Forsiden

Høringssvar fra Voss kommune

Uttale frå Voss kommune, Utval for næring- og tiltaksarbeid sak 21/16

Dato: 19.09.2016

Svartype: Med merknad

Vedtak

  1. Voss kommune støttar ikkje regjeringa sitt forslag om å endra arealgrensene i konsesjonslova og odelslova. Dette er med på å opne opp marknaden for kjøparar med andre motiv enn landbruksdrift, ein auka fritidsbusetnad på gardane og på sikt ei fråflytting frå bygdene. Ein høg prisauke kan og gjera det vanskeleg for unge nye bønder å kome inn i landbruket.
  2. Voss kommune stør regjeringa sitt framlegg om å få priskontrollen i konsesjonslova som ei forskrift, noko som vil tydeleggjera reglane betre.
  3. Voss kommune stør ikkje regjeringa sitt framlegg om å utelate skogseigedomar i priskontrollen i konsesjonslova. Skogseigedomane høyrer naturleg inn under landbruksregelverket med omsyn til forvalting. Det kan òg bidra til ei uheldig utvikling av eigedomsstrukturen med omsyn til skogseigedomar.
  4. Voss kommune ynskjer å ha reglane om priskontroll ved overtaking av eigedom utan hus, slik som dei er i dag.
  5. Voss kommune ynskjer ikkje ei endring av §12 i jordlova som vil gjera unnatak for eigedomar som ynskjer å dela frå tun og selja resteigedomen til naboeigedom. 
  6. Voss kommune ynskjer ikkje eit unntak i §12 i jordlova som opnar for å skilje frå tomter til bustadhus, fritidshus og naust under 2 daa som ikkje ligg på jordbruksareal.
  7. Voss kommune ynskjer ikkje ei endring i §8 i jordlova i høve kravet til 10-årige leigekontraktar, driftsmessige gode løysingar og mynde til kommunen ved å leiga vekk jord som ikkje har vorte drive.
  8. Voss kommune stør regjeringa sitt forslag om at eit vedtak om tilbakebetaling av tilskot er tvangsgrunnlag for utlegg.

Vedlegg