Høringssvar fra Fylkesmannen i Hordaland

NOU 2015 2 Å høre til. Høyringssvar

Dato: 14.06.2015

Svartype: Med merknad

Innleiing
Fylkesmannen viser til brev av 19.03.2015 der NOU 2015:2 Å høre til. Virkemidler for et trygt psykososialt miljø, vert sendt på høyring.

I tråd med oppmodinga i høyringsbrevet har vi ordna kommentarane etter oversynet over samla tiltak punkt 1.6 i utgreiinga.

Det overordna målet med lovgiving og arbeidet med det psykososiale miljøet må vere at alle i skulen arbeidar for at kvar einskild elev skal ha det godt på skulen, og at alle elevar opplever at skulen vernar dei mot negativ åtferd frå andre elevar eller vaksne. Det føreset at dei tilsette ser kvar enkelt elev, og tar alle signal om at noko er gale, på alvor. Skulen og skuleeigar må vite kva dei er forplikta til, og korleis dei skapar eit godt og trygt psykososialt miljø, og kva som skal til for å effektivt stoppe negativ åtferd. Det ein gir merksemd, leier ofte også til handling. Det psykososiale miljøet må difor vere like viktig skulen som PISA, og få like mykje merksemd.

Fylkesmannen i Hordaland er av den oppfatninga at utvalet har gjort eit stort og grundig arbeid med temaet. Slik Fylkesmannen ser det, er det viktigaste tiltaka utvalet foreslår å styrke skulen og skuleeigar sin kompetanse om regelverket og arbeid med det psykososiale miljøet. Det er viktig at regelverket ikkje blir så komplisert at skulane ikkje klarer å forvalte det. Rettstryggleiken til elevane er avhengig av at skulen kjenner pliktene sine, godtek desse og evner å følgje dei. Det er skulenivået sin evne og vilje til å reagere kontant, som er avgjerande.

Vårt syn på dei føreslåtte tiltaka byggjer på det som er sagt ovanfor: Vil tiltaket styrke eller svekke arbeidet for elevane sitt skulemiljøet lokalt på skulen?

Til kapittel 12 – Fra menneskerettigheter til praksis
Forslaget til ny § 1–4 viser til sentrale prinsipp i barnekonvensjonen. Sjølv om desse alt gjeld som norsk rett etter menneskerettslova, kan det vere eit pedagogisk poeng å vise direkte til denne i opplæringslova.

Fylkesmannen i Hordaland støttar forslaget om å lovfeste ein nulltoleranse mot ord og uttrykk som krenkjer verdigheta eller integriteten til elevane.

Til kapittel 13 – Arbeid med å fremme et trygt skolemiljø og forebygge krenkelser, mobbing, trakassering og diskriminering
Fylkesmannen i Hordaland går ikkje inn i alle tiltaka som er foreslått i dette kapittelet, men støttar hovudintensjonen bak desse tiltaka. Eit godt psykososialt skulemiljø kan ikkje skapast av lov åleine, utan at vi har ein god skulekultur. Frå våre tilsyn og klagesaker ser vi at det avgjerande er om skulen og skuleeigar har vilje og evne til å sørgje for at kvar einskild elev har det trygt og godt på skulen. Evne handlar om kjennskap til reglane og kunnskap om korleis ein lagar eit godt skulemiljø for kvar elev. Vilje handlar om haldningar. Skal skulen lukkast med arbeidet for å sikre kvar einskild elev eit godt skulemiljø, må rektor og dei tilsette sjå på dette som ei sjølvsagt oppgåve. Forslaget om å lovfeste nulltoleranse for krenking vil kunne vere til hjelp for å skape klare og gode haldningar, både hjå elevar, tilsette, skuleleiinga og skuleeigar.

Lovgjevar må kommunisere tydelege verdiar til dei tilsette. Mykje av dette finst alt i formålsparagrafen til opplæringslova og i føresegnene i den generelle delen av læreplanforskrifta. Desse føresegnene bør i større grad løftast fram, og det kunne vore vurdert om desse kunne vore presisert i kapittel 9A.

Fylkesmannen i Hordaland er einig i at det førebyggjande arbeidet og arbeidet med klasseleiing må styrkast. Det er på det systematiske og førebyggjande arbeidet at skulane får flest avvik ved tilsyn. Skulene har gjerne mange planar og rutinar, som gjerne er fragmenterte og ikkje alltid knytt til lovkrava.

Til kapittel 14 – Handtering av krenkelser, mobbing, trakassering og diskriminering i skolen
Fylkesmannen i Hordaland støttar forslaget om at det vert laga ein rettleiar for handtering av krenkingar, som byggjer på kunnskap om kva som verkar, og den nye aktivitetsplikta. Erfaringa vår frå tilsyn er at evna til å handtere problem og kunnskap om pliktene, gjer dei tilsette tryggare og meir handlekraftige. Det er viktig at ein slik rettleiar ikkje vert for omfangsrik.

Utvalet tek opp problemet der tilsette krenkjer elevar, og foreslår ein ny § 9A–8 om skjerpa aktivitetsplikt mot dette. Denne blir kanskje litt absolutt når rektor får plikt til å varsle skuleeigar når ein tilsett har krenkja ein elev. Krenkingar kan vere alt frå fysiske og psykiske overgrep som vald og utskjelling, til bruk av sarkasmar og latterleggjering. Ikkje noko av dette skal tolererast. Det bør likevel gjelde eit proporsjonalitetsprinsipp her, slik at ikkje eit uheldig slengord eller sarkastisk utsegn skal føre til at ein lærar blir rapportert til skuleeigar.

Til kapittel 15 – økt rettssikkerhet ved tydeliggjøring av kapittel 9a
Fylkesmannen i Hordaland merker seg forslaget om å regulere retten til det fysiske og det psykososiale miljøet i kvar sin paragraf. Sjølv om vi mister éi overordna felles føresegn, vil delinga likevel kunne gjere det lettare å sjå krava til kvar av områda meir samla.

Val av ord og omgrep i forslaget
Utvalet foreslår å bytte ut ordet «godt» med «trygt» i § 9a–1 og 9a–2, slik at elevane får ein rett til eit trygt skulemiljø. I og for seg kan kanskje «godt» synast som ein vag rettsleg standard. Samstundes kan vi ikkje sjå at ordet har gitt tolkingsproblem i praksis. Vi er derimot redd for at ordet «trygt» kan bli oppfatta meir snevert enn «godt», og dermed svekke retten til elevane. Antonymet til «trygt» kan lett bli «utrygt» eller «farleg», og då kan ein risikere utsegn som at «dette er ikkje farleg». Det er kanskje særleg uheldig når det vert knytt til det fysiske skulemiljøet. Det kan lett tenkjast situasjonar der t.d. luft og temperaturtilhøva i skulen er så dårleg at elevane blir plaga. Det gir dårleg trivsel og læring, men vil ikkje alltid vere «utrygt». Elles er det mange elevar som er einsame og føler seg utanfor på skulen, utan at dei ville sagt at dei var utrygge.

Ordet «krenkjande» har i de seinare åra fått eit vidare innhald enn då kapittel 9a blei til. Tanken bak lova var fyrst og fremst å verne eleven sin integritet, verdigheit og sjølvrespekt. I dag ser vi at ytringar eller handlingar som korkje er meint å vere vondsinna eller spesielt retta mot ein eller fleire personar, likevel kan bli oppfatta som krenkjande. Orsaka kan vere misforståingar på grunn av kulturforskjellar, eller sterk identifisering til religion eller ærekjensle.

«Krenkjande» er heller ikkje eit dekkjande ord når ein skal beskrive utestenging.

Elles vil vi minne om at eit omgrep som psykososialt miljø kan vere vanskeleg å forstå, særleg for dei yngre elevane.

Kravet om internkontroll – forslag til ny 9A–3
Fylkesmannen i Hordaland støttar forslaget om å utdjupe internkontrollplikta med arbeidsmiljølova (aml) § 3–1 som modell. Som utvalet seier, blir internkontrollkravet i dag tolka i tråd med mellom anna arbeidsmiljølova og internkontrollforskrifta.

Fylkesmannen i Hordaland meiner denne samordninga bør gjerast fullt ut. I forslaget til ny § 9A–3 tredje ledd vert internkontrollplikta innsnevra når det gjeld både arbeidsmiljølova og tolkinga av gjeldande § 9a–4. Forslaget ber preg av å vere skreve om for å passe til det psykososiale skulemiljøet, men internkontrollføresegna skal gjelde både for det psykososiale og det fysiske skulemiljøet.

Forslagets § 9A–3 tredje ledd bokstav c fokuserer på tiltak, utan å nemne planar slik aml. § 3–1 gjer. Då blir t.d. kravet om vedlikehaldsplan ikkje så iaugefallande. På same måte er § 9A–3 bokstav d i forslaget om innsnevra til å berre gjelde krenking, medan tilsvarande føresegn i aml § 3–1 gjeld arbeidsmiljøet generelt. Aml § 3–1 bokstav g om «løpende kontroll med arbeidsmiljøet og arbeidstakernes helse når risikoforholdene i virksomheten tilsier det», har i forslaget fått eit motstykke i at skulen «skal sikre gjennomføring og oppfølging av Elevundersøkinga». Også her snevrar forslaget inn internkontrollplikta. Det er særs viktig at skulen kontinuerleg følgjer med på korleis elevane har det. Er det t.d. problem med luftutskifting i eit klasserom, må både sjølve miljøtilhøva og helsa og trivselen til elevane overvakast nøye. Slik løpande kontroll vil og kunne vere relevant der skulen har særlege psykososiale utfordringar.

Aml § 3–1 heimlar forskrift om mellom anna krav til dokumentasjon av HMS-arbeidet. Det er ikkje tatt inn i § 9A–3. Ei slik heimelsføresegn ville kunne gjere det naturleg å knytte forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) til opplæringslova kapittel 9A.

Fylkesmannen i Hordaland ser ingen grunn til at internkontrollplikta retta mot elevane sitt skulemiljø skal vere svakare enn internkontrollplikta retta mot dei tilsette sitt arbeidsmiljø.

Når det å førebyggje krenkingar blir nemnt som målet for skulemiljøarbeidet i § 9A–3 andre ledd, burde førebygging av sjukdom og skade vore nemnt samstundes.

Kravet til aktivitetsplikt – forslag til ny § 9A–8
Forslaget til ny 9A–8 om aktivitetsplikt presiserer at tiltak skal vere eigna og tilstrekkelege for at eleven ikkje lenger blir krenkt. Det er eit tydeleg og godt krav. Det er òg positivt at lovforslaget krev evaluering av tiltaka.

Til kapittel 16 – Styrket håndheving av brudd på kapittel 9a
Fylkesmannen i Hordaland ser problema med det gjeldande klagesystemet som utvalet peiker på. Det største problemet er at det ikkje har vore kjent og nytta i stor nok grad. Vi er òg einige i dei orsakane utvalet peiker på. Dessverre er det òg døme på at foreldre ikkje tør å klage, fordi dei er redd at skulen vil la det gå utover barna deira. Ei anna sak er at nokre foreldre ikkje ønskjer noko enkeltvedtak, anten fordi dei finn det stigmatiserande eller fordi dei ikkje bli oppfatta som brysame. Det siste trur vi og ville kunne opplevast som ein stor terskel uansett kven som er klageinstans.

Eit anna problem er at skulane ofte grip for seint inn, og ventar for lenge med å gjere vedtak. Det finst alt for mange døme på at skulen ikkje har kunne bestemme seg for om ein elev vert mobba eller ikkje, før skulen gjer vedtak. Det kan skuldast det store fokuset på mobbing, som igjen kan ha samanheng med at skulen nyttar eit antimobbeprogram i staden for å ha internkontroll som femner om heile kapittel 9a. Slike antimobbeprogram er ikkje alltid tilpassa lovkrava, og inneheld ikkje alltid rutinar for å gjere enkeltvedtak.

Fordelen med det gjeldande systemet er at skulen gjennom enkeltvedtaket bind seg rettsleg til å gjennomføre tiltaka. Ved å ta bort enkeltvedtaket vert skulen ikkje lenger tvungen til å ta stilling til om retten til eit godt psykososialt miljø er broten eller ikkje. Eleven mister òg ein del forvaltningsrettslege rettar.

Vi ser òg at det gjeldande klagesystemet er formulert på ein måte som gjer det vanskeleg å forstå utan kjennskap til forvaltningslova. Dersom ordninga vi har i dag skal halde fram, bør føresegna gjerast klårare og meir tilgjengeleg. I staden for å vise til forvaltningslova, kunne opplæringslova seie at skulen skal nedfelle tiltaka skriftleg i eit enkeltvedtak, at skulen må følgje føresegnene om saksbehandling i forvaltningslova, og at eleven/foreldra kan klage på vedtaket til Fylkesmannen osb.

Ein fordel med den foreslegne ordninga, er at den harmoniserer godt med modellen i arbeidsmiljølova og i forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular. Der er det Arbeidstilsynet og kommunen sitt miljøretta helsevern som gir pålegg retta mot verksemdene, og ikkje vedtak til brukarane.

Ein fordel ved at skulen ikkje lenger skal gjere vedtak, er at skulen ikkje lenger treng å vurdere når tiltak skal fastsettast i enkeltvedtak. Det kan føre til at sjølve tiltaka får meir merksemd. Nokre foreldre har òg vore i mot at skulen skal gi barnet deira enkeltvedtak, kanskje fordi dei assosierer dette med spesialundervisning.
At skulen ikkje lenger skal felle ned tiltaka i eit enkeltvedtak, treng ikkje få stor verknad for skulen. Sjansen for å få sanksjonar mot seg vil venteleg gjere at skulen framleis vil dokumentere kva som vert gjort av tiltak.

Forbod mot gjengjelding
Fylkesmannen i Hordaland er einig med utvalet i at det kan vere ein fare for at foreldre kan oppleve at det at dei klagar blir brukt mot dei av skulen eller skuleeigar. Vi ser òg ønsket om harmonisering med lovverk som har vern mot gjengjelding. Samstundes ser vi at ein slik føresegn kan gi eit signal om at lovgjevar har mistillit til skulen og skuleeigar. Det kan vere negativt for samarbeidet mellom heim og skule.

Fordelar og utfordringar ved å skilje ut sakene om psykososialt miljø til ein eigen, sentralisert klageinstans
Ei utfordring ved å lage ei eiga ordning for klager på det psykososiale skulemiljøet, er at ein kan tape heilskapen i sakene av syne. Svært mange saker om det psykososiale skulemiljøet, handlar òg om andre ting. Samstundes vil det psykososiale skulemiljøet ofte vere eit moment i andre saker. Ikkje alle saker er "reine" 9a-saker. Det psykososiale miljøet vert ofte brukt som argument i saker som gjeld skuleskyss, skuleplassering, skulebytte og klassebytte. Nokre saker kan vere ei blanding av spesialundervisnings- og skulemiljøsaker. Saker om det psykososiale miljøet har òg ei side mot disiplinærreaksjonar og saker om flytting av elev etter § 8–1 fjerde ledd. Alt dette er saker som framleis skal behandlast av Fylkesmannen. Fylkesmannen må difor framleis ha høg kompetanse på det psykososiale miljøet. Samstundes må det nye klageorganet kjenne til andre delar av opplæringslova for å kunne gje forsvarleg rettleiing.

Med ein sentral klageinstans for alle saker om psykososialt miljø, vil vi venteleg kunne få samla kunnskap og erfaring på ein stad. Ei sentralisering vil òg kunne medverke til auka likebehandling. Samstundes er det ved den einskilde skulen og personane rundt eleven at tiltaka skal gjennomførast. Då er det avgjerande å ha ein direkte nærleik til og forståing av dei gjerne komplekse situasjonane i saka. Allereie i dag ser vi som klageinstans den store avstanden frå saksbehandlar til den læraren som skal sette i verk tiltak, som ei ulempe. Denne avstanden vil ikkje bli mindre om sakene skal vurderast sentralt av Barneombodet.

Vi meiner at lovgjevar må reflektere over at ein på den eine sida ynskjer større og meir robuste kommunar, samstundes som det vert gjort framlegg om å sentralisere handhevinga av dette regelverket. Større kommunar ville i større grad kunne skaffe seg kompetanse til å handtere skulemiljøsakar. Fylkesmannen i Hordaland meiner at det å styrke skuleeigarskapet vil vere eit av dei viktigaste tiltaka for å styrke handhevinga av opplæringslova. Det bør vurderast om det burde lov- eller forskriftsfestast at skuleeigar skulle ha særskilt kompetanse på psykososialt skulemiljø. Det er viktig at vi har eit apparat for å handtere desse utfordringane på eit lokalt plan. Ansvaret må ikkje flyttast frå kommunen til ombodet.

Klage- eller tilsynsorgan?
Forslaget inneber eigentleg at Barneombodet blir meir eit tilsynsorgan enn eit klageorgan i tradisjonell forstand. "Klaga" til ombodet utløyser noko som minner meir om eit hendingsbasert tilsyn enn ei tradisjonell klagesak etter forvaltningslova. Det vert understreka ved at ombodet skal kunne fastsetje sanksjonar som pålegg om retting, tvangsmulkt og lovbrotsgebyr. Spørsmålet blir då om ei slik sentralisert tilsynsmynde er vegen å gå. Der Fylkesmannen har hatt hendingsbasert tilsyn i skulemiljøsaker, har vi som regel funne det føremåltenleg å reise ut til eller kalla skuleeigar inn til møte. Det vil lettare la seg gjere om desse oppgåvene var plassert nærare skulane.

Samstundes skal Fylkesmannen halde fram med å vere tilsynsmynde etter § 14–1, men med no utvida fullmakter etter forslaget til nytt kapittel 16. Utvalet foreslår òg at Barneombodet skal kunne varsle tilsynsmyndigheita dersom dei «i behandlinga av saka finn alvorlege eller gjentekne lovbrot». I merknadane til § 9A–10 i forslaget skriv utvalet at Barneombodet ikkje skal bringe vidare teiepliktig informasjon til Fylkesmannen. Det kan gjere det vanskeleg å gjennomføre hendingsbaserte tilsyn. I dag har Fylkesmannen tilgang til alle former for opplysningar ved klage og tilsyn. Ei desimering av dette vil svekke elevanes rettstryggleik.

Endring av barneombodet si rolle
Utvalet argumenter for å la Barneombodet vere klageinstans framfor å opprette eit eige elevombod slik dei har gjort i Sverige. Fylkesmannen i Hordaland ser poenget med at Barneombodet er godt kjent. Vi trur likevel ikkje det er ei god løysing å legge denne oppgåva til Barneombodet.

Forslaget inneber ei klar endring av rolla til Barneombodet, og dermed òg Barneombodet sin eigenart. Medan Forbrukarombodet og Likestillings- og diskrimineringsombodet også skal handheve eit regelverk, har Barneombodet hatt som oppgåve å arbeide for å fremme barna sine interesser og rettssikkerheit meir generelt. Barneombodet skal mellom anna følgje med i at lovgiving til vern om barns interesser vert følgd, og foreslå tiltak for å styrke rettssikkerheita til barna, sjå barneombodslova § 3. Forarbeida til loven understrekar rolla som eit frittståande interesseorgan. Barneombodet er barna sin talsperson, både overfor det offentlege og private.

Mobbing i skulen har nettopp vore eit av dei områda der Barneombodet har engasjert seg sterkast, og retta søkjelyset både på regelverket og korleis forvaltninga har handheva det. Dersom Barneombodet skulle settast til å handheve det same regelverket, blir spørsmålet kva dette vil gjere med Barneombodet si frie stilling. Vil Barneombodet som barnas uredde og uavhengige talsperson framleis vere like kritisk til lov og praksis når dei sjølv skal gjere vedtak i skulemiljøsaker ? Det er viktig at den løysinga lovgjevar vedtek, vil føre til ei merkbar betring av situasjonen til alle elevar som vert plaga på skulen. Dersom ordninga likevel ikkje skulle fungere som tenkt, er det viktig Barneombodet si stemme ikkje spaknar på grunn av dobbeltrolla som ombod og handhevingsorgan. Det vil her vere naudsynt å diskutere ombodsrolla i et større perspektiv, og kva rolle eit ombod skal ha i et demokratisk system. Ein må difor ha tenkt nøye gjennom kva som skjer om ombodet blir eit forvaltningsorgan. Vi ønsker heller å styrke Barneombodets sin viktige oppgåve som barnas vaktar. Framlegget til utvalet er derfor ufullstendig på dette området.

Klage til skulemiljønemnda
Forslaget gir ikkje skulen/skuleeigar klagerett på Barnombodets vedtak. Det positive med det er at det ikkje vert skapt eit unødig bilete av skulen og heimen som motpartar. Skulen har ei omsorgsplikt overfor elevane og alle involverte skal ha det beste for barnet for auget. Samstundes kan spørsmålet om klagerett for skuleeigar diskuterast, særleg når det gjeld private skular. Både arbeidsmiljølova og forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular gjer høve til å klage over pålegg, og her gjeld klageretten både private og offentlege skuleeigarar. Også her manglar ei prinsipiell vurdering frå utvalet.

Behovet for sanksjonar og reaksjonar
Fylkesmannen i Hordaland ser at mange skuler og skuleeigarar ikkje gjer nok for å stanse krenking av elevar. Hos enkelte kan orsaka vere at dei ikkje evnar å sjå alvoret i saka. Samstundes finn vi utvalet sin omtale av kommunane i overkant negativ. Inntrykket vårt frå tilsyn og klagesaker er at kommunane rettar seg etter pålegga og vedtaka våre, sjølv om vi ikkje har andre sanksjonar i bakhand. I dei fleste sakene der skulane ikkje klarar å stanse krenkjande åtferd, vil vi tru at orsaka er manglande evne, og ikkje vilje. Spørsmålet er då om tvangsmulkt er rett måte å få skulane til å følgje lova på. Her vil vi igjen peike på behovet for å styrke den lokale fagkompetansen når det gjeld både regelverk og kva skulane må gjere for å effektivt stoppe krenkingar.

Samstundes kan omsynet til harmonisering mellom arbeidsmiljølova og kapittel 9A – barna sin arbeidsmiljølov tale for at tilsynsmynde etter opplæringslova får dei same verkemidla som arbeidstilsynet har.

Vi merker oss elles at utvalet foreslår ein ny påleggsheimel i utkastet § 16–1. En slik heimel har Fylkesmannen alt i dag etter opplæringslova § 14–1 jf. kommunelova § 60d. Forskjellen er at kommunelova her krev at kommunen eller fylkeskommunen vert gjeven ein rimeleg frist til å rette tilhøva før det vert gitt pålegg. Då dette atterhaldet vart innført, svekka dette Fylkesmannen sin reaksjonskompetanse samanlikna med dei vaksne si arbeidsmiljølov. Forslaget til ny § 16–1 inneheld ikkje noko slikt atterhald. Samstundes har utvalet ikkje foreslått å endre tilvisinga til kommunelova i opplæringslova § 14–1. Fylkesmannen i Hordaland kan vanskeleg sjå at desse to føresegnene kan eksistere i same lov.

Fylkesmannen merkar seg at utvalet ikkje vil ha eige føresegn om stansing/ stenging med bakgrunn i det psykososiale skulemiljøet, men opnar for at det kan vere aktuelt ved brot på elevane sitt fysiske miljø. Det er ikkje følgd opp i lovforslaget. Fylkesmannen meiner lovgjevar her bør nytte høvet til å lovfeste ein stansingsheimel i det nye kapittel 16.

Fylkesmannen ser nytta av å ha høve til å bruke økonomiske reaksjonar og sanksjonar der det er manglande vilje til å oppfylle retten til elevane.

I forslaga til sanksjonsføresegnene står det at tvangsmulkt og lovbrotsgebyr er tvangsgrunnlag for utlegg. Arbeidsmiljølova har ei tilsvarande føresegn når det gjeld lovbrotsgebyr, men ikkje for tvangsmulkt. Samstundes er vi i tvil om desse føresegnene vil ha nokon gjennomslagskraft mot tvangslova § 1–2 andre ledd, som seier at pengekrav mot ein kommune eller fylkeskommune ikkje kan tvangsfullbyrdast etter tvangslova kapittel 7 om utlegg.

Forslag om etablering av utdanningsrettsleg kompetanse
Fylkesmannen støttar forslaget om å etablere eit utdanningsrettsleg fagmiljø og initiere meir utdanningsrettsleg forsking.

Til kapittel 17 – Skoleeierens styring og støtte
Fylkesmannen støttar utvalets forslag om å tydeleggjere skuleeigars ansvar. Sjølv om dette alt følgjer av oppll. § 13–10, støttar vi forslaget om plikt for skuleeigar til å sikre at retten til eit godt psykososialt skulemiljø vert oppfylt for alle elevar, kjem til uttrykk i § 9A–1. Samstundes vil vi understreke at ei slik føresegn ikkje berre bør gjelde det psykososiale miljøet, men òg for det fysiske. Her er skulen kanskje enda meir avhengig av at skuleeigar tek ansvar.

Erfaringa vår frå klagebehandling og tilsyn er at regelverkskompetanse og kompetanse om førebygging og handtering av skulemiljøsaker, er høgst varierande i kommunane. Det har difor vore uheldig at Fylkesmennene gjennom dei siste åra har vore instruert til å ikkje la tilsyn femne om skuleeigars ansvar og kravet til forsvarleg system etter § 13–10.

Fylkesmannen støttar forslaget om å endre mandatet for PP-tenesta, og styrke denne. Det kan vere ei føremon med fagmiljø med spisskompetanse på psykososialt skulemiljø slik utvalet tar til orde for, men det avgjerande er at denne kompetansen er tilgjengeleg for skulane. Då bør slik kompetanse kunne finnast i kvar kommune. Elevene sin rett til eit godt psykososialt miljø må sikrast lokalt ved den einskilde skule. Då må naudsynt kompetanse finnast lokalt, anten på skulen eller hjå skuleeigar.

Fylkesmannen trur ikkje at ei ordning som overfører vedtakskompetansen til Barneombodet vil føre til ei styrking av skuleeigar sitt ansvar og kompetanse.

Til kapittel 18 – Styrket samarbeid med andre – et bedre støttesystem
Utvalet foreslår å styrke skulehelsetenesta. Her kan det spørjast om ikkje det bør overlatast til kvar kommune kva for faggrupper dei vil nytta i skulemiljøarbeidet. Det kan tenkjast at kommunen vil bruke miljøterapeutar og psykologar i dette arbeidet. Vi har tru på at større og meir robuste kommunar vil styrke kommunane sin kompetanse og høve til å ta fatt i området på ein betre måte.

Til kapittel 19 – Å styrke kompetansen
Fylkesmannen støttar at handtering av krenkingar m.v. må inn i lærar- og rektorutdanningane. Vi veit kva som verker når det gjeld handtering av krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering i skulen. Det må formidlast til dei som skal handtere det i praksis.

Til kapittel 20 – Forskning
Vi viser her til det vi har sagt elles om behovet for kunnskap på skule- og skuleeigarnivået.

Til kapittel 21 – Inkluderende skolemiljø – en ny statlig satsing
Fylkesmannen støttar forslaget om ein stor statleg satsing på inkluderande skule. For at ei slik kompetanseutvikling skal vere vellukka, må ein sørgje for at ein har kapasitet i fagmiljøa til å verkeleg nå ut til alle skulane, og utan at det treng å skje i puljar. Staten må då ta stilling til om ein som ein del andre satsingar skal gå direkte på skulane, eller om ein heller skal satse på å styrke skuleeigars kompetanse. Vi meiner at det er viktig at skuleeigar blir gjort ansvarleg. Utfordringa er at skuleeigar ikkje tar ansvar.


Med helsing

 

Rune Fjeld 
ass. fylkesmann 

Johan Sverre Rivertz
seniorrådgjevar

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

Vedlegg