Høringssvar fra Fitjar kommune
Høyringssvar Fitjar kommune
Svartype:
Med merknad
Fitjar kommune visar til rådmannen sin vurdering og går imot å innføra krav om spesialisering i allmennmedisin for legar i den kommunale helse- og omsorgstenesta.
Dersom ein vel å innføra kravet, vil Fitjar kommune peika på følgjande føresetnader:
- Det må leggjast til rette for at kommunane kan tilby forpliktande utdanningslaup som kan forventast å auka rekrutteringa til allmennmedisin.
- Unntaksavgjerdene må gjelda vikariat på inntil 1 år.
- Kommunane og legane må kompenserast for kostnadane som er knytt til kravet.
- Det må leggjast til rette for betre tilgang på vikarar og ordningar som gjer at vikariat i kommunane vert kompetansegivande for ulike legespesialitetar.