Høringssvar fra Stavanger kommune

Nasjonal beredskapsplan mot utbrudd av alvorlige smittsomme sykdommer og Mandat for og sammensetning av Kriseutvalg for beredskap mot biologiske hendelser med rådgivere, samt mandat for Fylkesmannen

Dato: 21.09.2018

Svartype: Med merknad

Høyringssvar (sak 18/18598)

- Nasjonal beredskapsplan mot utbrot av alvorlege smittsame sjukdommar

- Mandat for og samansetnad av Kriseutval for beredskap mot biologiske hendingar med rådgjevarar

- Mandat for Fylkesmannen

 

 

Stavanger kommune ønsker å takke for høvet til å komme med høyringssvar.

 

Høyringsutkastet er todelt.

 

Første del omhandler Nasjonal Beredskapsplan mot alvorlege smittsame sjukdommar. Andre del omhandler mandat for eit nasjonalt kriseutval for beredskap mot biologiske hendingar med rådgjevarar og skildrar også Fylkesmannen sitt mandat.

 

Utkastet sin første del byggjer på Nasjonal Helseberedskapsplan, og mange av tiltaka nyttar handlingsrommet ein finn i Smittevernlova. Smittevernlova i sin noverande form er langt på veg ei operativ lov som kan nyttast direkte i smittevernsaker, både i utbrot og ved mistanke om alvorleg smittsam sjukdom. Det er i høyringsutkastet ikkje lagt opp til endringar i beståande lovverk.

 

I utkastet vert nasjonal, regional og kommunal organisering ved alvorleg smittsam sjukdom skildra godt, og forventingane til dei ulike nivåa i helsetenesta kjem tydeleg fram. Like tydeleg er også forventinga til samarbeid. Frå ein kommunal synsvinkel er det betryggande med tilgjenge til nasjonal spesialkompetanse frå FHI og regionalt frå infeksjonsmedisinsk kompetanse ved dei store regionsjukehusa.

 

Kommuneoverlegen i den einskilde kommune står i ei særstilling i smittevernarbeidet ved alvorleg smittsam sjukdom, slik han/ho gjer i alle typar smittevernutfordringar kommunalt og interkommunalt. Helsetenesta sin bruk av kommuneoverlegen, og kommuneoverlegen sin plikter og muligheiter innanfor Smittevernlova er godt skildra.

 

Tabellarisk oversikt over mulege smitteverntiltak (s.10, tabell 2), med henvising til relevante paragrafar i Smittevernlova, er svært oversiktleg og direkte anvendbart i situasjonar der kommuneoverlegane treng lovverket som arbeidsverktøy.

 

Andre del omhandlar Mandat for og samansetnad av Kriseutval for beredskap mot biologiske hendingar samt mandat for Fylkesmannen.

Stavanger kommune vurderer Kriseutvalet sin samansetnad, og Folkehelseinstituttet sin sekretærfunksjon for utvalet som hensiktsmessig. Mandatet til Fylkesmannen, som ansvarleg regional koordinasjon av tiltak gitt av Kriseutvalet, virker også hensiktsmessig og er med å forankre beslutningar og vurdering av trusselbilete frå Kriseutvalet ned til dei enkelte regionar og kommunar.