Høringssvar fra Vaksdal kommune
Melding om vedtak - Høyringssvar til framlegg om endring i konsesjonslova, jordlova og odelslova
Svartype:
Med merknad
Vaksdal kommune rår til at regelverket om konsesjonsplikt i konsesjonslova og delingssamtykke etter jordlova, i hovudsak vert vidareført som no:
- Oppretthalde dagens arealgrense på 25 daa fulldyrka/overflatedyrka jord for å søkje om konsesjon ved erverv av landbrukseigedommar.
- Oppretthalde dagens priskontroll for eigedommar med hus som består av både jord og skog.
- Vidaføre dagens priskontroll for reine skogeigedommar.
- Oppretthalde plikta til å søkje delingssamtykke etter jordlova og plikta til å søkje konsesjon dersom ervervet gjelder jord eller skog som skal leggjast til ein annan landbrukseigedom for å styrkje drifta av denne.
- Oppretthalde plikta til å søkje delingssamtykke etter jordloven og plikta til å søkje konsesjon etter konsesjonslova dersom ervervet gjeld tomt til bolighus, fritidshus eller naust.
Vaksdal kommune går ikkje i mot å oppheve vilkåret om at leigeavtale ved bortleige av jordbruksjord må vare i minst 10 år, men peikar på verdien av å ha langsiktige tilhøve for leigetakar.
Tilrådingane frå kommunen er gjort med omsyn til lokale landbruksinteresser, med vekt på omsetjing av eigedomar, priskontroll og driftsmessige forhold, i tillegg lokal busetjing. Vurdering og grunngjeving går fram av sakshandsaminga.