Høringssvar fra Ullensvang herad

Å høre til

Dato: 19.06.2015

Svartype: Med merknad

Rektorane i Ullensvang herad har diskutert NOU 2015:2 Å høre til og har fylgjande kommentarar:

  • I arbeidet med å sikra eit godt læringsmiljø for alle elevar treng skulen hjelp frå andre instansar.
  • Ullensvang har små skular. Små skular treng også ressursar til sosiallærarar.
  • Små skular ute i distrikta med store geografiske avstandar har færre verkemiddel å spela på i td mobbesaker. På fådelte skular er det ikkje mogeleg å byta klasse. Når det er lang avstand til naboskulen, er det heller ikkje eit alternativ å byta skule.
  • Ein del mobbesaker er svært vanskeleg å løysa. I slike saker verkar det urimeleg med bot.
  • I arbeidet med eit godt læringsmiljø for alle elevane er det viktig at heile personalet arbeider mot same målet. Etterutdanning av alle lærarane og av heile personalet med alle involverte yrkesgrupper vert difor svært viktig.