Høringssvar fra Volda kommune
Høyring - Forslag til lov om endring av lov om konsesjon, lov om jord og lov om odelsretten og åsetesretten
Svartype:
Med merknad
Volda kommune v. forvaltningsstyret viser til høyringsnotat datert 27.06.16 om endringar i konsesjonslov, jordlov og odelslov, og har slike merknader til forslaget:
- Ei auke av arealgrensene for konsesjon, odel og buplikt frå 25 da jordbruksareal til 35 da, vil ha store konsekvensar for Volda kommune som har mange mindre eigedomar i utkantbygder som er truga av fråflytting. Forvaltningsstyret går difor imot ei slik endring.
- Unntak frå deling etter jordlova for ubebygde tomter, bør ikkje gjelde på produktiv skogsmark, sidan dette kan føre til at skogbruksinteressene ikkje vert teke tilstrekkeleg omsyn til.
- Driveplikt etter jordlova. Det bør setjast krav om minimum 5 år skriftleg leigekontrakt ved bortleige. Dette av omsyn til føreseielege vilkår for dei som er avhengig av leigejord i drifta.