Forsiden

Høringssvar fra Vennesla senterparti

Konsesjonsloven må sikre familiejordbruket

Dato: 04.09.2016

Svartype: Med merknad

Regjeringa har sendt ut på høring eit utkast til endring av konsesjonsloven, jordloven og odelsloven

Merknader frå Vennesla senterparti:

  1. Konsesjonsloven må utformast slik at ein kan vidareføre det familiedrivne jordbruket i Norge. Priskontrollen må sikre at unge kan skaffe seg eit gardsbruk til ein pris som samsvarar med verdien av driftsgrunnlaget til eigedommen. Den norske modellen med privat og lokalt eigarskap har vist seg å fungere.
  2. Arealgrensa på 25 dekar fulldyrka jord for konsesjon, bu- og driveplikt må oppretthaldast for å sikre ein tenleg og variert bruksstruktur. Mange delar av landet er slik «konstruert» at det ikkje ligg an til store bruk. Gjeldande arealgrense sikrar samfunnsnyttig bruk av mindre landbrukseigedommar til t.d. frukt- og grønsakdyrking og som kombinasjonsbruk med andre yrke. Alternativet kan fort bli fritidseigedom med hestebeite. Gjengroing og tap av kulturlandskap kan vere ein konsekvens av å heve grensa. Ei slik endring kan også svekke busettinga i grisgrendt strøk.
  3. Bu- og driveplikta må oppretthaldast. Loven må ikkje opne for AS-jordbruk.
  4. Å tillate kjøp av tilgrensande tilleggsjord konsesjonsfritt kan opne for spekulasjonsoppkjøp med tanke på å få hand om areal til bustader og næringsbygg. Det same gjeld framlegget om å kunne kjøpe konsesjonsfritt etter 5 års leige. Derfor må loven tette alle smutthol som gjer det muleg å kjøpe opp landbruksjord som eit langsiktig investeringsobjekt med tanke på andre formål enn matproduksjon.
  5. Konsesjon og priskontroll på skogeigedommar må ikkje opphevast. Det vil på sikt uthole konsesjonsloven generelt. Med ei slik endring vil mange jord- og skogeigedommar kunne seljast utan konsesjonsplikt eller priskontroll. Ved å omgå regelverket trinnvis kan ein slakte eigedommen, kvitte seg med jorda, og doble eller mangedoble prisen.
  6. Grensa for priskontroll må ikkje hevast frå 2,5 til 3,5 millionar slik regjeringa foreslår. Det er heilt feil å samanlikne gardsprisar med bustadprisar i bynære strøk. Ein del kjøparar kalkulerer med å kunne selje ut jord til bustad- eller næringstomter. Ei slik endring vil samtidig slå uheldig ut i grisgrendte delar av landet ved at det lokale eigarskapet blir svekka. Jf. pkt. 4.
  7. Konklusjon:
  • Avviklinga av adelen og det at vi ikkje har selt jord og skog til utanlandske interesser, har vore avgjerande for samfunnsutviklinga og demokratiet i Norge.
  • Odelsloven og konsesjonsloven med bu- og driveplikt er eit viktig verktøy for å sikre at jord og skog i Norge er fordelt på mange, små eigarar heller enn på få og store. Skal vi leve av naturressursane våre etter oljealderen, må vi ha eit lokalt eigarskap for å sikre at folk kan bu der verdiane blir skapt.
  • Jord og skog er attraktive investeringsobjekt både for kapitalsterke enkeltpersonar, AS og fond, ikke minst i usikre tider. Vi må lære av korleis utviklinga har vore i land som har opna for storskala oppkjøp av jord.

 

Vedlegg