Forsiden

Høringssvar fra Hjelmeland kommune

HØYRING - FORSLAG OM LOV OM ENDRING AV LOV OM KONSESJON, LOV OM JORD, OG LOV OM ODELSRETTEN OG ÅSETESRETTEN

Dato: 23.09.2016

Svartype: Med merknad

Formannskapet - 088/16:
Dei føreslegne endringane om auka arealgrenser og oppheving av priskontroll er i motstrid med Hjelmeland kommune si målsetjing om å styrke landbruket, ta vare på produksjonsmiljø og flest mogleg gardsbruk. Det vil truleg ha ein negativ effekt både i forhold til busetting og i forhold til ei aktiv drift av landbruksareal i store deler av resten av landet og Hjelmeland kommune rår i frå desse endringane i odelslova og konsesjonslova.
Konsekvensane av endringsforslaga er for dårleg utgreid før dei vart sende ut på høyring. Hjelmeland kommune vil likevel kommentera enkelte av dei føreslegne endringane.
Hjelmeland kommune støttar forslaget om å fastsette nedre beløpsgrense for priskontroll for bebygde eigedommar med eit brukande bustadhus i forskrift.

Hjelmeland kommune går i mot forslag om fritak frå behandling etter jordlova og konsesjonslova ved frådeling av tun og sal av tilleggsjord. Kommunen meiner at forslaget vil gi konsekvensar i motstrid med dei kommunale målsetjingane for landbruket og i motstrid med føremålet i konsesjonslova og jordlova.

Hjelmeland kommune støttar forslaget om unntak frå jordlovsbehandling for oppretting av tomter til fritidsbustad, bustadhus og naust. Føresetnaden må vera at det framleis skal vera krav om behandling etter plan-og bygningslova for desse sakene.

Hjelmeland kommune støttar eit forslag om kortare leigetid enn 10 år, men at ein bør ha krav til minst 5 års leigetid. Vidare går ein i mot forslaget om å ta bort vilkåret om at jorda skal vera tilleggsjord til annan landbrukseigedom. Hjelmeland kommune støttar forslaget om krav til skriftleg kontrakt som skal sendast kommunen, og støttar forslaget om tvangsgebyr i staden for at kommunen skal kunne leiga ut areal som ikkje er i drift for eigaren.

Vedlegg