Forsiden

Høringssvar fra Ål kommune

Høyringssvar - Framlegg til endringar i konsesjonslov, jordlov og odelslov

Dato: 22.09.2016

Svartype: Med merknad

Det kongelige landbruks- og matdepartement
Postboks 8007 Dep.
0030 OSLO

 

Vår ref.                                                                         Dato
16/01516-6                                                                   20.09.2016

Melding om vedtak: Framlegg til endringar i konsesjonslov, jordlov og odelslov - høyring

Ål kommunestyre behandla saka i møte 15.09.2016, sak 41/16, og gjorde følgjande vedtak: 

Kommunestyret sitt vedtak:
Ål kommune rår ifrå å endre konsesjonslova, jordlova og odelslova på følgjande punkt:

Arealgrensa for konsesjon, buplikt og odel
Endringsframlegget vil på sikt sannsynlegvis svekke busetjinga i Ål. Dette fordi 63 landbrukseigedomar i kommunen (14%) ligg i sjiktet 25 til 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord. Med endringa vil desse miste den personlege buplikta. Ål har 0-konsesjon, og slektskapsunntaket er oppheva, men oppfølging av buplikt etter plan- og bygningslova er generelt mindre effektivt og meir byråkratisk enn lovbestemt, personleg buplikt.

Ål ligg i eit område av landet der gjennomsnittseigedomen har lite dyrkamark, men store, attraktive fjelleigedomar. Ved sal på den opne marknaden kan landbrukseigedomar utan buplikt og med attraktive fjelleigedomar raskt koma svært høgt i pris. Det vil i mange tilfelle vera til hinder for at potensielle kjøparar som har busetjing og drift som føremål med ervervet får tilslag på eigedomen.

Priskontroll
Med det framlegget som ligg føre blir det lett å omgå regelverket. Dermed set ein i praksis heile priskontrollen ut av funksjon.

Høgare etterspurnad etter skog- og jordbrukseigedomar til andre føremål enn drift kan føre til bodkrigar og aukande prisar på landbrukseigedomar. Aktive gardbrukarar og unge som ynsker å kjøpe landbrukseigedom for busetjing og eventuelt drift vil ofte vera dei som fyrst ryk ut i slike bodkrigar. Det er uheldig for vekst og utvikling i Ål.

Unntak frå delingsbestemmelsen i jordlova og unntak frå konsesjonsplikta I Ål er driftsforma med få unntak husdyrhald. Vinterfôr skal fraktast til driftssenteret og husdyrgjødsla skal ut på enga. Tilleggsjord langt unna driftssenteret er difor både drifts-, miljø- og klimamessig uheldig. Med framlegget til lovendring mistar kommunane mogelegheita til å følgje opp målet i jordlova om driftsmessig gode løysingar i landbruket.

Det er uheldig å innføre unntak frå søknadsplikt etter delingsbestemmelsen i jordlova for ubebygde tomter under to dekar utan jordbruksareal. Frådeling av slike tomter utan jordlovsbehandling kan føre til oppdeling av landbruksområde. Det kan fort få utilsikta konsekvensar både i form av driftsulemper og konfliktar mellom nærings- og fritidsbruk. Plan- og bygningslova åleine er ikkje tilfredsstillande reiskap for å styre delingar i landbruksområde. 

Driveplikt
Ål kommune meiner det vil skape problem for folk som ynskjer å satse på landbruk dersom styresmaktene fjernar kravet om at leigeavtaler for jordbruksareal skal gjelde for 10 år. Fleire stuttvarige leigeavtalar kan dempe investeringslysta og –mogelegheita I ein husdyrkommune som Ål.

Ny eller utvida driftsbygning er for mange den største investeringa dei gjer i løpet av bondekarrieren sin. Med mykje husdyrhald og lang vinter er mogelegheita for å byggje tenlege driftsbygningar svært viktig for landbruket i Ål.

Anna
Ulik ordlyd i konsesjons- og odelslova når det gjeld arealgrenser skapar forvirring og gjev rom for ulik tolking. Ved endring av lovteksten bør odelslova få same ordlyd som konsesjonslova.


Med helsing

Bjørg Torsteinsrud
fagkonsulent landbruk

Godkjent og ekspedert utan underskrift

 

Vedlegg:  Saksframlegg til kommunestyresak 41/16

Vedlegg