Høringssvar fra Samarbeidsrådet for Sunnhordland

UTTALE TIL HØYRING AV FRAMLEGGET TIL INNRETNING PÅ HAVBRUKSFONDET

Dato: 11.02.2016

Svartype: Med merknad

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er regionrådet for kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. I møte 10 februar drøfta regionrådet høyringsnotatet «Havbruksfond» og har følgjande kommentarar:

Det er svært positivt at det no kjem ei ordning der kommunane som stiller areal til oppdrettsnæringa vert kompensert for dette. Samarbeidsrådet er nøgde med dei incentiv ordningane som er skissert. Samarbeidsrådet meiner at inntektene frå framtidig kapasitetstildelingar bør fordelast på alle fylkeskommunar og kommunar som har oppdrettsverksemd, uavhengig av om fylkeskommune/kommune ligg i eit område der kapasiteten på konsesjonsnivå vert auka, redusert eller vert uendra.

Samarbeidsrådet meiner at den beste fordelinga mellom kommunane er å nytta lokalitets-MTB. Ein slik fordelingsnøkkel er enkel å forholda seg til og sikrar at kommunar med mest oppdrett også får større del av inntektene. Den legg også inn incentiv for å legge til rette for nye lokalitetar.

Samarbeidsrådet meiner at MTB for stamfisk lokalitetar skal reknast inn i grunnlaget for fordeling av midlar frå fondet.

Samarbeidsrådet går også inn for at fylkeskommunane skal tildelast midlar etter lokalitets MTB.

Samarbeidsrådet meiner at utbetalingane frå fondet bør vera årlege.

 

 

 

 

 

Samarbeidsrådet meiner at det mest effektive og lønsame må vera at inntektene vert fordelt etter ein fordelingsnøkkel med lokalitets -MTB og at midlane vert utbetalt til kommunane og fylkeskommunar så snart midlane er komen inn. Det bør ikkje opprettast ein eigen administrasjon for å forvalta midlane.

 

Vedlegg