Høringssvar fra Generaladvokaten

Dato: 02.06.2020

Høyringsutsegn - forslag til ny våpenforskrift mv.

Generaladvokaten viser til Justis- og beredskapsdepartementet sitt høyringsbrev 10. mars 2020. Saka gjeld ny våpenforskrift til våpenlova som blei vedtatt i mars 2018. Generaladvokaten støttar forslaget til forskrift.

Generaladvokaten har kun ein merknad til § 3-5, som gjeld våpendelar og ammunisjon.

Generaladvokaten finn det hensiktsmessig at orda 'komplette patroner' i våpenforskrifta § 3-5 nr. 4 og 5, blir definerte i forskrifta § 1-1. Det er ikkje sjølvsagt for alle kva som blir meint med dei orda, og det bør kome fram at dette blant anna er patroner med nødvendig kruttladning, drivladning, tennhette eller liknande.