Høringssvar fra Hjartdal kommune
Svar på høyring av forslag til lov om endring av lov om konsesjon, lov om jord og lov om odelsrett og åsetesretten
Svartype:
Med merknad
Hjartdal kommune har handsama høyring av forslag til endring av lov om konsesjon, lov om jord og lov om odelsrett og åsetesretten i Formannskapet 5.9.2016 i sak 053/16. Det blei fatta følgjande samrøystes vedtak:
FOR-053/16 VEDTAK:
Hjartdal kommune har handsama forslag til lov om endring av lov om konsesjon, lov om jord og lov om odelsrett og åsetesretten.
Hjartdal kommune vil gje følgjande uttale til Landbruks- og matdepartementet
- Hjartdal kommune rår i frå forslag til å heve grensa for konsesjonsplikt ved erverv av bebygd eigedom frå 25 til 35 dekar.
- Hjartdal kommune stør forslaget om å auke grensa for priskontroll for bebygd eigedom til 35 dekar, samt å unnta skog frå priskontroll, og går inn for alternativ 2 når det gjeld ubebygd eigedom.
- Hjartdal kommune er positiv til å dele i frå tunet på inntil 5 dekar, så fremt resten av eigedomen blir seld som tilleggsjord, men det bør vere konsesjon dersom tilleggsjorda oppfyller krava til konsesjon i konsesjonslova.
- Hjartdal kommunen rår i frå at det skal vere mogleg å dele i frå tomter utan jordlovshandsaming på inntil 2 dekar til bustad, fritidsbustad og naust. Så lenge det framleis er naudsynt med handsaming etter plan- og bygningslova kan ikkje Hjartdal kommune sjå at dette forslaget vesentleg vil styrke grunneigars råderett over eigedomen. Tomter til utbygging bør avklarast i kommuneplanen.
- Hjartdal kommune kan ikkje sjå at det samla sett vil bli særleg mindre byråkrati og sakshandsaming i kommunen av dei endringane som er foreslått.