Høringssvar fra Stavanger kommune
Innsendt høringsforslag fra Stavanger kommune tar forbehold om endringer etter politisk behandling i Stavanger formanskap - AU 22.11.16 og Stavanger formannskap 24.11.2016. Protokoll av eventuelle endringer vil bli ettersendt Helse og omsorgsdepartementet.
Sammendrag
Stavanger kommune stiller seg bak forslaget om at alle legar i den kommunale helse- og omsorgstenesta skal vere spesialistar eller under spesialisering, men saknar verkemiddel dersom allmennlegen avbryt eller ikkje held ein viss progresjon i spesialiseringa.
Stavanger kommune ønsker ei meir utfyllande framstilling av formelle krav til vikarar, og ber om at eit utval av relevante spesialitetar kan få unntak for kravet om spesialisering i allmennmedisin, slik som Spesialitetar i indremedisin, geriatri, nevrologi, (alders-)psykiatri og fysikalsk medisin.etter § 4, når tenesta ikkje er fastlegepraksis.
Stavanger kommune støtter ikkje at kommunane skal finansiere «utdanningsstillingar».
Stavanger kommune er enig i at det bør være opp til kommunane å avgjere om spesialistar som ikkje resertifiserer seg kan få halde fram i stillinga si.
Kommunane må få full utgiftdekning for dei ekstrakostnader som følger av dei endringar som vert omtalt i høyringsdokumentet.
Vurdering
Stavanger kommune stiller seg bak forslaget om at alle legar i den kommunale helse- og omsorgstenesta skal vere spesialistar eller under spesialisering. Høyringsforslaget tydeleggjer kommunen sitt ansvar for å leggje til rette for, og halde orden på, at legar i kommunal teneste gjennomfører spesialiseringa dei har starta på.
Det som ikkje kjem tydeleg fram i høyringsforslaget, er føringar for kor lang tid ein spesialistkandidat kan tillatast å bruke for å oppnå spesialitet i allmennmedisin. Stavanger kommune saknar verkemiddel dersom allmennlegen avbryt eller ikkje held ein viss progresjon i spesialiseringa.
Stavanger kommune stiller seg positiv til at legar som har gjennomført spesialistutdanninga i allmennmedisin, beheld sin spesialist-tittel så lenge legen har autorisasjon til å praktisere som lege.
I høyringsforslaget står det at vikariat inntil 2 månader kan tildelast legar som ikkje er under spesialisering i allmennmedisin. Fastlegane treng vikar for eit år for sjukehusdelen av spesialistutdanninga, og ved svangerskapspermisjonar. Eit krav om at vikarar må starta på
spesialiseringa si allereie etter 2 månader må praktiserast på en måte som ikkje gjer det vanskelegare å få naudsynte vikarar. Utforminga av fyrste del av spesialistutdanninga bør vera lik dagens ordning for vegleda teneste. Stavanger kommune hadde ønska ei meir utfyllande skildring av formelle krav til vikarar.
Også store kommunar som Stavanger har vanskar med rekrutteringa av allmennlegar. Det å etablera seg som sjølvstendig næringsdrivande på eit svært tidleg stadium er heilt openbert et stort hinder. Andre land har betre løysingar, med eigne utdanningsstillingar. Stavanger kommune tykkjer at det er ei mangel at utfordringane med rekruttering ikkje er drøfta når ein skjerpar krava til dei som ein vil rekruttera. Ein tung start for unge allmennlegar har vore erkjent heilt sidan starten på fastlegeordninga i 2001. Landet treng ei nasjonal løysing med
eigne «utdanningsstillingar».
Stavanger kommune er i mot at kommunane skal finansiere slike «utdanningsstillingar». Ein måte å gjennomføre dette på, er at utdannings-stillingane i allmennmedisin vert organisert og
finansiert på same måte som dei noverande turnuslege-stillingane, ved overføring av midler direkte til kommunane.
Stavanger kommune tykkjer vidare det er ein mangel at utdanningskonseptet «kompetanseområde» innan sjukeheimsmedisin, palliasjon og rus ikkje er nemnt i høyringsdokumentet. Dette er viktige og sentrale område for den kommunale legetenesta.
Forslaget til forskrift krev at også legar i pleie- og omsorgstenesta skal vere spesialistar i allmennmedisin. Spesialitetar som indremedisin, geriatri, nevrologi, (alders-)psykiatri og fysikalsk medisin er særs relevante for spesielt sjukeheimsmedisinen. Stavanger kommune vil be
om at eit utval av relevante spesialitetar kan få unntak for kravet om spesialisering i allmennmedisin, etter § 4, når tenesta ikkje er fastlegepraksis.
Dei økonomiske konsekvensane av krav om at legar i den kommunale helse- og omsorgstenesta er spesialistar i allmennmedisin eller under spesialisering, vil medføre auka kostnader for pasienten og folketrygda. For kommunen sin del vil det også kunne medføre auka utgifter, t.d. ved at sjukeheimslegar må gå gjennom eit formalisert utdanningsløp i
allmennmedisin. Det kan også ventast auka utgifter for kommunen til å administrere fastlegar under spesialisering og ved resertifiserting. Stavanger kommune meiner det må tilførast nye friske midler til kommunane ved ei så stor endring som høyringsdokumentet legg opp til.
Auka kompetanse og kvalitet i kommunale helse- og omsorgstenester vil vere i pasienten si interesse. Å sikre at flest muleg av legane i kommunalt arbeid er spesialistar i allmennmedisin, er etter vår vurdering med på å sikre kvalitet i tenestene til våre innbyggjarar.
Krav om resertifisering, som fram til no har vore kravet for å kunne kalle seg spesialist i allmennmedisin vil, ut frå høyringsforslaget, i framtida forsvinne. Stavanger kommune seier seg einig i løysinga om at det vert opp til kommunane å avgjere om spesialistar som ikkje
resertifiserer seg kan få halde fram i stillinga si.