Høringssvar fra Sogn og Fjordane Høgre

HØYRINGSUTTALE SOGN OG FJORDANE HØGRE

Dato: 09.03.2016

Svartype: Med merknad

Rapporten frå Grøn skattekommisjon inneheld ei rekke vurderingar og tilrådingar som Sogn og Fjordane Høgre kan slutte seg til, men også ein del som, utifrå vårt syn, ikkje er føremålstenlege løysingar.

Våre merknader vert presentert punktvis og gruppert etter dei ulike tema i rapporten.  Vi har i vårt arbeid ikkje sett det som vår oppgåve å lansere tiltak som ikkje er omhandla i rapporten, men deltek gjerne i slike drøftingar ved ei vidareføring av arbeidet.

 

  1. Sogn og Fjordane Høgre tilrår at det ved nedsetting av utval som skal utgreie og tilrå nasjonale saksområder, vert sikra ein representasjon med ei betydelig betre geografisk spreiing og gjerne meir variert fagleg og yrkesmessig breidde enn kva samansettinga av dette utvalet representerer. Dette vil auke både truverde og kvaliteten i tilrådingane m.o.t best mogleg løysingskvalitet for heile landet og for både næringsliv og einskildpersonar.
  2. Vi sluttar oss til prinsippet om at forureinar skal betale for ulempene som aktiviteten fører med seg. Dette må likevel realitetsorienterast igjennom erkjenning av at tilnærma all menneskeleg aktivitet fører med seg ei eller anna form for negativ miljøpåverknad, slik dette er definert i rapporten (og ei rekke andre nasjonale og internasjonale utgreiingar). Ei utfordring blir å sette rasjonelle grenser for når miljøpåverknaden er av ein slik art at det krev bruk av spesielle verkemiddel ut over den grunnleggande lovgjevinga, samt den generelle skatte og avgiftspolitikken.
  3. Ved omlegging av skatte og avgiftspolitikken til ein grøn skatte og avgiftspolitikk, er det prinsipielt viktig at eksisterande avgifter som er av fiskal art ikkje vert oppretthaldne i tillegg til nye grøne avgifter, då dette vil føre til meir-skattlegging i tillegg til fare for suboptimalisering.
  4. Vi er samde med at provenyet frå auka miljøavgifter skal gå til å redusere selskapsskatt og personlege inntektsskattar.
  5. Innføring av nye miljøavgifter må også innrettast slik at dei ikkje verkar konkurransevridande korkje nasjonalt eller internasjonalt, som t.d. seteavgift for innanlandske flyruter som slår inn ulikt også på naboflyplassar, eller t.d. avgifter som aukar kostnadsnivået for eksportbedrifter som t.d. smelteverksindustrien eller skipsbyggingsindustrien.
  6. Vi er prinsipielt usamde med kommisjonen m.o.t at det er Finansdep. som skal forvalte dei grøne avgiftene. Etter vårt syn må grøne avgifter som er knytt til nasjonale miljøpåverknader forvaltast av Finansdep., mens grøne avgifter som er knytt til lokale miljøpåverknader må gå til lågaste forvaltningsnivå som er råka av av forureininga. I dette ligg at avgifter knytt til forureining av luft og hav naturlig ligg til det statlege nivået, medan miljøproblem knytt til arealbruk på land og sjø, mangfald knytt til artar osb. naturleg ligg til lågaste forvaltningsnivå.
  7. Vi meiner også at negativ miljøpåverknad knytt til bygging av vegar/banelegeme (offentleg infrastruktur) og bustadar må regulerast gjennom handsaming i kraft av Plan og bygningslova og dei tiltak  som vert kravd for gjennomføring av tiltak det er søkt om - ikkje gjennom å legge på avgifter.
  8. Rapporten tar ikkje inn over seg dei store regionale variasjonane knytt til bu og arbeidsområde og behova for å nytte privatbil for å kunne oppretthalde ein spreidd busetnad i store deler av landet. Etter vårt syn er den nasjonale verdien av den spreidde verdiskapinga langt viktigare enn ein marginal miljøulempe som følge av relativt få dag og vekependlarar i global målestokk. Det er difor til skade at frådragsrett for arbeidsreiser og kilometersats for bruk av eigen bil i teneste vert redusert og det gjev inga miljøbetring.
  9. Vi er positive til at det vert innført ei avgift for bruk av areal til økonomisk verksemd som m.a. kraftlinjetrasear, mineralnæring, havbruk som beslaglegg areal i område der allemannsretten gjeld. Slik avgift må likevel krevjast inn og gå til den kommunen som får ulempene i sitt lokalmiljø.
  10. Vi er prinsipielt usamde med basal menneskeleg aktivitet knytt det å “vere fødd” og det å produsere mat, som utslepp av avgassar frå dyr (og menneske), frigjering av gassar gjennom nydyrking osb. skal reknast som miljøproblem som skal avgiftsbeleggast. Denne typen verksemd og eventuelle ulempe med denne skal fangast opp av den generelle skattlegginga i samfunnet. Konsekvensar knytt til bruk av lovlege kjemikaliar som t.d. kunsgjødsel, sprøytemidlar, avlusingsmidlar, kan likevel bli i lagt avgift i den grad det vert påvist negative miljøpåverknader som kan løysast gjennom alternativ teknologi  eller behandlingsformar eller for å legge grunnlag for å utvikle slike.
  11. Vi er også prinsipielt usamde i at rapporten rår i frå utnytting av skog i bratt terreng som fornybar ressurs grunna tap av biologisk mangfald. Sogn og Fjordane Høgre meiner at bruk av skog bør premierast, då dette er ein fornybar ressurs som kan erstatte m.a. bygningsmaterialar som er betydelig meir miljøskadelege i både produksjon og seinare som avfall.
  12. Vi er usamde med tilrådinga i rapporten som går på støyavgift ved norske flyplassar. Utfordringar knytt til støy ved flyplassar må løysast gjennom reguleringsplanar som avgrensar kva aktivitet (inkl. bustader) som kan etablerast i nærområdet og igjennom handheving av luftfartsregelverket som set krav til kva flytypar som kan nyttast. I område der “gamle synder” har ført til at det ligg bustader eller anna verksemd “for nær” flyplassar, må samfunnet (gjerne Finansdep.) ta ansvar for å løyse ut slike eigedommar i staden for å pålegge ei kostnadsdrivande støyavgift som ein vanskeleg kan sjå har miljøeffekt.
  13. Vi er sterkt usamde i rapporten sine vurderingar knytt til å bygge ned infrastrukturen på kortbanenettet og på kysten sin Riksveg 1 gjennom redusert kjøp av transporttenester i form av innanlands flytrafikk på kortbanenettet og Hurtigruta sin navlestrengsfunksjon på store deler på kysten. Krav til låge utslepp i framtidige kontraktar er eit betre virkemiddel.
  14. Sogn og Fjordane Høgre er særs oppteken av at potensialet knytt til mindre vasskraftanlegg vert utnytta som ei viktig fornybar energikjelde. Utfordringane knytt til finansiell løfteevne, svak marknadsposisjon, svingande marknadsprisar og refusjonsregimet i form av anleggsbidrag knytt til nye overføringslinjer er av ein slik art at elsertifikatordninga bør vidareførast i forbetra utgåve for denne bransjen. Vi er soleis sterkt usamd med tilrådinga i rapporten.
  15. Vi er samde med problemskildringa knytt til marin forsøpling generelt og mikroplast spesielt og meiner at det best kan løysast ved innføring av panteordning på både plastemballasje og andre volumtunge plastprodukt som t.d. fritidsbåtar. Dette må gjerast i kombinasjon med å legge til rette for mottaksanlegg for plast som i størst mogleg grad skal resirkulere avfallet.
  16. Vi er samde med at elavgifta og grunnavgifta på mineralolje er av fiskal karakter som ikkje har miljøeffekt. Grunnavgift på eingongsemballasje for drikkevarer bør likevel sjåast i samanheng med etablering av mottaksanlegg (sjå over) og den vil då kunne ha ein betydelig miljøeffekt.

 

 

Vidar Grønnevik, fylkesleiar   Ingvar Torsvik Myrvollen, fylkessekretær