dette dreiar seg om ei tusen år gamal historie knytt til verdiskapning , busetnad og livskraftige lokalsamfunn. Store delar av bygningsmassen er verneverdig. Riksantikvaren og fylkeskommunen si kulturavdeling er svært bekymra for utviklinga av denne spesielle bygningsarven som «uheldigvis» i denne samanheng, men av naturlege årsaker, ligg plassert i 100meters-beltet. Riksantikvaren har uttalt at vern gjennom bruk er den einaste og viktigaste strategien for å sikre den historiske bygningsarven for framtida, sidan vernesektoren ikkje har tilstrekkeleg med økonomiske ressursar til vern/freding. Historisk bruk av desse bygningane er stort sett uaktuelt å vidareføre som følgje av endringar i næringsstrukturen langs kysten. Vi må difor oppdatera og modernisera bruken slik den harmonerar med tilhøva slik dei er i dag. Vi representerer nokre av eigarane av desse bygningane og vi arbeider for å sikre den fysiske delen av kystens kulturhistorie. Denne gamle bygningsmassen spelar ei viktig rolle knytt til 4 ulike tema :

  1. Kulturvernarbeid – er ein viktig del av oppgåvene til lokalsamfunna, kommunane og fylkeskommunen.

  2. Viktig for nærings- og lokalsamfunnsutvikling.

  3. Resirkulering og gjenbruk av bygningar : Det beste døme på den politisk prioriterte og vedtekne sirkulærøkonomien.

  4. Restaurering av gamal bygningsmasse styrkar lokal identitet, lokal kultur og særpreg.

Utfordringsbildet. I lag med dei fleste aktørar på dette feltet i distriktsnoreg meiner vi erfaringsmessig at lovverk, forskrifter og påfølgjande byråkrati er det største hinderet for å kunne ta desse bygningane i bruk. Prosessane knytt til bruksendring, ombygging og tilrettelegging for bruk er svært omstendelege og resurskrevjande. Lovverket er unødig komplisert og ein søknad om tiltak i 100meters-beltet kostar så mykje og tek så lang tid at folk flest av ressursmessige årsaker ikkje gir seg i kast med slike prosjekt. Samfunnsmessig er vi dermed komen i ein uheldig situasjon : Landet vårt misser årleg verdfull historisk kapital som følgje av eit stivbeint lovverk som er lite tilpassa landet vårt sine svært ulike geografiske og lokale vilkår. Lovverket sine forskrifter attspeglar ikkje at det nasjonale utfordringsbildet er svært geografisk differensiert : Svakt folketette område langs kysten med enorme sjøstrekningar og ditto stort press på lite strandareal langs det tett befolka Oslofjordområdet. Statlege planretningsliner frå 2011 skulle i teorien moderera og strukturera denne enorme spreiinga av ulike reelle interessemotsetningar i strandområda våre, men eit unødig komplisert lovverk og kommunane/fylkesmennene si praktisering av det, har ikkje bidrege til særleg utteljing av intensjonen bak denne kongelege resolusjonen.

At landet vårt er ulikt folkesett, har ulikt press og ulik geografi er ei viktig innleiande erkjenning i denne samanheng : Vi har store område med utglisningssamfunn langs kysten på Vestlandet der om lag all busetnad og næring ligg i 100meters- beltet. Mange av desse lokalsamfunna har gjerne ei felles utfordring : Nedgang i folketal og arbeidsplassar og dei kjempar for utvikling og overleving. Dagens utforming av lovverket inneber at alle initiativ som representerer eit tiltak i plan- og bygningsrettsleg forstand, er forbudt. Vilkåra for å få innvilga dispensasjon er svært krevjande og omfattande. Den gamle bygningsmassen som folk flest er opptatt av at skal overleve gjennom restaurering og ny bruk, vert ramma av det uoversiktlege lovverket innretta for spesialistar og det vert ofte oppfatta som ein trussel mot både lokalsamfunn og kulturarv her vest. Dette kompliserte, stramme lovverket og innretninga av dei ulike forvaltningsorgana sin rolle i den møysommelege søknadsprosessen er innretta på eit konfliktbilde som har si rot langs Oslofjorden/Sørlandet. Det er ikkje landet forøvrig tent med.

Vårt lag set difor stor pris på at departementet tek visse deler av plan og bygningslova opp til revisjon.

Det sentrale i desse endringane må vere å tilrettelegge plansida for å forenkle prosedyrar, dispensasjonskrav, avgiftsnivå og omstendeleg sakshandsaming knytt til bruksendring av eksisterande bygningar. Mange av desse husa har også kultur- eller lokalhistorisk verdi og dei er særleg viktig i samband med lokalsamfunnsutvikling som til dømes reiselivstiltak av ulike kategoriar. Gjenbruk av bygningar er også nemnd i FN sine bærekraftsmål som ei viktig målsetjing. Vi synest difor at forslag til formuleringar i § 12.6 og 19.2 er eit fornuftig tiltak for å opne opp på tiltakssida. Departementet må forøvrig også føreta ei kritisk vurdering om innrettinga av dagens plansoner er hensiktsmessig , sidan landet vårt har så ulikt press på strandområda. Ei plansone bør for eksempel kunne skjere tvers i gjennom ein kommune.

Dispensasjonar er ein naudsynleg og praktisk ventil i eit kvart lovverk. Den er naudsynleg fordi svært mange kommunar ikkje har oppdaterte kommuneplanar, kvalitativt gode planer eller temaplanar som rettar seg mot nemnde utfordringsbilde i strandsona med tanke på bygningsmiljø og viktige lokalsamfunnstiltak . Denne uheldige planstatusen generer i seg sjølve naturlegvis dispensasjonar. Kommuneplanarbeidet er kommunane sitt suverene ansvarsområde å gjennomføre. Problemet med svake eller mangelfulle kommuneplanar oppstår gjerne oftast i mindre kommunar med svak plankapasitet.

Vi har også eit bestemt inntrykk av kompetansen i kommunal sektor er svært ulik på dette kompliserte fagfeltet og til dels svak i mindre kommunar kva angår planjus og planfag. Det inneber gjerne også at dei ofte ikkje er i stand til å utarbeide gode nok planer eller bygge opp argumentasjon til å fatte kvalitativt gode nok vedtak i einskildsaker – vedtak som i ettertid held vatn i høve til uttale /klageorgana sin rolle og sitt ansvar. For mange kommunar vert signala frå fylkesmennene mht å innvilge dispensasjonar oppfatta så sterke at dei ikkje finn bryet verdt med å gå inn i dei problemstillingar som saka/søknaden reiser og avslår søknaden på generelt grunnlag.

Kommune og statlege organ som uttaler seg til eller klager på plan/søknad/dispensasjonar, må tydelegare utdjupe kva faktiske og reelle forhold som ligg bak den mykje brukte formuleringa « hensynet bak bestemmelsen blir tilsidesatt» . Rettsikkerheit vert ikkje godt ivareteke når søkjar /kommune ikkje får konkret innsyn i kva dette dreiar seg om, kva reelle vurderingar som ligg bak og eller kva vekting ulike hensyn har. Isærleg grad gjeld dette tiltak av ubetydeleg omfang eller der avviket er ubetydeleg. I dag vert det ofte berre slått fast at eit gitt tiltak strir mot nasjonale eller regionale interesser utan at det er muleg å få kjennskap til realitetane bak formuleringa. Vi meiner at P&B sine sin vurderingstema også bør setjast opp mot andre omsyn som til dømes lokalsamfunnsutvikling, næringstiltak, bustadføremål, bygningsvern m.m. .

Vi vil også nemne at når forvaltninga på kommune eller fylkesnivå ikkje finn fagleg eller juridisk grunnlag for å avslå ei sak, ofte nyttar seg som avslagsgrunn at saka vil skape «presedens» i ettertid for tilsvarande saker. Vi meiner at dette er tvilsam juridisk praksis. Forvaltninga har plikt til å gå inn i realiteten i den enkelte sak, drøfte denne og grunngje påfølgjande uttale eller vedtak.

Forvaltninga si innretning med settefylkesmenn i samband med klager bør kritisk gjennomgåast. Folk flest oppfattar dette som lite truverdig og tenker at det kan vere kopling mellom naboembete. Departementet får forøvrig ikkje tilgang på omfanget av - og innhaldet i klagene når klagene stoppar lokalt. Dette feltet er så viktig for folk og kommunar i kyststrøka at departementet bør sikre seg innsyn i dei ulike konfliktbilda mange av desse sakene representerer landet rundt. Generelt er det elles lite synfaringar i desse sakene av fylkesmenn/settefylkesmenn. Etter vårt syn er det ofte slik at ei synfaring kan rette opp det bildet av ein søknad som ei sakshandsaming har vanskar med å skildre.

Vurderingar av ulemper og føremonar knytt til den frie skjønsutøving bør leggjast til lokal forvaltning. Lokalt sjølvstyre er grunnlovsfesta og bør naturlegvis kome til uttrykk i så viktige saker for lokalsamfunnet. Det er vidare heilt openbert at tiltakshavar sine interesser /planer for å utnytte sin eigedom også bør vere ein del av avveginga. Departementet får etablere dei sikkerheitssystem som er naudsynlege for å hindre uheldig utbygging av strandsona med sikte på ivareta nasjonale hensyn i definerte pressområde.

Bruksendring av bygningar må forøvrig gjerast mykje enklare i høve til lovverk og prosess. Dette er tross alt bygningar som står på plassen og vi ynskjer at dei som følgje av endra tider utnyttast til andre og meir hensiktsmessige føremål. Våre medlemer opplever at lokalbefolkninga stort sett set pris på restaurering og bruksendring av eksisterande bygningar både for å sikre dei mot forfall og det det vert skapt noko nytt i lokalsamfunnet.

Som ein generell kommentar til desse endringsforslaga til slutt : Utover den gamle bygningsmassen som laget vårt først og fremst representerer, vil vi føye til at vi meiner at prosessen med etablering av bustadhus og næring i kystsamfunna vestafjells bør forenklast slik som lovforslaget legg opp til. Mange av kystsamfunna våre står ovanfor store sentraliseringskrefter og treng vekst, folk og utvikling.

Helsing

Sverre Sangolt

Leiar

Naustforeininga Nytt i Naust