Høringssvar fra Klepp kommune
KLEPP KOMMUNE GJER HØYRING PÅ FØLGANDE PUNKT: (sak 23/19 Hovudutval barn og unge)
1. Kommunestyret skal ha ein årleg tilstandsrapport frå barnevernet
Klepp kommune ser det som ei styrking av kommunalt eigarskap til barnevernet at kommunestyret får ei meir aktiv rolle i oppfølging av eige barnevern.
2. Økonomi
Klepp kommune tek til etterretning at kommunen ikkje skal påleggast vesentlege økonomiske konsekvensar.
3. Bistandsplikt frå Bufetat i akuttsaker Bufetat har plikt til å bistå barneverntenesta med plassering av barn utanfor heimen.
Klepp kommune meiner at kommunane er dei som kjenner barna og deira behov best, og derfor skal ha ansvar for type tiltak ved akuttplassering (dette punktet må sjåast saman med pkt 4.)
4. Finansiering av tiltak viss Bufetat skal ta avgjersler om tiltak i akuttsaker
Klepp kommune meiner at dersom Bufetat skal avgjera tiltak i akuttsaker, så må kommunale kostnader vera like for beredskapsheim og institusjonsplass.
5. Utvida rett til ettervern frå 23 til 25 år
Klepp kommune meiner at det for dei få unge vaksne som treng utvida ettervern til 25 år, er dette viktig å få på plass.