Forsiden

Høringssvar fra Fylkesmannen i Vestland

Dato: 30.07.2019

Svartype: Med merknad

Høyringsuttale - forslag til ny barnevernslov

Fylkesmannen i Vestland viser til høyringsnotat av 4. april 2019 frå Barne- og likestillingsdepartementet (nå Barne- og familiedepartementet) om forslag til ny barnevernslov.

Først vil vi gi nokre generelle merknader.

Vi støtter intensjonen i forslaget om å styrke barnet sin rettsstilling og barneperspektivet i lova. Det er viktig å forklare kva barneperspektivet er, og at det i stor grad handlar om medverknad eller helst samarbeid med barnet. Vi meiner på bakgrunn av våre tilsynserfaringar at dei endringane som tek sikte på å verne barna er særleg viktige. Det er og riktig at omsynet til barnets beste vert ytterlegare styrka og presisert. Forslaget gir barnet ei sterkare og tydelegare stilling. Men vi meiner det bør arbeidast vidare med forslaget på nokre punkt. Vi ber også om at bruk av ord kritisk blir gjennomgått. Ord som åtferd, plassering og behandling er ord som bør erstattast med andre.

Vi vil i det følgjande komme med utdjupande kommentarar til enkelte deler av forslaget.

Kapittel 5 Formål, verkeområde og grunnleggjande reglar

5.2

Vi er einige i at det vert lovfesta at barnets beste er det overordna rettslege prinsippet i barnevernslova, og oppfattar det som ein styrking av barnets beste. Vi trur at forslaget vil gjere det tydelegare for dei som praktiserer regelverket å forstå kva som er styrande for avgjersler og vedtak. Vi meiner ut i frå våre erfaringar at dette er nødvendig fordi vi framleis ser mange avgjersler som ikkje tar utgangspunkt i barnet.

Utvalet foreslo i NOU 2016:16 å lovfeste moment som tenestene skal ta omsyn til ved si vurdering av barnets beste. Vi støttar utvalet i at det er behov for å konkretisere barnets beste, og at vesentlege moment i vurderinga bør gå fram av lova. På bakgrunn av erfaringar meiner vi det framleis er uklart for mange korleis dei skal gjere den konkrete barnets beste-vurderinga. Dersom momenta går direkte fram av lova, vil det kunne gje nødvendig hjelp til tenestene i denne vurderinga. Momenta treng ytterlegare konkretisering, og vi meiner det kan skje i retningslinjer slik departementet foreslår.

Vi støttar departementet i at ei lovfesting av retten til familieliv kan skape uklarheit i praksis. Vi er uroleg for om dette kan bli oppfatta som ei styrking av det biologiske prinsipp slik at det kan gå utover barn si rett til vern i enkeltsaker. Vi meiner på denne bakgrunn at det ikkje bør gå fram av lova at barn helst bør vokse opp i eigen familie og støtter departementet sitt forslag til formuleringar om dette. Det må gå tydelegare fram av § 1-8 at barnevernet har plikt til å samarbeide med barn, ikkje berre familie og nettverk.

5.3

Barnets rett til å medverke er tett knytt saman med barnets beste og er avgjerande for eit godt barnevern. Barnevernet kan ikkje gjere ei vurdering av kva som er barnets beste utan at barnet har fått uttale seg. Dette er og i samsvar med det barnekomiteen gir uttrykk for i generelle kommentarar nr 12 og nr 14. Vi meiner likevel at dette ikkje er tydeleg nok slik reglene er utforma i forslaget.

Vår erfaring er at medverknad framleis vert forstått for snevert og feil. Vi ser at barnesynet, det å ta barnets perspektiv og samarbeid med barn ikkje er godt nok innarbeidd i alle statlege og kommunale barnevernstenester enno. Vi ser døme på at tenestene forstår medverknad som at barnet skal bestemme. Vi ser også døme på at tenestene trur medverknad er sikra ved at nokon har snakka med barnet. Det er altså ikkje klart for alle at samarbeidet med barnet og informasjon frå barnet er vesentleg og avgjerande for å opplyse saka tilstrekkeleg. Det er og avgjerande for å få tillit frå barnet og lukkast med å gi hjelp som verkar. Det er heller ikkje klart for alle at barnets synspunkt skal vurderast i lys av og saman med andre moment i saka. Vi meiner at departementet må arbeide vidare med dette, og foreslår at samanhengen mellom vurderinga av barnets beste og barnets rett til å medverke må gå tydelegare fram av lova. Det bør gå fram at medverknad er ein grunnleggjande verdi for alt barnevernsarbeid.

Kapittel 6 Bekymringsmelding og undersøking

6.2

Vi støttar forslaget om at krav til forsvarleg oppfølging av bekymringsmelding går fram av lova.

6.5

Vi støttar forslaget om at det går fram av lova at undersøkinga skal gjennomførast systematisk og tilstrekkeleg grundig til å kunne ta avgjerd om det er nødvendig med tiltak etter lova. Vi ser dessverre eksempel på at meldingar med alvorleg innhald vert følgt opp med ei undersøking som ikkje er eigna til å avklare meldinga sitt innhald. I fleire tilfelle ser vi og at undersøkinga kan innehalde mykje og god informasjon, men den blir ikkje brukt i vurderinga og val av tiltak. Vi er einige med departementet at det ikkje er nødvendig med eit særskilt krav til plan ved sidan av «systematisk og tilstrekkeleg grundig».

Tilsyn dei seinare åra viser at det er gjennomført for mange undersøkingar med for dårleg kvalitet. Tidsbruk kan seie noko om kvaliteten på arbeidet, men innhaldet i undersøkinga og sjølve vurderinga er viktigast. Vi meiner derfor at det ikkje er grunn for å oppretthalde systemet med mulkt for oversitting av fristar. Vi er bekymra for kva signal det sender om kva som er det viktigaste.

6.7

I praksis har det vore mykje usikkerheit om barnevernstenesta kan gjenoppta undersøkinga etter seks månader. Vi meiner av omsyn til barn sin rett til vern at det er behov for denne lovfestinga og støtter forslaget. Vi meiner vidare at det er ei viktig presisering av vilkåra etter § 2-2 framleis må vere oppfylt.

Kapittel 7 Hjelpetiltak

7.3

Det er eit godt forslag å utvide aldersgrensa for ettervern til 25 år på bakgrunn av den sårbare situasjonen mange av dei som har motteke hjelp frå barnevernstenesta er i. Vi trur regelen slik den er formulert, vil vere enklare for tenestene å praktisere enn noverande § 1-3. Mange ynskjer å busette seg ein annan kommune enn den kommunen som iverksette tiltak før eller ved fylte 18 år. Det bør gå klart fram kva for ein kommune som er ansvarleg for å yte tenester. Dersom det i samarbeid med barnet skal vere mogleg å avtale ein overføring av ansvaret til tilflyttingskommunen, må dette regulerast nærare.

7.7

Vi er einig i at det er behov for ei betre rettsleg regulering av kommunale butiltak som er brukte som hjelpetiltak etter barnevernslova. Tiltaka er meint for barn som ikkje har så store oppfølgingsbehov. Vi ser likevel ofte i praksis at barn med omfattande hjelpebehov bur i slike tiltak, og at vurderinga av barnets behov i mange tilfelle er mangelfull. I tillegg veit vi at nokre kommunar ikkje kjenner rammene for desse tiltaka godt nok, mellom anna når det gjeld bruk av tvang og krav til tilsyn.

Kapittel 10 Åtferdstiltak m.m.

Vi må ha klare heimlar for å gripe inn og gje barn hjelp når dei treng det. Vi meiner likevel det er problematisk at barn får hjelp først når deira oppførsel (smerteuttrykket) blir tydeleg og ofte kan gå ut over omgjevnaden. Vi forstår at det kan vere vanskeleg å finne presise nok inngrepsvilkår, men vi meiner det er nødvendig at det vert arbeidd vidare med dette. Det riktige må vere å få inngrepsvilkåra knytt opp mot omsorgssituasjonen til barnet og ikkje til barnet sin reaksjon på denne. Dette er viktig fordi vi erfarer at tenestene har for stor merksemd på barnet sin oppførsel. Vi ser ofte at «hjelpen» er knytt opp mot barnet sin oppførsel i staden for at barnet får hjelp til å handtere det som ligg til grunn for oppførselen.

Kapittel 12 Oppfølging av barn og foreldre

12.4

Det er eit godt forslag å samle reguleringa av tenestene sitt oppfølgingsansvar i eigne paragrafar knytt til dei ulike tiltaka. Vi har erfaring med at tiltak og planar i for liten grad blir evaluert, slik det også blir vist til i Helsetilsynet sin rapport Det å reise vasker øynene. Vidare er det vår erfaring at barnets perspektiv ikkje alltid blir vektlagt nok og at barn ikkje blir tilstrekkeleg involvert i evalueringa. Vi støtter forslaget om å synleggjere i lovteksten at evaluering av tiltak skal skje systematisk og regelmessig og presiseringa av at planar skal endrast dersom barnet sitt behov tilseier det.

Kapittel 13 Fosterheim

Vi støtter forslaget om at fosterheim vert regulert i eige kapittel i ny barnevernslov.

13.2

Det bør presiserast i § 9-5 at avtalen mellom fosterheimskommunen og omsorgskommunen skal vere skriftleg.

Kapittel 14 Barneverninstitusjonar m.m.

14.2

Vi støttar forslaget i § 10-2 med formulering om barns rettigheiter på institusjon, framfor at det er ei plikt for institusjonen. Samtidig meiner vi det bør takast med i § 10-2 andre ledd at ein så langt som råd skal samarbeide med barnet der det blir gjort avgrensingar i barnets rettigheiter, og at barnets synspunkt, vurderingar som er gjort og kva som er vektlagt blir dokumentert.

Vidare meiner vi det er viktig at plikta til å førebygge tvang er presisert i § 10-3. Vi ser at departementet viser til at barns medverknad er viktig for å hindre at situasjonar eskalerer slik at tvang blir nødvendig.

14.5

Det er ikkje er grunn til å skilje mellom plikter ved statlege og kommunale/private institusjonar, og vi støtter forslaget om at også statlege institusjonar skal godkjennast. Det er vidare gode grunner for å leggje ansvar for å godkjenne institusjonar til ein region, og ikkje til alle regionane.

14.6

Det er ein føresetnad for å yte forsvarleg omsorg at institusjonen har grundig kjennskap til barnet sine behov. Institusjonen må kunne gjere greie for kva informasjon om barnet som er nødvendig for å sikre forsvarleg omsorg for barnet. Det er uklart for oss kva som er skiljet mellom dette og den kartlegginga departementet foreslår i § 10-13. Vi meiner at det må gå tydelegare fram kva som er formålet med denne kartlegginga. Vi meiner og at det må gå tydelegare fram at kartlegginga er knytt opp mot institusjonen sitt ansvar for å ha tilstrekkeleg kunnskap om barnets behov.

Kapittel 16 Saksbehandlingsreglar

16.2

Tilsyn viser at det er eit behov for å sikre betre dokumentasjon i tenestene. Kravet til dokumentasjon av barns medverknad og vurdering av barnets beste som vart innført 1. juli 2018 er ei viktig endring. Det er likevel ikkje tilstrekkeleg. Dette heng truleg saman med at kravet om medverknad og ikkje minst betydninga av det, ikkje er forstått av alle. Men vi er òg usikre på om innføringa av DigiBarnevern vil vere tilstrekkeleg. Dessutan er det opp til kvar teneste om dei vil bruke dette. Vi legg til at vi er einige med departementet i at det er nødvendig med kompetansetiltak for å betre dokumentasjonen i tenestene.

16.4

Vi er einig i at det vert lovfesta at barnevernstenesta skal ta stilling til foreldra sin partsstatus. Vi meiner likevel at dette bør gjelde partsstatus i saka generelt, og ikkje avgrensa til foreldra. I praksis ser vi at mange tenester er usikre på kven som er part i saka, og at dette ikkje berre gjeld foreldra.

16.5

Gjennom klagesakshandsaminga vår ser vi at saker som gjeld innsyn, ofte er handtert feil i tenestene. Vi får ofte spørsmål om innsyn frå barnevernstenestene og privatpersonar, og vi høyrer at mange i tenestene er usikre på korleis forvaltningslova er å forstå. På denne bakgrunn støttar vi forslaget om ein regel om partsinnsyn og barnevernets informasjonsplikt som gjeld for saksbehandlinga i barnevernet.

Presiseringa om avgrensa innsyn i undersøkinga og å unnta opplysningar frå innsyn dersom innsyn kan utsette barnet eller andre for skade eller fare, er viktig. Vi meiner dette er heilt nødvendig for å leggje til rette for at barn kan fortelje om historia si trygt til barnevernet. Dessverre ser vi i praksis at barn ikkje har fortalt om omsorgssvikt fordi dei er redde for at informasjonen går vidare. Dette er ikkje ugrunna. Mange barn har opplevd at det dei fortel blir brakt vidare utan deira samtykke og kontroll. Det fører til to ting, at barnet mister ytterlegare tillit til vaksne og at situasjonen deira kan bli forverra fordi dei kan bli straffa for å ha sagt i frå.

16.6

Vi er einig i forslaget om å innføre krav om politiattest for talspersonar og personar hos fylkesmannen som fører tilsyn med barn i institusjonar og omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkarar under 15 år.

Kapittel 19 Kommunens og barneverntenestas ansvar og oppgåver

19.5

I praksis har vi sett at det har vore uklart for kommunale leiarar kva ansvar dei i realiteten har for barnevernstenesta og korleis dei kan utøve det. Vi meiner derfor ei endring av lova er nødvendig og at forslaget til § 15-3 vil gjere ansvaret meir tydeleg. Vi meiner det bør tas inn ei presisering av at kommunen har ansvar for å sikre at barnevernsleiar har tilstrekkeleg fagkompetanse i § 15-2.

19.6

Vi meiner det er behov for ei presisering av ansvaret for ei forsvarleg akuttberedskap utanfor kontortid og støttar forslaget i § 15-3.