Høringssvar fra Tysnes kommune
Forslag til innretning på havbruksfondet - samla saksframstilling
SAMLA SAKSFRAMSTILLING
Tysnes kommune
Arkivsak : Arkivkode: |
16/88 630 |
- |
Sakshandsamar: Steinar Dalland
Handsamingar:
Utvalsaknr. Utval Møtedato
PS 4/16 FORMANNSKAPET 20.01.2016
PS 23/16 KOMMUNESTYRET 02.02.2016
FORSLAG TIL INNRETNING PÅ HAVBRUKSFONDET - HØYRING
Vedlegg: |
1. Høyringsframlegg frå Det Kongelige Nærings- og Fiskeridepartement dagsett 10.12.15 2. Høyringsuttale frå NFKK og Sjømat Norge dagsett 06.01.16 |
SAKSUTGREIING:
Nærings- og fiskeridepartementet har 10. desember f.å. sendt framlegg til innretning av havbruksfondet til høyring, høyringsfristen er sett til 18. februar.
Bakgrunnen for saka er at Næringskomiteen i si innstilling til Meld. St.16 (2014-2015) – Havbruksmeldinga – i si innstilling til meldinga gav uttrykk for at kommunar og fylkeskommunar skal få 80 % av inntektene som føl nye konsesjonar og utviding av eksisterande. Komiteen legg vidare opp til at desse inntektene skal fordelast gjennom eit havbruksfond.
I realiteten inneber dette at kommunane ikkje fekk gjennomslag for sitt prinsipale syn om etablering av ei arealavgift, løysinga inneber likevel at kommunane får inntekter frå konsesjonsavgifta, og gjennom innretninga vert desse inntektene fordelt med ein innretning som er forankra i arealbruk.
Høyringsnotatet frå departementet er oversikteleg og godt og drøftar i hovudssak følgjande problemstillingar:
- Fordelingsnøklar mellom kommune og fylkeskommune, mellom kommunar og mellom fylkeskommunar.
- Storleik og frekvens på utbetalingar frå fondet.
- Administrasjon av fondet.
Under notatet punkt 4 drøfter departementet ulike avgrensingar og premissar. Punkt 4.1 avgrensar fondet til dei kommunar og fylkeskommunar som har oppdrett av laks, aure eller regbogeaure i sin sjøareal. Dette er ei rimeleg avgrensing og inneber at kommunar med landbaserte anlegg ikkje vil ha tilsvarande krav mot fondet, desse kommunane har då også mindre ulemper med verksemda og kan i større grad samstillast med anna næringsverksemd.
Me merkjer oss også punkt 4.3 der departementet held utanfor kapasitetsauken på eksisterande løyver. Tysnes kommune meiner sjølvsagt at dette bør gå inn i fondet og fordelast etter same prinsipp som seinare utvidingar og nye konsesjonar.
Under punkt 4.4 vert det avklart at inntekter frå framtidige kapasitetstildelingar bør fordelast på alle fylkeskommunar og kommunar som har oppdrettsverksemd, uavhengig av om desse ligg i område der kapasiteten på konsesjonsnivå vert auka opp. Dette er eit viktig prinsipp og inneber at også kommunar som historisk har vore flinke til å tilretteleggja for havbruk får sin del av dei inntektene som kjem inn gjennom nye konsesjonar. På denne måten kan me sei at det her er ei konsesjonsavgift som vert fordelt heilt eller delvis med utgangspunkt i prinsippa for ei arealavgift.
Punkt 5 i høyringa gjev nokre dømer på kor store verdiar som kan verta fordelt basert på nokre teoretiske føresetnader. Tabell 2 viser at kommunen sine årlege inntekter faktisk kan verta større gjennom ei konsesjonsavgift enn gjennom ei årleg arealavgift tilsvarande 17 øre per kilo. Rådmannen er litt skeptisk til dei føresetnadene som er lagt til grunn i det utsagnet, men ut frå at føresetnadene til Næringskomiteen opnar for ei slik avgift er det ikkje noko grunnlag for å gå inn i ei slik drøfting.
Under punkt 6 i høyringa vert ulike fordelingsnøklar drøfta, det vert overordna lagt til grunn at staten skal ha 20 % av konsesjonsinntektene, fylkeskommunane får 10 % og kommunane får 70 %. Fordelinga mellom stat og kommunesektor er frå Næringskomiteen føresett å vera 80/20 og det er neppe hensiktsmessig å gå inn i ei drøfting av dette. Det er vel heller ikkje urimeleg at fylkeskommunane får 10 % av desse inntektene då dei også legg ein del premissar for kommunane sin arealbruk.
Det er fornuftig at fordeling av inntektene mellom kommunane tek utgangspunkt i lokalitets-MTB[i]. Det gjev eit rettare bilete over tid enn om ein skulle gått ut frå fordeling etter faktisk bruk av lokalitets-MTB. Dersom ein hadde gått inn for sistnemnde løysing ville det vorte meir komplisert og uføreseieleg opp mot krav om brakklegging med vidare, ikkje minst når me tenkjer på at konsesjonstildeling skjer kvart anna år. Tysnes kommune har samla 1,18 % av den samla lokalitets-MTB i Noreg. Det vert også drøfta andre fordelingsnøklar, men me bør gje vår tilslutning til departementet si tilråding på dette punkt
Departementet ber vidare om tilbakemelding frå høyringsinstansane på kor vidt den økonomiske innretninga gjev kommunane tilstrekkeleg incentiv til å klargjera nye områder for havbruk. I utgangspunktet gjeve ein ordning med utbetaling etter lokalitets-MTB også vera eit gulrot for utlegging av nye områder for å oppretthalda eller auka kommunen sin relative del av utbetalingane frå fondet. For å styrka kommunane sin motivasjon ytterlegare kan eventuelt ein mindre del av fondet gå til dei kommunane som legg ut nye områder, ein slik del bør likevel ikkje vera større enn maks 10 %.
Under punkt 6.2.7 opnar departementet for at utbetaling kan gjerast til regionråd og at desse då kan bli samd om fordeling mellom kommunar som er tilknytt rådet. Eit slik løysing vert berre tull og tøys, det er svært vanskeleg å sjå at det skal kunna verta noko meir enn uhensiktsmessig administrasjon av ordninga
Under punkt 6.4 drøfter departementet korleis den praktiske utbetalinga frå fondet skal vera. Den modellen som gjev minst «svinn» gjennom statleg administrasjon og renteinntekter er ein ordning med direkte utbetaling til kommunane. Rådmannen meiner at denne ordninga ivareteke Tysnes kommune sin interesse på best mogleg vis og legg til at kommunen sjølv er i stand til å ivareta sitt tarv.
Norsk Nettverk for Kyst- og Fjordkommunar (NFKK) og Sjømat Norge har samarbeidd om ei felles høyringsuttale i saka. Tysnes kommune er som kjent medlem av NFKK og tidlegare ordførar Kjetil Hestad har hatt ei sentral rolle i høve NFKK sitt arbeid i denne saka.
Uttalen som er skrive og ligg som vedlegg i denne saka dekker godt inn Tysnes kommune sine syn slik dei er drøfta ovanfor i dette saksframlegget. Det kan såleis vera naturleg at me sluttar oss til denne felles uttalen framfor å gje ein heilt eiga uttale.
INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN:
Tysnes kommune er positive til at det no er laga høyringsframlegg knytt til innretninga av Havbruksfondet, me har von om at saka vert handsama utan vidare tap av tid.
Tysnes kommune stiller seg bak felles uttale frå Nettverket for Fjord og Kystkommunar og Sjømat Norge.
FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 20.01.2016:
I samsvar med innstilling.
HANDSAMING I KOMMUNESTYRET 02.02.2016:
Representanten Kjetil Hestad sette fram slikt framlegg til tillegg til høyringsuttalen.
« Tysnes kommune vil nytta ei inntekt frå Havbruksfondet til medfinansiering av ei utbygging/ombygging av Tysnes skule på Gjerstad.»
Ordføraren gav uttrykk for at Høgre ikkje ønksjer å binda opp kommunen sitt handlingsrom her, og meiner at pengane også kan nyttast til andre føremål slik som næringsutvikling med vidare.
Representanten Magnar Solheim meinte at me her bør halda oss til høyringsframlegget og ikkje gå inn i disponering av pengane per tidspunkt.
Representanten Kjetil Hestad trakk sitt framlegg.
VEDTAK I KOMMUNESTYRET 02.02.2016:
I samsvar med framlegg frå formannskapet.