Forsiden

Høringssvar fra Fylkesmannen i Hordaland

Innføring av overtredelsesgebyr mv. i flere lover med folkehelseformål mv. Høyringssvar frå Fylkesmannen i Hordaland

Dato: 31.08.2017

Svartype: Med merknad

Fylkesmannen i Hordaland ønsker å argumentere for ei språkleg endring.

Vi meiner det er bra med ei opprydding og harmonisering av lovverket på dette området, men at departementet ved denne revisjonen gjennomgåande burde bruke ordet lovbrott og lovbrottsgebyr (alternativ lovbrudd/lovbrot på bokmål og nynorsk).

Det er fleire argument for dette. Viktigast er at lovbrottsgebyr er sjølvforklarande og blir forstått av folk flest. Det gjer ikkje ordet overtredelsesgebyr. Lovbrottsgebyr er dessutan tilrådd av Språkrådet og er å sjå som modernisering og forenkling av språket. Lovbrottsgebyr kan og brukast både på nynorsk og bokmål. Fleire lover på ulike samfunnsområde har brukt lovbrottsgebyr/lovbruddsgebyr. Det gjelder for eksempel lover innan samferdsel (yrkestransportlova) og helselover, samt i vernet mot selvinkriminering.

Vi vil derfor be departementet vurdere å harmonisere og modernisere språkbruken når så mange lover og føresegner blir reviderte.