Høringssvar fra Noregs Ungdomslag

Høyringsinnspel - forslag til felles definisjonar og krav til dokumentasjon for teljande medlem og teljande lokallag i statlege tilskotsordningar for frivillige organisasjonar

Dato: 02.03.2016

Svartype: Med merknad

Noregs Ungdomslag (NU) viser til høyringsbrev, og sender med dette vår tilbakemelding. Vi vil innleiingsvis gje departementet ros for at de tek tak i problemstillinga med ulike definisjonar av dei same omgrepa, i eit ønskje om å forenkle kvardagen for organisasjonane.

Av dei tilskotsordningane NU nyttar seg av i dag, er det den nasjonale grunnstøtta til barne- og ungdomsarbeid gjennom Fordelingsutvalet og Frifond organisasjon gjennom LNU som er relevante for denne høyringsuttalen. Utover dette har vi fast tilskot frå Statsbudsjettet gjennom Kulturdepartementet og driftstilskot til teaterarbeid gjennom Kulturdepartementet/Teateralliansen.

I høyringsbrevet skriv de at de ønskjer ei vurdering av om definisjonane og krava til dokumentasjon er føremålstenlege, og nedanfor finn de NU sine vurderingar av forslaga.

Teljande medlem

Vi meiner både definisjonen og dokumentasjonskravet er føremålstenleg.

Teljande lokallag

Vi meiner at definisjonen ”laveste nivå av selvstendig, demokratisk enhet i organisasjonen” kan mistolkast. Vi har t.d. fleire lokallag i Noregs Ungdomslag som har aktivitetsgrupper som er sjølvstendige, demokratiske einingar i lokallaget. T.d. har Bondeungdomslaget i Oslo eige idrettslag, teaterlag, barnelag og songlag som med denne definisjonen vil bli vurdert som eigne lokallag.

Når det gjeld dokumentasjonskrav, meiner vi det vil vere svært uheldig å innføre eit krav om at lokallag må sende årsmøtereferat til sentralleddet. Dette vil vere eit dokumentasjonskrav som står i direkte motstrid mot regjeringa sitt ønskje om å forenkle reglar og redusere byråkrati. Svært mange organisasjonar har allereie innarbeidde rutinar om at laga sender årsrapport/årsmelding til sentralleddet kvart år. Ein årsrapport/årsmelding vil i svært mange tilfelle seie meir om at eit lag er operativt enn det ein årsmøteprotokoll gjer. Vi har inga tru på at det vil vere ressurssparande for laga å nytte dette som dokumentasjon. Som også Fordelingsutvalet peikar på i sin høyringsuttale, er det ikkje nødvendigvis slik at alle lokallag har gode rutinar for å skrive årsmøtereferat kvart år, og i mange tilfelle er også innhaldet i referata knapt. Eit slikt dokumentasjonskrav vil dermed kunne opplevast som at ein i tillegg får pålagt formkrav til sjølve årsmøtereferatet.

Særattestasjon

Det som er foreslått som felles spørsmål til særattestasjonen blir vurdert som greie og relevante spørsmål. Det er i denne samanheng verdt å minne om at slik særatteastasjonen er utforma, framstår ikkje innhaldet som krav til organisasjonen, men som spørsmål som skal svarast på for å gje tilskotsgjevar eit bilde av korleis organisasjonen har strukturert medlems- og kontingentsystemet sitt. 

Om implementering av omgrepa

Departementet legg opp til at endringane skal implementerast allereie i 2016. Dette vurderer vi som svært uheldig, sidan fleire tilskotsordningar forheld seg til grunnlagsår som no er historie. Vi foreslår difor at det blir innført ein overgangsfase som er lang nok til at organisasjonane har ei reell moglegheit til å tilpasse seg dei endringane som til slutt blir vedtekne.

 

Beste helsing
Noregs Ungdomslag
Marit Nerås Krogsæter
fungerande leiar

Eli Ulvestad
generalsekretær