Forsiden

Høringssvar fra Kviteseid kommune

Svar frå Kviteseid kommune

Dato: 23.09.2016

Svartype: Med merknad

Hovudutvalet for samfunnsutvikling og teknisk drift har vedtatt følgjande merknader til høringsnotatet (utvalssak 24/16 i møte 06.09.2016):

Til punkt 1.2.1 og kap.2:

I følgje landbruksplanane og landbruksregisteret er det 324 landbrukseigedomar i Nissedal og 498 i Kviteseid. Hovudmengda i begge kommunane har mindre enn 50 dekar jordbruksareal og mindre enn 500 dekar produktiv skog. Forslaget kan få vesentleg negativ konsekvens for busetnaden. Det er lite truleg at det vil få vesentleg fleire eigedomar på sal. Dette bygger på erfaringar over tid frå fleire tiltak for å få eigedomar som står tome på sal.

Til punkt1.2.2. og kap.3:

Priskontroll er nyttig for dei som skal inn i landbruket for å drive og for dei som skal kjøpe tilleggsareal. Vi ønskjer at skogressursane, som er viktig for sysselsetting og busetting på landbrukseigedomane i vår kommune, framleis skal vere det. Om hogsten i stor grad blir utført av entreprenørar er det fleire som gjer kulturarbeidet sjølv delfinansiert med skogfond og tilskot.  Jakt- og hytteutleige/utbygging knytt til skog- og utmarksareala er også viktig.

Til punkt 1.2.4 og kap.5:

Vi erfarer at spreidd utbygging i skog gir driftsmessige ulemper for skogbruket og grunnlag for konfliktar. Utbygging inntil jordbruksareal kan medføre driftsmessige ulemper for jordbruket. Det må uansett søkast om delingsløyve i samsvar med plan- og bygningsloven. Søkaren sender bare denne eine søknaden også i dag, og endringa vil derfor ikkje gjere det enklare for søkaren. Vi meiner at dagens reglar er viktige for å ivareta jord- og skogbruksinteressene. Vi meiner at driftsulempene for skogbruket er undervurdert.

Til punkt 1.2.5 og kap.6:

Vi er einig i at reglane om driveplikt i liten grad blir følgd opp og i endringane, bortsett frå heilt å fjerne kravet til varighet. Vi meiner at det i staden bør reduserast frå 10 til 5 år av omsyn til drivarane, men med unntak der det er nødvendig av omsyn til drifta og drivaren.