Forsiden

Høringssvar fra Tinn kommune

Høyringssvar til forslag om endringar i konsesjonsloven m.m.

Dato: 26.09.2016

Svartype: Med merknad

Uttalen bygger på Tinn kommunestyres tidlegare uttale vedr. forslag om å oppheve konsesjonsloven, men er avgrensa til å gjelde dei mest sentrale problemstillingane i herverande høyring.

Statistikken viser at store skogeigedomar har høgare tømmeravverking enn små. Kven skal så leve av denne skogbruksaktiviteten? Skal vi ha ein politikk som legg til rette for at skoginntektene i størst mogleg grad skal bli i bygda og gje lokale bønder høve til å vere med å skape levande bygder?   I så fall må vi ha ein konsesjonslov som gjer det mogleg for lokale bønder å kjøpe tilleggsskog til ein pris som kan forsvarast ut frå avkastinga av eigedomen – og som gjer det vanskeleg å selje skog til utanbygds investorar til overpris.

Etter mange års venting har det endeleg opna seg ein sjanse for lokale bønder i Tinn til å kjøpe areal frå Statskog som verdifullt tillegg til eigne gardsbruk.  Med dagens lovverk er det interessant for Statskog å prioritere slike løysingar, og det har vi alt sett gledelege resultat av.  Oppheving av priskontroll på reine skogeigedomar kan skape vanskar for vidareføring av denne prosessen.

I ei fjellbygd som Tinn er det mange gardsbruk som ikkje har meir enn 35 dekar eige fulldyrka eller overflatedyrka areal.  Resten må dei leige.  Dersom ein gjennomfører forslaget om å oppheve priskontrollen på desse bruka, vil dette omfatte ein betydeleg andel av dei gardane som er i aktiv drift i Tinn. Det vil kunne innebere ei vesentleg kapitalbelastning for dei som vil inn i næringa eller vidareutvikle den verksemda dei alt driv på garden.

Konklusjon:

Tinn kommune rår ifrå at arealgrensene for konsesjon, buplikt og odel hevast frå 25 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord til 35 dekar.

Tinn kommune rår ifrå at priskontrollen  blir oppheva på reine skogbrukseigedomar.

Tinn kommune rår ifrå at priskontrollen  blir oppheva på bebygde eigedomar som består av både jord og skog, og som har mindre enn 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord.

Tinn kommune rår ifrå at det innførast unntak frå jordlovbehandling og konsesjonsbehandling dersom areal skal seljast som tilleggsareal til annan landbrukseigedom for å styrke denne. Dette vil medføre at priskontrollen fjernast for alle desse erverva, og omsynet til kva som gjev driftsmessig gode løysingar vil ikkje lenger bli vurdert.

For øvrig viser vi til kommunestyrets uttale18.12.2014 til departementets forslag om å oppheve konsesjonsloven og buplikta som understrekar kor viktig det er å framleis ha eit lovverk som ivaretek landbruket som næringsveg og lokaliseringsfaktor i våre distrikt.

 

 

Vedlegg