Forsiden

Høringssvar fra Midsund Kommune

Høyringssvar frå Midsund Kommune

Dato: 08.09.2016

Svartype: Med merknad

Samrøystes vedtak i Naturbruksnemnda - 01.09.2016

Midsund kommune syner til det utsende høyringsdokumentet på ei rekkje lovendringar i regulering av omsetning og drift av landbrukseigedomar .

 

I høyringsdokumentet er det i liten grad gjort greie for kva effekt dereguleringane vil ha og kva den samfunnsmessige verknaden vil bli.

For Midsund kommune vil lovendringane svekke driftsgrunnlaget for det næringsmessige jordbruket og svekke busetjinga.

 

 

Vurdering:

 

Odelsloven og åsetesloven.

 

Heving av grensa for odlingsjord,eigedomar som kan odlast,frå 25 da fulldyrka/overflatedyrka jord til 35 da vil gjere eit stort tal eigedomar odelsfrie. I Midsund vi ldette omfatte ein el. Stor del av landbrukseigedomane.

 

Odelslova og åsetesloven er privatrettslege lover som regulerer tilhøvet mellom arvingar/odelsrettshavarar. I odels og åsetesloven er prisfastsettinga på odlingsjord regulert.

Ved heving av grensene for odlingsjord og samstundes heve konsesjonsgrensene,vil den ev. prisdempande effekten av odelsloven bli svekka.

 

Jordloven

 

I Midsund kommune er over 70 % av jordbruksareala leigejord. Dersom det ikkje vert sett krav om leigetid,10 år, vil effekten av driveplikta falla bort. Det kan vanskeleg investerast i driftsapparat og jord dersom driftsgrunnlaget ikkje er sikra gjennom leigeavtaler som har ei viss lengde. Vidare vil driftsgrunnlaget for aktive bruk bli svekka dersom det ikkje vert sett krav om at jord skal leigast ut som tilleggsjord.

 

Lovendringa vil ha ein negativ verknad for det næringsmessige jordbruket i kommunen.

 

Unntaket for søknadsplikt ved frådeling av ubebygde tomter vil medføre mindre fokus på drifts og miljømessige tilhøver i landbruksområda sjølv om dette kan regulerast gjennom Plan og bygningsloven.

 

Fritak for søknadplikta ved erverv av tilleggsjord medfører at ein ikkje har samfunnsmessig kontroll av driftstilhøva og vil medføre eit kontrollproblem for kommunane.

Ein kan ikkje sjå at dette vil medføre særleg forenkling av sakshandsaminga.

 

Konsesjonsloven

 

Endringa i konsesjonloven er tilpassa endringane i jordlov og odelslov.

Heving av konsesjongrensene på jordbruksareal vil medføre at eit rel. stort tal eigedomar ikkje vert underlagt priskontroll og dette vil truleg medføre prispress på større eigedomar.

 

Framlegga til lovendringar deregulerer omsetjinga/forvaltninga av landbrukseigedomar.

Lovendringane vil ha ein negativ innveknad for det næringsmessige landbruket og kan svekke kommunane sin kontroll oer m.a. busetjinga.

Vedlegg