Høringssvar fra Møre og Romsdal Fylkeskommune

Høyringssvar på NOU 2015 2 Å høre til frå Møre og Romsdal Fylkeskommune

Dato: 16.06.2015

Svartype: Med merknad

Statleg satsing på inkluderande skule

Forslaget om ei nasjonal langvarig satsing på inkluderande skule er godt og bør implementerast på alle skular. Vi ser på dette som ei vidareføring av prosjektet Bedre læringsmiljø og at erfaringane frå dette prosjektet blir vidareført i denne satsinga. Det er viktig at ei slik satsing blir ei varig satsing då det tek tid å endre kulturar ved skulane, og at det blir sett i samanheng med andre satsingar som for eksempel vurdering for læring. Det er behov for meir kunnskap om lovverk og rettar på dette området, og det bør implementerast nasjonale føringar for korleis arbeidet skal foregå.

Det er viktig at det både blir satsa på førebyggjande arbeid for å hindre mobbing, men også for å profesjonalisere skulane når det oppstår akutte situasjonar. Det vil alltid vere ein risiko for at det oppstår episodar som må handterast sjølv om ein arbeider etter ein nullvisjon.  Slike retningslinjer bør vere så like som råd er nasjonalt slik at det er forutsigbart kva ein kan forvente seg, uavhengig av kva skule ein går på. 

Å kople fagleg læring og læringsmiljø er eit viktig skritt i retning av å profesjonalisere skulane i arbeidet med læringsmiljøet også. Å ha læringsmiljø med i konkrete måletjingar i viktige styringsdokument frå skuleeigar er med på å auke fokuset på arbeidet (oppdragsbrev, kvalitetsplanar og andre styringsdokument).

Tidleg innsats er viktig også på dette området for å hindre episodar i å utvikle seg, og det er viktig å involvere foreldre/føresette så tidleg som mogleg. Informasjonsplikta til skulane bør understrekast (§9a-6).

Elev- og lærlingombodet gjer eit viktig arbeid for å lære opp elevtillitsvalgte og har god kontakt ute i skulane med både elevar og skuleleiinga. Mobbing og haldningsskapande arbeid er alltid tema i elev- og lærlingombodet sine møte med elevråda.Det bør vurderast å styrke denne ressursen, slik at ein kan arbeide meir førebyggjande. Dersom ein skal styrke ressursen bør det vurderast å dele stillinga slik at ein kan bidra til det viktige arbeidet både i forhold til elevar og lærlingar. 

Styrking laget rundt eleven er sentralt. Det er begrensa kva skulen kan ha av kompetanse på for eksempel helseproblematikk, men det bør vere eit godt samspel mellom skule og hjelpeapparatet. Også her er tidleg innsats viktig og då er det særskilt skulehelsetenesta som bør styrkast. Det er stor skilnad mellom skulane kor godt tilbodet til elevane har og dette bør styrkast monaleg for å gi elevane eit godt nok tilbod.

Å endre mandatet til PPT og overføre ressursar frå Statped til skuleeigar.

Statped er i ei stor omorganisering, dette skal vere ei støtte for elevar med store hjelpebehov. Ei endring må ikkje gå ut over tilgjengelegheita til den særskilte kompetansen som Statped har og Statped må ikkje forsvinne som støtte for skulane. 

Å endre mandatet til PPT frå å gjelde dei særskilte tilfella til å arbeide med det generelle førebyggjande arbeidet er bra. Men dette vil krevje kompetanseheving og større bemanning. Og det vil krevje betre samhandling mellom dei ulike nivåa og etatane.

Endring av opplæringslova kapittel 22 om rådgivingstenesta

Ei endring av lova slik at sosialpedagogisk rådgiving må ikkje føre til at rådgivingstenesta får heile ansvaret for det førebyggjande arbeidet med læringsmiljøet. Det er viktig at det førebyggjande arbeidet med læringsmiljø er eit ansvar for alle tilsette ved skulane.

Digital mobbing

Forskinga viser at digital mobbing blant unge aukar i omfang. Å auke innsatsen mot digital mobbing er eit godt forslag. Her bør det arbeidast over tid og givast god opplæring til lærarar og føresatte. Her blir det viktig med godt foreldre-skule-samarbeid då mykje av denne mobbinga oppstår utanfor skuletid.

Kva som er forventa av elevane bør også tydeleggjerast i arbeidet med læringsmiljø. Prosjektet som elevane ved Kirkeparken i Moss gjennomførte er eit godt eksempel på ei konkretisering av elevpliktene som er med på å skape gode læringsmiljø ved skulane («Slik er den gode eleven». 

Møre og Romsdal fylkeskommune

Det er allereie igangsatt tiltak i Møre og Romsdal med HMS for elevar og den årlege rapporteringa. Møre og Romsdal er ein av dei få skuleeigarane i Noreg som har talet på enkeltvedtak etter §9a og på møter i dei lovpålagte utvala gjennom dette systemet. Læringsmiljø har vore tema på fleire leiarsamlingar, to skular har tidlegare arbeidd etter  LP-modellen og ein skule deltok i det nasjonale prosjektet Betre læringsmiljø som vart avslutta i 2014. Arbeidet med å endre kulturar tek lang tid og må vere i fokus over ei lengre periode for å skape varige endringar. Det er viktig at dei erfaringane ein har frå både prosjektet med LP-modellen og Betre læringsmiljø blir tatt med vidare i det overordna arbeidet.  HMS for elevar og læringsmiljø har også vore tema i fleire år med Elevrådsleiarsamlinga som Elev- og lærlingombodet har ansvaret for.  Utfordringa med opplæringa av elevråda er at desse skiftar medlemmer etter relativt kort tid. Det er difor viktig at kunnskapen om opplæringslov og reglement er godt forankra og at det kontinuerleg blir gitt god rettleiing til elevane frå skulen.

Då skulemiljøutvala vart oppretta gjennom ei endring i opplæringslova, hadde fylkeskommunen eigne samlingar for å gi opplæring til utvala. Behovet for å fortsette dette arbeidet, i samarbeid med elev- og lærlingombodet, bør vurderast på nytt.

Mobbemanifest til Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal utarbeidde i 2015 eit mobbemanifest som tek opp i seg mykje av det som er omtala i utvalet sitt arbeid. Vi legg ved dette manifestet i høyringssvaret.

Politisk behandling av høyringa

Høyringa har vore behandla både i Utdanningsutvalet (30.4.2015 og i Ungdomspanelet (16.6.2015) som stiller seg bak høyringssvaret. 

Vedlegg