Forsiden

Høringssvar fra Nissedal kommune

Svar frå Nissedal kommune

Dato: 23.09.2016

Svartype: Med merknad

Svaret blei vedtatt av formannskapet den 15.09.2016 i sak 124/16.

Til høringsnotatet punkt 1.2.1 og kap.2:

I følgje landbruksplanane og landbruksregisteret er det 324 landbrukseigedomar i Nissedal og 498 i Kviteseid. Hovudmengda i begge kommunane har mindre enn 50 dekar jordbruksareal og mindre enn 500 dekar produktiv skog. vi meiner at forslaget kan få positive konsekvensarfor busetnaden. det er truleg at det kan få fleire eigedomar på sal.

Punkt 1.2.2 og kap.3:

Me stør framlegget til endringane føreslege om priskontroll. Me foreslår alternativ 2: berre priskontroll for eigedomar med meir enn 35 dekar dyrka mark.

Punkt 1.2.3 og kap.4:

Me stør framlegget til endringane om deling, konsesjon og tilleggsjord.

Punkt 1.2.4 og kap.5:

Me stør framlegget til endrigane om frådeling av tomter unnateke det som gjeld utbygging inntil jordbruksareal.

Til punkt 1.2.5 og kap.6:

Me stør framlegget til endringar om driveplikt.