Forsiden

Høringssvar fra Ulvik herad

Vedtak i heradsstyret i Ulvik herad 21.9.2016

Dato: 26.09.2016

Svartype: Med merknad

Heradsstyret i Ulvik fatta den 21.9.2016 fylgjande vedtak:

HST- 047/16 Vedtak:

Samrøystes vedtak:

1.      Ulvik herad støttar ikkje regjeringa sitt forslag om å endra arealgrensene i konsesjonslova og odelslova. Dette er med på å opne opp marknaden for kjøparar med andre motiv enn landbruksdrift, ein auka fritidsbusetnad på gardane og på sikt ei fråflytting frå bygda. Ein høg prisauke kan og gjera det vanskeleg for unge nye bønder å kome inn i landbruket.

2.      Ulvik herad støtter regjeringa med å få priskontrollen i konsesjonslova som ei forskrift, noko som vil tydeleggjera reglane betre.

3.      Ulvik herad støtter ikkje regjeringa med å utelate skogseigedomar i priskontrollen i konsesjonslova. Skogseigedomane høyrer naturleg inn under landbruksregelverket med omsyn til forvalting. Det kan òg bidra til ein uheldig utvikling av eigedomsstrukturen med omsyn til skogseigedomar.

4.      Ulvik herad ynskjer å ha reglane om priskontroll ved overtaking av eigedom utan hus, slik som dei er i dag.

5.      Ulvik herad ynskjer ikkje ei endring av §12 i jordlova og unntak for eigedomar som ynskjer å dela frå tun og selja resteigedomen til naboeigedom.

6.      Ulvik herad ynskjer ikkje eit unntak i §12 i jordlova for tomter under 2 daa som ikkje ligg på jordbruksareal.

7.      Ulvik herad ynskjer ei endring i §8 i jordlova om kravet til 10-årige leigekontraktar, driftsmessige gode løysingar og mynde til kommunen ved å leiga vekk jord som ikkje har vorte drive.

8.      Ulvik herad støttar regjeringa sitt forslag om at eit vedtak om tilbakebetaling av tilskot er tvangsgrunnlag for utlegg.

 

Vedlegg