Høringssvar fra Radøy kommune
Uttale - forslag til innretning på havbruksfondet.
Radøy kommune definerer seg som oppdrettsvenleg kommune. Me er ein av dei større oppdrettskommunane i Hordaland, og me har gjennom kommuneplanen lagt til rette sjøareal med gode lokalitetar for oppdrett, og me fører ein god dialog med aktørane i oppdrettsnæringa.
Radøy kommune ønskjer at me som vertskommune skal få meir att for å vera vertskommune, og for å styrkja matproduksjonen i oppdrettsnæringa. Radøy kommune sluttar seg til høyringsuttalen som Nettverket for kyst- og fjordkommunar har gitt den 6. januar 2016.
Formannskapet i Radøy gav i møte den 20. januar ordføraren fullmakt i å senda denne høyringsuttalen.
Manger, 9. februar 2016.
Radøy kommune
Jon Askeland
Ordførar