Forsiden

Høringssvar fra Radøy kommune

Forslag til endring av lov om konsesjon ved erverv av fast eigedom (konsesjonsloven) mv., lov om jord (jordlova) og lov om odelsretten og åsetesretten (odelslova) dagsett 27.juni 2016

Dato: 26.09.2016

Svartype: Med merknad

Radøy kommune syner til Landbruks- og matdepartementet sitt høyringsnotat «Forslag til endring av lov om konsesjon ved erverv av fast eigedom (konsesjonsloven) mv., lov om jord (jordlova) og lov om odelsretten og åsetesretten (odelslova) dagsett 27.juni 2016, og har følgjande uttale:

Radøy kommune:

  • støttar at avgrensing i beløpsgrense knytt til priskontroll vert fastsett i eige forskrift og at arealgrense for priskontroll vert teke inn i konsesjonslova.
  • frårår å heva arealgrensa for konsesjonskrav, odelsrett og buplikt frå 25 til 35 dekar full- og overflatedyrka jord.
  • støttar forslaget om oppheving av kravet om priskontroll på reine skogeigedomar og å oppretthalda kravet på eigedomar med skog og meir jordbruksareal enn konsesjonsgrensa (25/35 dekar full- eller overflatedyrka jord).
  • støttar departementet sitt forslag til forenklingar knytta til overdraging av eigedom/areal som tilleggsjord til naboeigedom.
  • støttar departementet sine forslag til endring i driveplikta, forutan å fjerna kravet om 10 års leigeavtale for å oppfylla driveplikta ved bortleige.
  • frårår departementet sitt forslag om endringar knytt til deling av landbrukseigedom etter jordlova.