Forsiden

Høringssvar fra Bømlo kommune

Høyringssvar. Forslag til lov om endring av lov om konsesjon, lov om jord og lov odelsretten og åsettesretten

Dato: 19.09.2016

Svartype: Med merknad

Det Kongelige Landbruks- og Matdepartement

Postboks 8007 Dep

0030 Oslo

                                                                                                                                                

 

 

 

 

 

HØYRINGSFRÅSEGN. FRAMLEGG TIL LOV OM ENDRING AV LOV OM KONSESJON, LOV OM JORD OG LOV OM ODELSRETTEN OG ÅSETTESRETTEN

 
   

 

 

Formannskapet i Bømlo kommune handsama framlegg til lov om endring av lov om konsesjon, lov om jord og lov om odelsretten og åsettesretten i møte 6.09.16 sak 61/16. Det vart samrøystes gjort slikt vedtak i samsvar med rådmannen si tilråding:

 

Bømlo kommune viser til saksutgreiinga og rår frå at arealgrensa for konsesjonsplikt ved kjøp av bebygd eigedom vert heva frå 25 dekar til 35 dekar.

 

Bømlo kommune ser positivt på at jordlova og konsesjonslova vert endra slik at tilhøva vert enklare for sal og kjøp av tilleggsjord.

 

For å stetta kravet om driveplikt i jordlova bør  hovudregelen  vere at slike avtalar skal ha ein periode på 10 år, men at spesielle omsyn (nærare presisert i ei forskrift)  kan opne for kortare avtalar. 

 

Kopi av saksutgreiinga ligg ved

 

 

 

Med helsing

Bømlo kommune

 

 

Njål Gunnar Slettebø

Landbrukssjef

Dette brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Saksutgreiing til folkevalde organ

 

Dato:

Arkivref:

01.07.2016

2009/1821-17138/2016 / 640

 

Saksbehandlar: Njål Gunnar Slettebø

53 42 31 32

njal-gunnar.slettebo@bomlo.kommune.no

 

           

 

Sak nr i møte

Utval

Møtedato

61/16

Formannskapet

06.09.2016

 

HØYRING. FRAMLEGG TIL LOV OM ENDRING AV LOV OM KONSESJON, LOV OM JORD OG LOV OM ODELSRETTEN OG ÅSETTESRETTEN

Saksprotokoll i Formannskapet - 06.09.2016

 

Vedtak:

Formannskapet gjorde samrøystes vedtak i samsvar med rådmannen sitt framlegg.

--- slutt på saksprotokoll ---

 

 

 

Rådmannen sitt framlegg til vedtak:

Bømlo kommune viser til saksutgreiinga og rår frå at arealgrensa for konsesjonsplikt ved kjøp av bebygd eigedom vert heva frå 25 dekar til 35 dekar.

 

Bømlo kommune ser positivt på at jordlova og konsesjonslova vert endra slik at tilhøva vert enklare for sal og kjøp av tilleggsjord.

 

For å stetta kravet om driveplikt i jordlova bør hovudregelen vere at slike avtalar skal ha ein periode på 10 år, men at spesielle omsyn (nærare presisert i ei forskrift)  kan opne for kortare avtalar. 

                                            

 

                                                   --- slutt på innstilling ---

 

Dokument i saka:

Høyringsbrev frå det kongelige landbruks- og matdepartementet datert 27.06.2016

 

Bakgrunn for saka:

I brevet frå departementet står det:

«Arealgrense for konsesjon og odel

Departementet foreslår å heve arealgrensene for konsesjonsplikt ved erverv av bebygd eigedom og lovbestemt boplikt frå 25 til 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord. Tilsvarende foreslår departementet i tråd med Stortingets anmodningsvedtak nr. 487 å heve arealgrensen for odlingsjord frå 25 dekar til 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord. Endringene som er i tråd med Stortingets vedtak, innebærer at færre eiendommer enn i dag vil bli omfattet av konsesjonsplikt, og at færre eiendommer vil være gjenstand for boplikt. Endringen innebærer dessuten at færre eiendommer vil kunne odles.

 

Priskontroll etter konsesjonslova:

Departementet foreslår i tråd med Stortingets anmodningsvedtak nr. 485 en hjemmel for forskrift i konsesjonsloven slik at beløpsgrenser fastsettes i forskrifts form, ikke som i dag gjennom rundskriv. Departementet mener at arealgrensene bør lovfestes.

 

Departementet foreslår i tråd med Stortingets anmodningsvedtak nr. 488 at priskontroll ved erverv av rene skogeiendommer oppheves. Forslaget innebærer at om lag 7 400 eiendommer unntas fra priskontroll dersom de selges utenfor familien eller odelskretsen.

 

Stortingets anmodningsvedtak nr. 490 gjelder etter sin ordlyd erverv av bebygd og ubebygd eiendom med både jord og skog. Departementet oppfatter at Stortingets vedtak er begrunnet ut fra et ønske om at skogen kan unntas fra priskontroll, men at det skal være priskontroll ved erverv av de øvrige ressursene på slike "kombinerte" eiendommer med både jord og skog.

Ved erverv av bebygd eiendom med både jord og skog foreslår departementet i kapittel 2 i tråd med Stortingets anmodningsvedtak nr. 486 at gjeldende arealgrense for konsesjonsplikt på 25 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord heves til 35 dekar. Konsekvensen av denne endringen er at det ikke vil bli priskontroll ved slike erverv. I kapittel 3.4.2.4 foreslår departementet som en oppfølging av Stortingets anmodningsvedtak nr. 490 dessuten at dagens arealgrense på 500 dekar for priskontroll ved erverv av skog skal sløyfes ved erverv av bebygd eiendom med både jord og skog. Det betyr at spørsmålet om priskontroll bare blir avhengig av om eiendommen består av mer enn 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord. De to forslagene innebærer samlet at om lag 18 000 eiendommer unntas fra priskontroll hvis de selges utenfor familien eller odelskretsen.

 

1.2.3 Deling, konsesjon og tilleggsjord

Departementet foreslår regler om unntak fra delingsbestemmelsen og unntak fra konsesjonsplikt for å stimulere til salg av tilleggsjord og -skog.

 

Forslaget om unntak fra delingsbestemmelsen er betinget av at eier deler fra tun på ikke mer enn fem dekar, og selger resten av eiendommen til en som erverver den som tilleggsjord eller -skog til egen eiendom. Gjelder ervervet jordbruksareal, må eiendommen arealet legges til være i drift. Den som erverver tilleggsarealet må enten være eier av tilgrensende eiendom, eller hvis ervervet dreier seg om jordbruksareal, ha leid eller forpaktet arealet i minst fem år forut for ervervet. I begge tilfeller må den eiendommen erververen har fra før være over en viss størrelse, i lovutkastet er dette knyttet til arealgrensene for odlingsjord, jf. odelsloven § 2.

Departementet ber imidlertid høringsinstansene om innspill til hvor denne grensen bør legges, for eksempel på 5 dekar jordbruksjord eller 25 dekar produktiv skog.

 

1.2.4 Fradeling av tomter

Departementet foreslår en regel om unntak fra søknadsplikten etter delingsbestemmelsen i jordloven § 12 for ubebygde tomter ikke over 2 dekar til bolig, fritidshus eller naust. Forslaget kommer i tillegg til Stortingets anmodningsvedtak nr. 489 om å lempe på delingsbestemmelsen. Forslaget er begrunnet ut fra et ønske om å for å bidra til forenkling av regelverket, redusere byråkratiet og gi den enkelte bonde større råderett over egen eiendom i tråd med det som er sentrale mål i Sundvolden- plattformen. Unntaket gjelder kun på areal som ikke er jordbruksareal (fulldyrka jord, overflatedyrka jord eller innmarksbeite).

 

1.2.5 Driveplikt

Departementet foreslår flere endringer i jordloven § 8 som gjelder driveplikt for eiere avjordbruksareal.

Departementet foreslår å oppheve kravet om at leieavtalen skal vare i minst 10 år. Et lovbestemt vilkår om varighet i 10 år kan være gunstig for enkelte husdyrprodusenter som har behov for en langsiktig tidshorisont for eksempel ved bygging av driftsbygninger. Vilkåret er imidlertid en uheldig binding av avtalefriheten ved andre produksjoner, for eksempel grønnsaksproduksjon der produksjonen er avhengig av vekstskifte. Departementet mener at regelverket bør åpne for større fleksibilitet. Videre foreslår departementet å oppheve kravet om at leiejord skal være tilleggsjord til annen landbrukseiendom, og dermed også at avtalen skal føre til driftsmessig gode løsninger. Kravet om at leieavtalen skal være skriftlig, opprettholdes. Det foreslås at eieren får en plikt til å sende kopi av leieavtalen til kommunen.

Departementet foreslår også å oppheve departementets (kommunens) myndighet til å inngå avtale om bortleie av jord når pålegg om bortleie, tilplanting eller andre tiltak ikke

etterkommes.

 

Vurderingar:

Arealgrense for konsesjon og odel

Fylkesmannen landbruksavdelinga har rekna på at det er 140 landbrukseigedomar i Hordaland som har mellom 25-35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord, men er mindre enn 100 dekar totalt, og dermed ikkje vil vere konsesjonspliktige etter denne endringa.

Heller ikkje her på Bømlo vil endringa føre til at så mange bruk blir fritekne for konsesjon. Dei fleste landbrukseigedomane har utmarksareal i tillegg til innmarksarealet slik at dei vil vere konsesjonspliktige på grunn av at samla areal er over 100 dekar.

 

Høyringsframlegget er laga etter oppmoding frå næringskomiteen på Stortinget. Fleirtalet i komiteen ynskjer at priskontrollen og arealgrensa på landbrukseigedomar først og fremst skal gjelde for landbrukseigedomar med potensial for næringsverksemd. Mindre bruk med mindre innteningspotensiale skal ikkje ha same krav til konsesjon, priskontroll og buplikt. Desse eigedomane skal kunne omsetjast i den frie marknaden. Målsettinga er å motivere eigarane av småbruk til å selja eigedomane slik at nye eigarar kan overta. Dette vil kunne medverke til at det vert investert i vedlikehald av bygningane og innmarksareal på småbruk.

 

Det uheldige i forslaget er at nokre landbrukseigedomar også på Bømlo vil ha så lite areal at dei kan omsetjast som fritidseigedomar. Dette vil kunne svekke busetjinga ute i krinsane og meir jordbruksareal vil kunne verte liggjande unytta. Sjølv om endringa ikkje direkte vil gjelde så mange bruk i Bømlo så er det uheldig at arealgrensa i konsesjonslova vert heva. Me vil difor rå til at denne arealendringa i konsesjonslova og odelslova ikkje vert godkjent.

 

Priskontroll etter konsesjonslova:

Ved kjøp av bebygde eigedomar med både jord og skog er det i dag priskontroll dersom eigedomen har meir enn 25 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord eller meir enn 500 dekar produktiv skog. Har eigedomen bustadhus med ein brukbar standard er det ikkje priskontroll dersom kjøpesummen er under 3,5 mill. kroner.

Forslaget no er at reine skogeigedomar med meir enn 500 dekar produktiv skog ikkje skal ha priskontroll

 

Fleirtalet i næringskomiteen på Stortinget meiner at det er viktig å fjerne priskontrollen på skogeigedomar for å få meir naturlig omsetjing av skogeigedomar i Norge. Dei meiner at fjerning av priskontroll vil auka avverkinga i skogbruket og gjere heile næringa meir konkurransedyktig. I høyringsnotatet er det peika på at manglane omsetjing av skogeigedomar har konsekvensar for heile verdikjeda i form av låg avverking og manglane satsing på utvikling av « grøn industri» og bruk av biomasse. Dei fleste bruk på Bømlo har både jord og skog og difor vil ikkje denne endringa gjelde så mange eigedomar her i kommunen.

 

Deling, konsesjon og tilleggsjord

Departementet ønsker at sal av tilleggsjord skal bli enklare. Det skal vere unntak frå delingsforbodet i jordlova til frådeling av tunet på inntil 5 dekar når resten av bruket vert seld som tilleggsjord. Det skal også vere unntak frå konsesjonsplikt ved ervervet. Kjøpar av tilleggsarealet må enten være eigar av tilgrensande eigedom, eller ha leigd arealet i minst fem år.

 

For å styrka dei aktive bruka som har mange leigejorde så er det positivt at tilhøva vert lagt betre til rette for kjøp av tilleggsjord.

 

Driveplikt:

I jordlova § 8 er det i dag krav om 10 år bortleige dersom ein ikkje driv bruket sjølv. I framlegget vil ein oppheve krav om at leigeavtalane skal vere på 10 år. Dette meiner me er uheldig . Alle som skal leige areal treng ein avtale som sikrar at dei kan nytta jorda i fleire år før dei vil ta kostnadene med t.d. inngjerding, grøfting, rydding m.m. Hovudregelen bør vere at slike avtalar skal ha ein periode på 10 år, men at spesielle omsyn (nærare presisert i ei forskrift)  kan opne for kortare avtalar. 

 

Oppsummering og konklusjon:

Landbruks- og matdepartementet har sendt forslag til lov om endring av lov om konsesjon, lov om jord og lov om odelsretten og åsetesretten på høyring. Høyringsfristen er 26.09.16.

 

Auke i arealgrensa i konsesjonslova vil føre til at nokre færre eigedomar i Bømlo vil vere konsesjonspliktige og nokre færre eigedomar vil ha buplikt. Målsettinga er å motivere eigarane av småbruk til å selja eigedomane slik at nye eigarar kan overta. Dette vil kunne medverke til at det vert investert i vedlikehald av bygningane og innmarksareal på småbruk. Det uheldige i dette forslaget er at nokre fleire landbrukseigedomar også på Bømlo vil ha så lite areal at dei kan kjøpast som reine fritidseigedomar utan buplikt. Dette vil kunne svekke busetjinga ute i krinsane og faren for at jordbruksareal vert liggjande unytta vil auke. Me rår difor til at denne arealendringa i konsesjonslova og odelslova ikkje vert godkjent.

 

For å styrka dei aktive bruka som har mange leigejorde så er det positivt at tilhøva vert lagt betre til rette for kjøp av tilleggsjord.

 

For å stetta kravet om driveplikt i jordlova §8 bør hovudregel vere bortleige på 10 år, men at spesielle omsyn( nærare presisert i ei forskrift) kan opne for kortare avtalar.