Høringssvar fra Det frivillige Skyttervesen

Dato: 02.06.2020

Høyringssvar til forslag om ny våpenforskrift mv.

Innleiing

Det frivillige Skyttervesen (DFS) takker for å bli involvert i prosessen med innspel til «Forslag til ny våpenforskrift mv.».

I vår formålsparagraf – sist godkjent av Stortinget i desember 2016 – er DFS sitt formål er «å fremme god våpenkultur og praktiske skyteferdigheter, samt sikre tilgang til en desentralisert skytebanestruktur, til nytte for Forsvaret og samfunnet for øvrig.»

DFS er landets største skyttarorganisasjon med 840 skyttarlag og ca. 136.000 medlemar. DFS legg opp til mange aktivitetar som bidreg til å oppfylle formålsparagrafen på ein best mogleg måte. Dette skjer gjennom utdanning av tillitsvalde og instruktørar, opplæring i sikker og kyndig våpenbruk, samt tilrettelegging for Forsvaret (spesielt Heimevernet) sin bruk av skytebaner. Vidare gjennom tiltak og ei rekke arrangement på ulike nivå som bidreg til utvikling av praktiske skyteferdigheiter og ivaretaking av ein desentralisert skytebanestruktur.

DFS legg i heile si verksemd vekt på å fremme god våpenkultur og gode skyteferdigheiter. Gode og tydelege rammebetingelsar for våpenhald er såleis viktig for organisasjonen.

Kommentarar og innspel til føreslegne lovendringar og ny våpenforskrift

Konkrete forslag til endringar og ny tekst er sett inn med kursiv tekst.


Innspel til forslag om lovendringar

Våpenlova § 19 første ledd skal lyde:

Den som har løyvepliktige skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon etter §§ 5, 6 eller 7, skal oppbevare desse i sin faste bustad. Dei kan likevel oppbevarast i annan bustad enn der vedkomande bur fast om løyvehavar på førehand gjev politiet melding om kvar gjenstandane skal oppbevarast.

Kommentar:

Denne endringa medfører forenkling og fleksibilitet, og støttast av DFS. For utøving av skyttarsporten er det svært viktig at våpen og våpendelar kan oppbevarast i annan bustad enn folkeregistrert adresse. I tillegg føreslår DFS at det må vere høve til oppbevaring hos godkjent skyttarforeining, og viser her til vårt innspel til våpenforskrifta § 6-1.

Innspel til forslag om ny våpenforskrift

DFS er generelt positive til at alt materielt blir teken inn i ny våpenforskrift, slik at et ev. rundskriv frå Politidirektoratet får form som ein rettleiar. Vi er og takknemlege for at tidlegare innspel frå DFS som oppbevaring av ammunisjon i bil er ivareteke i forskrifta.


DFS er generelt positive til at alt materielt blir teken inn i ny våpenforskrift, slik at et ev. rundskriv frå Politidirektoratet får form som ein rettleiar. Vi er og takknemlege for at tidlegare innspel frå DFS som oppbevaring av ammunisjon i bil er ivareteke i forskrifta.


§ 1-1 Definisjonar

Punkt 2: Pipe: sylindrisk metallstykke med eit gjennomgåande hol, som er kamra for bruk av ferdigladde patroner.

Kommentar: DFS foreslår at løp, pipe og kammer bør definerast kvar for seg. Vi ser at løpslengde og pipelengde blir bruk litt om kvarandre, eksempelvis i § 1-4. Det bør minst være ein tydlegare definisjon av pipe.

Forslag til ny tekst:

Pkt. 2. Pipe: Sylinderforma rør som skal kontrollere utskyting av prosjektilet, samt styre retninga av dette.

Pkt. 3. Løp: Delen av pipa frå framkant kammer til munninga på pipa.

Pkt. 4. Kammer: Bakre del av pipa der patrona er under avfyring.

Noverande pkt. 3 blir då pkt. 5 osv.

Forslag om at forskrift om sivile skytebaner skal inn i våpenforskrifta

Kommentar: Som følgje av at JD foreslår at forskrift om sivile skytebaner skal inn i våpenforskrifta må organisert skyting definerast.

Forslag til nytt punkt 15:

Pkt. 15: Organisert skyting: Planlagt og organisert av godkjent skyttarorganisasjon.


§ 1-3 Skytevåpen sine funksjoneringsmåtar

2. Manuell omlading: skytevåpen med magasin som må ladast manuelt mellom kvar avfyring, og er våpenet sin avfyringsmekanisme må spennast med ekstern kraft for kvar omlading.

Forslag til ny klargjerande tekst:

2. Manuell omlading: Skytevåpen med magasin, der patrona førast manuelt inn i kammeret mellom kvar avfyring, og der våpenet sin avfyringsmekanisme må spennast ekstern kraft for kvar omlading.


§ 4-7 Krav til medlemsskap, aktivitet og opplæring for erverv av rifle eller haglevåpen til sportsskyting

Politiet kan gje løyve til erverv og innehav av haglevåpen, halvautomatiske rifler som er godkjent til jakt etter denne forskrifta § 4-1, samt rifler med enkeltskot eller manuell omlading til sportsskyting, når søkar:

1. har gjennomført tryggingsopplæring arrangert av ein godkjent skyttarorganisasjonen, og

2. er medlem i skytterorganisasjon som har godkjent skytterprogram for den omsøkte våpentypen, og

3. har gjennomført minst seks organiserte treningar eller konkurranser arrangert av skytterorganisasjonen.

Kommentar:

DFS er positive til at krav om grunnopplæring blir teke inn i forskrifta. Det er viktig at organiserte treningar kan leggast inn som del av tryggingsopplæringa, og at organisasjonane får fridom til å bestemme program for tryggleiksopplæring tilpassa organisasjonen sine våpen og skyteprogram. DFS har i dag ein skyteskule som er meir omfattande enn desse krava. Skyteskulen sitt formål er å gje unge og vaksne ei grunnleggande skyteopplæring, der god våpenkultur og tryggleik er sentrale tema. DFS vil utarbeide ei tryggingsopplæring tilpassa forskrifta som bygger på skyteskulen.

Merk at teksten i forslaget er ei blanding av nynorsk og bokmål.


§ 4-8 Kor mange skytevåpen som kan ervervast til sportsskyting

Politiet kan gje løyve til erverv og innehav av eitt komplett skytevåpen, samt våpendelar til slike skytevåpen, for kvart godkjent skyteprogram.

Politiet kan likevel gje løyve til erverv og innehav av fleire våpen til eit godkjent skyteprogram (reservevåpen) til personar som:

1. i løpet av eitt år har gjennomført minst 10 skytestemner i det aktuelle skyteprogrammet, der fem av desse er opne skytestemner, eller

2. i løpet av eitt år har teke del i internasjonale meisterskap.

Kommentar:

Dette er også nytt i våpenforskrifta. I fylgje POD sitt noverande rundskriv kan ein DFS skyttar i samsvar med våpenforskrifta § 13 tredje ledd ha inntil 4 registrerte våpen til trening og konkurransar i DFS, pluss reservevåpen som ikkje er nærare presisert. Slik den nye forskrifta § 4-8 er formulert, vil det framleis vere høve til å minst erverve inntil 4 våpen (bane, felt, 15 meter og skogsløp/skifelt). I tillegg kjem kikkertklassa dersom POD godkjenner den som grunnlag for erverv av våpen.

DFS er positive til at ny våpenforskrift opnar for at ein aktiv skyttar kan erverve reservevåpen til kvart skyteprogram. Det er ei god og viktig klargjering samanlikna med gjeldande rundskriv.


§ 5-2 Erverv og innehav av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon for godkjente skyttarforeiningar

Skyttarforeiningar som er tilslutta godkjent skyttarorganisasjon kan erverve og ha inntil 15 komplette skytevåpen med tilhøyrande våpendelar, som kan brukast innafor organisasjonen sine godkjente skyttarprogram.

Kommentar:

Tanken bak forslaget er nok å gjere forskrifta enklare, og sikre lik praksis. Likevel er det naudsynt med endringar. Ei avgrensing til 15 våpen er ikkje formålstenleg. Mange lag har fleire anlegg, både utandørs- og innandørs. Dei fleste lag treng både fin- og grovkaliber våpen.

I tillegg til lagsvåpen til bruk i laget, er det også behov for våpen til utlån. Dette er det ikkje teke høgde for i forslaget. For DFS som breiddeorganisasjon er det viktig å legge til rette for deltaking i sporten uavhengig av økonomi. Tilgang på våpen til opplæring og utlån er særs viktig for å sikre at alle som ønskjer får prøve aktiviteten. Det er viktig at terskelen for å starte med skyttarsport, anten ein er ung eller vaksen, er så låg som mogeleg.

I vårt forslag til nytt første ledd omfattar formuleringa “skyttarforeininga sine godkjente skytebaner” også skytebaner der t.d. eit skyttarlag har langsiktig leigekontrakt på ei bane som høyrer til eit anna skyttarlag.

Forslag til nytt første ledd:

Skyttarforeiningar som er tilslutta godkjent skyttarorganisasjon kan erverve og ha det tal komplette skytevåpen med tilhøyrande våpendelar, eller som svarar til talet skiver og leirduestandplassar på skyttarforeininga sine godkjente skytebaner. Slike skyttarforeiningar kan i tillegg erverve og ha eit tal skytevåpen med tilhøyrande våpendelar til utlån for sine medlemer som står i rimeleg høve til medlemstalet og aktivitet. Skyttarforeiningar som ikkje har fast tilgang til bane, kan erverve og ha eit tal skytevåpen med tilhøyrande våpendelar til utlån for sine medlemer, eller til obligatorisk jegeropplæring, som står i rimeleg høve til medlemstalet og aktivitet.

Forslag til nytt andre ledd:

Politiet kan berre gje løyve etter første ledd for skytevåpen og våpendelar som er godkjent til bruk i den skyttarorganisasjonen som foreininga er tilslutta.


§ 6-1 Krav til oppbevaring av skytevåpen for privatpersonar

Siste ledd: Løyvehavar kan oppbevare løyvepliktige skytevåpen og våpendelar i annan bustad enn der vedkomande er folkeregistrert, om han på førehand melder frå til politiet om på kva adresse gjenstandane vert oppbevara. Kravet til melding etter første punktum gjelder ikkje ved mellombels oppbevaring etter denne forskrifta § 6-7.

Kommentar:

For utøving av skyttarsporten er det svært viktig at våpen og våpendelar kan oppbevarast i annan bustad enn folkeregistrert adresse. I tillegg føreslår DFS at det må vere høve til oppbevaring hos godkjent skyttarforeining. Som breiddeorganisasjon har DFS mange aktive studentar og pendlarar som er avhengige av å kunne oppbevare våpen i annan bustad for å kunne drive skyteaktivitet og delta i konkurransar. Oppbevaring hos godkjent skyttarforeining vil vere ei god ordning for mellom anna studentar som gjerne ikkje får lov til å ha våpenskåp/sikringsskåp på hybel eller studentbustad (må boltast fast visst det ikkje er tungt nok). Vi meiner også at forskriftsteksten bør vere kjønnsnøytral.

I samband med digital våpenforvalting bør politiet utvikle ei digital løysning for registrering av adresse når våpen og våpendelar ikkje blir oppbevart på folkeregistrert adresse. Dette vil forenkle administrasjonen av ordninga.

Forslag til endring av § 6-1, siste ledd:

Løyvehavar kan oppbevare løyvepliktige skytevåpen og våpendelar i annan bustad enn der vedkomande er folkeregistrert, eller hos lokal skyttarforeining, når vedkomande på førehand melder frå til politiet om på kva adresse gjenstandane vert oppbevara.


§ 6-3 Krav til oppbevaring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon for løyvehavarar som er juridiske personar

Andre ledd: Politiet kan gje fritak frå kravet om at oppbevaringsstaden skal vere bemanna eller bebudd når ytterdør til oppbevaringsstaden er trygga med FG-godkjent dør og lås, samt at oppbevaringsstaden er trygga med FG-godkjent alarm med overføring til døgnmanna alarmstasjon, som med eigne vektarar, eller med avtale med einskildpersonar eller føretak, kan rykke ut ved alarm.

Kommentar:

I gjeldande forskrift er det ikkje er krav om alarm ved oppbevaring av inntil 10 våpen på skytebana. No blir det innført eit obligatorisk krav om alarm i alle tilfelle der oppbevaringsstaden ikkje er bemanna eller bebudd. DFS er i utgangspunktet positive til forslaget, men vil påpeike at kravet vil medføre ein betydeleg kostnad for mange skyttarlag som har oppbevaring av våpen på skytebana. For å redusere kostnaden foreslår DFS at det ikkje skal setjast krav om tilkopling til alarmsentral, men at det blir opna for at alarm alternativt kan vidarekoplast til bestemte enkeltpersonar. I dei fleste tilfelle vil dette også sikre ein raskare reaksjon når alarmen går. Vi foreslår også at det kan gjevast fritaket frå kravet om alarm for oppbevaring av berre ammunisjon.

Forslag til endring i andre ledd:

Politiet kan gje fritak frå kravet om at oppbevaringsstaden skal vere bemanna eller bebudd når ytterdør til oppbevaringsstaden er trygga med FG-godkjent dør og lås, samt at oppbevaringsstaden er trygga med FG-godkjent alarm med overføring til døgnmanna alarmstasjon eller vidarekopla til bestemte einskildpersonar, som kan rykke ut ved alarm. Politiet kan gje fritak frå kravet om alarm for oppbevaring av berre ammunisjon når ikkje tryggingsmessige omsyn talar mot det.


§ 6-10 Oppbevaring av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon hjå andre.

Første ledd: Den som har løyve til å ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon kan overlate desse gjenstandane for oppbevaring hjå personar, som har løyve til å ha tilsvarande gjenstandar, når den som overlèt gjenstandane på førehand varslar politiet om dette.

Kommentar.

Det er viktig å presisere at dette også gjeld juridiske personar.

Forslag til presisering av første ledd:

Den som har løyve til å ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon kan overlate desse gjenstandane for oppbevaring hjå personar, herunder juridiske personar, som har løyve til å ha tilsvarande gjenstandar, når den som overlèt gjenstandane på førehand varslar politiet om dette

§ 7-1 Vilkår for fritak frå alderskravet på 18 år for erverv av hagler og rifler

Kommentar:
Vi opplever at teksten i første ledd i forslaget er tung å lese, og kjem med innspel om alternativ formulering av teksten.

Forslag til ny tekst:

Politiet kan gi personar over 16 år løyve til å eige hagle eller rifle, samt løyvepliktige våpendelar og ammunisjon til slike skytevåpen, dersom vedkomande har vore aktiv medlem i godkjent skyttarorganisasjon i seks månader og har tilråding frå denne, eller som har gjennomført og bestått Jegerprøven. Politiet kan også gje mindreårige personar løyve til å erverve skytevåpen og løyvepliktige våpendelar på grunnlag av minneverde etter § 5-10 i denne forskrifta. Personar under 18 år kan likevel ikkje gjevast løyve til å kjøpe skytevåpen.


§ 7-4 Reglar om vandel for fysiske personar

Første ledd: Ved krav om vandel kan det berre leggast vekt på opplysningar som hadde framkome på ein uttømande og utvida politiattest, jf. politiregisterlova § 41.

Kommentar:

DFS forstår denne bestemminga slik at det ikkje kan krevjast (utvida) politiattest frå søkjaren. Ved handsaminga av våpensaker har politiet alt tilgang på dei opplysningane som hadde framkome i ein slik attest. Vi legg til grunn at meininga er å presisere at opplysningar som ikkje ville gått fram av slik attest, ikkje kan gje grunnlag for avslag på søknad om våpen eller tilbakekall av løyve.


Kapittel 8 Godkjenning av skytebaner, godkjenning av våpenorganisasjonar og teknisk program

Kapittel 8, §§ 8-1 til 8-5, erstattar noverande forskrift om sivile skytebaner.

DFS fremmer forslag til ny ordlyd som følgje av at innhaldet i forslaget lett kan mistydast. Nedanfor fylgje vårt forslag til ny forskriftstekst med fortløpande kommentarar.


§ 8-1 Definisjon av skytebane

Med skytebane reknast i dette kapitelet eit område som nyttast til organisert skyting under ansvarleg skyteleiing. Farleg område kring ei skytebane er å rekne som ein del av bana.

Kommentar:

I gjeldande forskrift er tryggleikssona inkludert i definisjonen. Etter vår vurdering er det naudsynt at dette vert behalde. Særleg på stader der fareområdet er stort er det langt frå innlysande at heile fareområdet inngår som ein del av bana.


§ 8-2 Krav til tryggleik og kontroll. Offentlegrettslege krav

Skytebane skal oppfylle dei krav til tryggleik som er fastsett i vedlagte tryggleiksføresegner (vedlegg I) samt andre offentlegrettslege krav.

På eit skytebaneanlegg med fleire skytebaner gjeld tryggleikskrava for kvar skytebane.

Politiet fører kontroll med sivile skytebaner, og kan gje forbod mot bruk av skytebaner som ikkje oppfyller krava til tryggleik.

Kommentar:

Vi forstår § 2 i gjeldande forskrift slik at tryggleiksføresegna som går fram av vedlegget er ein del av forskrifta. Denne ordninga meiner vi bør behaldast. Det vil svært sjeldan vere behov for å endre føresegnene. Eventuelle endringar i krava til tryggleik kan få store konsekvensar, og ved at dei er ein del av forskrifta sikrar ein ei forsvarleg sakshandsaming før eventuelle endringar blir vedtekne.

I departementets sitt forslag heiter det at skytebane skal oppfylle krav til tryggleik og miljø. Tilvisinga til miljø er nok henta frå § 29 i den nye våpenlova, men det har neppe vore lovgjevars meining at politiet skal kontrollere miljøkrav, som ligg under miljøstyresmaktene. I stadet for å spesielt nemne miljø, foreslår DFS at det blir slått fast at ein skytebane må tilfredsstille også andre offentlegrettslege krav enn dei krava til tryggleik som går fram av forskrifta med vedlegg.


§ 8-3 Krav til godkjenning

Planer for nyanlegg, ombygging eller utviding av skytebaner må vere godkjent av politiet før arbeidet vert sett i gang.

Ferdig skytebane, og instruks for bana, skal vere godkjent av politiet før bana vert teken i bruk.

Organisert skyting utanfor godkjente skytebaner må på førehand vere godkjent av politiet.

Kommentar:

Ein viktig del av tryggleiken på skytebaner er i tillegg til dei tekniske krava at det ligg føre instruks for bruken av bana. Vi meiner det er viktig med ein presisering av at denne instruksen må vere godkjend av politiet før bana blir teken i bruk.


§ 8-4 Krav til eigar av skytebane

Eigar av skytebane skal til ein kvar tid halde skytebana i forsvarleg stand og skal føre kontroll av anlegget minst ein gang i året. Eigar skal dokumentere kontrollen på føremålstenleg vis. Eigar av skytebane skal utarbeide instruks for skytebana. Instruksen skal innehalde opplysingar om:

· kva målplasseringar det er tillate å skyte på

· kvar det kan skytast frå

· kva for våpentypar som kan nyttast på bana, her under maksimumskrav til kaliber

· varsling om skyting

· skyteleiing

· brukstid

· andre tiltak for å ta vare på tryggleiken

· reglar for kontroll av tryggleiken på bana

Instruksen må vere godkjent av politiet.

Eigar av skytebane skal trygge at instruksen er kjend for, og vert fylgd av, dei som brukar skytebana.

Kommentar:

Uttrykket «på føremålstenleg vis» opnar for digitale løysingar.

Omgrepet skytefelt i JD sitt forslag er ikkje aktuelt for sivile skytebaner, og er teke ut.

Det er naudsynt å ha eit krav til kva slags målplasseringar ein kan skyte på for å hindre at det til dømes blir skote med pistol på riflebaner utan at dei særskilte krava til pistolbaner er oppfylte.

Kvar det blir skote frå er ein viktig del av tryggleiken. Det er naudsynt med klåre haldepunkt for det skal vere høve til å skyte frå anna enn standplass. På mange baner er det erfaring for at t.d. politiet ikkje skyt frå standplass og da på måtar som medfører brot på tryggleiksføresegnene.


§ 8-5 Krav til brukar av skytebane

Ein kvar brukar av skytebane plikter å setje seg inn i, og følgje, instruksen for bana. Anna skyting på skytebana enn det instruksen opnar for, er ikkje tillate.

Kommentar:
Dette er eit nytt forslag som DFS meiner er viktig for å bevisstgjere brukarane av skytebana.


§ 8-6 Reglar om fritak og særskilte vilkår (opprinneleg § 8-5)

Politiet kan gi fritak frå reglane i § 8-2 i denne forskrifta for ein tidsavgrensa periode om det ligg føre særskilte forhold, og ikkje forhold knytt til tryggleik talar mot det.

Politiet kan setje særskilte vilkår for godkjenning av skytebane om det reknast for naudsynt ut frå omsynet til tryggleik.

Kommentar:

Slik som vi har utforma ny tekst ovanfor er tilvisinga med omsyn til fritak endra frå §§ 8-3 og 8-4 til § 8-2.


§ 8-7 Utfyllande reglar for godkjenning av skyttarorganisasjon (opprinneleg § 8-6)

Når vilkåra etter våpenlova § 28 andre ledd er oppfylte kan Politidirektoratet godkjenne skyttarorganisasjonar som:

(…)

5. er tilknytt ein internasjonal skyttarorganisasjon,

Kommentar:

Slik forslaget lyder, går det ikkje klart nok fram at krav om godkjenning gjeld nye organisasjonar. DFS er ein særnorsk organisasjon med sterk tilknyting til Forsvaret, og er ikkje tilknytt ein internasjonal organisasjon. DFS kan difor uansett ikkje omfattast av kravet om internasjonal tilknyting. Tilsvarande gjeld truleg også andre noverande skyttar- og våpenorganisasjonar.

Forslag til nytt andre ledd:

Organisasjonar som er godkjent før lova trådde i kraft treng ikkje ny godkjenning.


§ 12-2 Gebyr for utferding av løyve eller godkjenningar

Punkt 1: 1 495 kroner for utsteding av løyve til å erverve og ha skytevåpen for personer som ikke har våpenløyve fra før.

Kommentar:

DFS viser til at dette betyr ei fordobling av gebyret. DFS meiner dette er uheldig for breidde-aktiviteten. Vi føreset at den digitale våpenforvaltinga vil effektivisere forvaltinga, og at det såleis ikkje kan vere behov for å doble gebyret.

Det er samtidig svært viktig at utsteding av løyve for utlån til personar utan våpenløyve før, skjer gjennom ei digital løysning slik at sakshandsamingstida for eit slikt løyve blir kortast mogeleg.

Punkt 5: 374 kroner for utferding av løyve til å erverve og ha våpendelar.

Kommentar:

DFS forstår det slik at dette ikkje gjeld pipe og sluttstykke, jf. § 2-4. Pipe og sluttstykke er registreringspliktige.

Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål eller ønskjer ytterlegare informasjon.