Forsiden

Høringssvar fra Meland kommune

Høyringssak - forslag til endring av konsesjonslova, jordlova og odelslova

Dato: 22.09.2016

Svartype: Med merknad

«Kommunestyret i Meland kommune syner til Landbruks- og matdepartementet sitt høyringsnotat Forslag til endring av lov om konsesjon ved erverv av fast eigedom (konsesjonsloven) mv.,lov om jord (jordlova) og lov om odelsretten og åsetesretten(odelslova) dagsett 27.juni 2016 har følgjande uttale:

Kommunestyret i Meland kommune:

·          støttar at avgrensing i beløpsgrense knytta til priskontroll vert fastsett i eige forskrift og at arealgrense for priskontroll vert teke inn i konsesjonslova.

·          frårår å heve arealgrensa for konsesjonskrav, odelsrett og buplikt frå 25 til 35 dekar full- og overflatedyrka jord.

·          støttar forslaget om oppheving av kravet om priskontroll på reine skogeigedomar og å oppretthalda kravet på eigedomar med skog og meir jordbruksareal enn konsesjonsgrensa (25/35 dekar full- eller overflatedyrka jord).

·          støttar departementet sitt forslag til forenklingar knytta til overdraging av eigedom/areal som tilleggsjord til naboeigedom.

·          støttar departementet sine forslag til endring i driveplikta forutan å fjerna kravet om 10 års leigeavtale for å oppfylle driveplikta ved bortleige.

·          frårår departementet sitt forslag om endringar knytta til deling av landbrukseigedom etter jordlova.»