Høringssvar fra Møre og Romsdal fylkeskommune

Høyring - forslag til innretning på havbruksfondet - Mellombels høyringssvar frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Dato: 15.02.2016

Svartype: Med merknad

Regional - og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune fatta følgjande samrøystes tilråding til fylkesutvalet i møte 02.02.2016:

Møre og Romsdal fylkeskommune støttar forslaget om å etablere eit havbruksfond som skal fordele kommunane og fylkeskommunane sin del av framtidige inntekter frå kapasitetsauke i oppdrett av laks og aure.

  1. Inntektene til fondet bør fordelast til alle kommunar med oppdrettsverksemd av matfisk av laks og aure i sjø uavhengig av om det området som kommunen ligg i faktisk får ei kapasitetsutviding eller ikkje.
  2. Bruk av lokalitets-MTB som fordelingsnøkkel mellom kommunar vil vere eit rettferdig og fornuftig val. Ein føresetnad må vere at berre MTB frå lokaliteter som faktisk inngår i selskapa sine driftsplaner blir medrekna i lokalitets-MTB til kommunane og totalt.
  3. Møre og Romsdal fylkeskommune frarår å nytte lokalitets-MTB som fordelingsnøkkel mellom fylkeskommunar. Konsesjons-MTB angir produksjonskapasiteten i fylket mykje betre og vil vere ein betre og meir rettferdig fordelingsnøkkel enn lokalitets-MTB.
  4. Møre og Romsdal fylkeskommune tilrår ein modell med utbetaling frå fondet med ein gong. Dersom ein annan modell blir valt, tilrår Møre og Romsdal fylkeskommune at det vert oppretta eit eige havbruksfond.

Høyringa skal opp til endeleg behandling i fylkesutvalet den 29.02.2016. Vedtak fatta av fylkesutvalet blir ettersendt så snart det føreligg.