Forsiden

Høringssvar fra Badr AS

Dato: 24.06.2020

Som plankonsulent blir eg ofte spurt om råd til søknad om dispensasjon eller korleis eit dispensasjonsvedtak skal sjå ut. Mi røynsle er at desse reglane er krevande sjølv for profesjonelle. Difor ser eg fram til at reglane blir forenkla og at dei regionale / statlege omsyna blir flytta til andre ledd, slik som føreslått.

Det er noko uklart om søknaden skal disponerast i samsvar med vedtaket. No står det at "søknaden skal grunngis" jfr. §19-1. I ei sak eg har no - Fylkesmannen i Vestland referanse 2020/4472 den 18.05.2020 - blir det vist til forvaltingslova §24 første ledd og §25 om grunngiving av vedtak. Men må søknaden etter §19-1 følge same disponering som sjølve dispensasjonsvedtaket? Slik eg les forvaltingslova sine reglar her, gjeld kravet til grunngivinga og dermed disponeringa av grunngivinga berre for vedtaket, ikkje for søknaden. Dette kan vere viktig, fordi ein del kommunar har også vanskar med å praktisere desse reglane, slik som i den konkrete saka eg viser til. Mitt forslag er at anten blir "grunngitt" tatt ut av §19-1, eller så må det presiserast at grunngivinga skal svare ut kriteria i §19-2 jfr. reglane i forvaltingslova §24 f.l. og §25. Poenget mitt her, er at sjølv kollegaer med lang fartstid får ikkje med seg dei to kriteria i rettanvendelsesskjønnet i §19-2 og difor bruker fleire omgangar i saker der det blir søkt om dispensasjon før dei får på plass ei god grunngiving. I ein del saker går også kommunar rett på byggeløyvet utan å gjere eit dispensasjonsvedtak. Dermed oppstår det sakshandsamingsfeil og saker tar unødig lang tid.

I høyringsnotatet blir det også vist til ot.prp. 32 (2007-2008) s. 242 om at endringar fortrinnsvis skal skje gjennom endring av plan. Dette er eit råd eg ofte prøver å gi, men som verken oppdragsgivarar (typisk utbyggarar eller planmyndighet) eller kommunar ser ut til å ta inn over seg. Det verkar lettare å søke / vedta dispensasjon enn å gjennomføre ei endring av arealplanen. Mitt synspunkt er at det med det strenge rettsanvendelsesskjønnet i dagens kapittel 19, er og skal vere lettare å endre arealplanen enn å søke dispensasjon, men at det blir oppfatta som meir komplekst pga. krav til oppstart og høyring før vedtak. Det er difor fint om departementet også kan sjå på om reglane for endring av arealplanar kan vere noko enklare. Jfr. §11-17 andre punktum, er det ikkje sikkert alle kommunar har delegert myndighet til å vedta endringar i kommune(del)plan, som er typisk der vi finn plankrav som er aktuelt i saker som den eg viser til over. Synspunktet mitt her, er at det må vere lettare å velge endring av arealplan enn å søke dispensasjon, fordi det gir betre sakshandsaming.

Forenkling av det strenge skjønnet i dagens §19-2 andre punktum er positivt, fordi det gjer det klarare at det er hensyna bak for eksempel plankrav eller ei byggegrense, som det er viktig å verne om, medan vurderinga av fordelar / ulemper uansett har karakter av eit skjønn som best kan løysast lokalt.