Høringssvar fra Helse Vest RHF

Høringssvar - utkast til Nasjonal beredskapsplan mot utbrudd av alvorlige smittsomme sykdommer og utkast til Mandat for og sammensetning av kriseutvalg for beredskap mot biologiske hendelser

Dato: 24.09.2018

Svartype: Med merknad

Vi takker med dette for invitasjonen til å gje høyringsinnspel til Nasjonal beredskapsplan mot utbrudd av alvorlige smittsomme sykdommer og utkast til Mandat for og sammensetning av kriseutvalg for beredskap mot biologiske hendelser

Helse Vest RHF sin høyringsuttale byggjer på høyringsinnspel frå helseføretaka i Helse Vest, inkludert regionalt kompetansesenter for smittevern i Helse Vest.   

Helse Vest RHF har ingen merknadar til mandatet for samansetting av kriseutval for beredskap mot biologiske hendingar. 

Kommentarar under er til den nasjonale beredskapsplanen mot utbrot av alvorlege smittsame sjukedomar.

 

Generelle kommentarar

Det er svært positivt av ein slik plan blir utarbeida. Planen omtaler grundig dei fleste aspekt ved smittevernberedskap, samt dei aktuelle aktørane. 

Planen har likevel noe ulik vekting av detaljomtale. Nokre områder har eit for høgt detaljnivå. Dette gjeld spesielt detaljar som er henta frå andre planar, som til dømes Nasjonal beredskapsplan mot ebola. Det kan med fordel bli lenka til slike aktuelle planar i staden for å gjengi detaljane. 

Faglege råd og organisatoriske forhold blir grundig forklart, men det kunne med fordel vore betre strukturert. Det er mellom anna vanskeleg å få ein oversikt over dei ulike organisatoriske forholda. Bruk av matriser / tabellar kunne framstilt ansvarsforholda og samanhengande på ein betre og tydelegare måte. Oppdeling av planen for dei ulike nivåa kunne også bidra til ein betre oversikt. Til dømes kunne omtale av aktørar som berre angår sentrale myndigheiter samlast ein plass. Det blir stilt spørsmål ved om det er relevant å ha med omtale av at det er naudsynt med nærare avklaringar av samhandling mellom Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet i ein slik plan. 

Mange områder er godt omtalt i dokumentet med oppgåver og løysingar for handtering under ein beredskapssituasjon. Det er likevel vanskeleg å få eit raskt overblikk over kven som gjør kva i ein krisesituasjon og ein betre struktur ville kunne bidra positivt til dette. Ein figur som viser organisatoriske samanhengar ville kunne tydeleggjere nivåa i planlegging og operativ verksemd. Ein oversikteleg struktur vil også gjere det enklare å operasjonalisere planen lokalt.

Det er også innspel frå helseføretaka om at det hadde vore ønskjeleg med tiltakskort for den enkelte aktør. Slik vil lokale planar bli meir like, uavhengig av kor i landet og kva for helseføretak ein tilhøyrar. Det er viktig med likskap og attkjenning for helsearbeidarar som skal utføre oppgåvene. Dette vil også gjere det enklare å mobilisere og flytte ressursar mellom føretak og kommunar ved behov.

 

Spesifikke kommentarar

  • Kapittel 3.2.1 Varsling av enkeltsykdommer.

Liste over almenfarlege smittsame sjukdomar bør ikkje vere i dokumentet, men heller bli vist til. Dette er ein dynamisk liste som blir oppdatert og endra over tid. 

  • Figur 1 – side 9: Varslings- og kommunikasjonslinjer

Figuren kunne med fordel vore presentert i starten på kapittel 3. Dette ville gjøre det enklare å lese teksten. Det er likevel ikkje heilt samanheng mellom tekst og figur. Til dømes så kjem ikkje varsling av utbrot i spesialisthelsetenestas institusjonar klart nok fram i figuren. 

  • Kap 4.5 Medisinsk mikrobiologisk diagnostikk og beredskap

Det er positivt at det mikrobiologiske laboratoriet ved regionsjukehus er tildelt eit ansvar.

  • 4.8.3 og 4.8.4 om transport av pasientar med høgrisikosmitte

Det er viktig at det nasjonalt blir tatt høgde for sikre transportløysingar også i grisgrendte områder. Helse Førde kommenterer mellom anna at fylket sine lufthamnar truleg ikkje vil kunne ta i mot forsvaret sine Hercules fly med spesialambulanse.

  • Vedlegg side 34 – Ansvar til regionalt kompetansesenter

Det står her at regionale kompetansesentra har ansvar for smittevern i sine helseregionar i samarbeid med sjukehusa. Vi oppfattar at det er dei regionale helseføretaka med sine underliggande helseføretak som har ansvaret for smittevernet i sine regionar, men at kompetansesentra skal utføre oppgåvene slik som omtalt i kulepunkta i vedlegget.

 

Ortografi

  • Kap 3.2.8 er ikkje med i indeksen
  • Kap 4.11.3 første punktum, «stilling»
  • Kap 5.1 siste punktum, «kommuniserer»
  • Kap 10. Definisjon av omgrepet «en smittet person» siste punktum, ufullstendig setning
  • Vedlegg: Utenriksdepartementet, første punktum – bytte ut «på» med «å».