Høringssvar fra Volda kommune/ Opplæring og oppvekst

Innspel frå Volda kommune

Dato: 22.06.2015

Svartype: Med merknad

Innspel frå Volda kommune: Høyring NOU 2015:2 Å høyre til

 Når ein les høyringa NOU 2015:2 ”Å høyre til”, kan ein konstatere at dette er eit grundig arbeid som verkeleg kan få barn, ungdom og dei som er rundt på rett veg dersom det vert følgd opp som skildra.

Det vert peika på at ein god barndom varer heile livet og at mobbing er eit samfunnsproblem.

Utvalet har arbeida ut frå kunnskap, det ein veit, og det gjer lesaren trygg på at forslaga vi hjelpe mange barn og unge. Det VIL gjere skulane tryggare, lærarane tryggare, skuleeigarane og skuleleiarane tryggare, foreldra og barna tryggare og vi trur at familiane kan få hjelp.

Vi saknar perspektivet som gjeld barnehage. Å utelate barnehage er ikkje å satse på barn og unge. Vi meiner at innsatsen må starte der; for barnet, for familien, for pedagogen, styrar og barnehageeigar.

I vår kommune meiner vi at tidleg innsats er grunnleggande, på alle område. I dei fyrste åra vert grunnlaget lagt for all utvikling, både fagleg og sosial, noko NOU-en også peikar på. Familien og barnet etablerar dei fyrste rutinane sine i desse åra, på godt og vondt. I denne sårbare tida kjenner familien om apparatet rundt er til å stole på eller ikkje. I denne tida legg ein grunnlag for samarbeid og tilllit som igjen er avgjerande faktorar dersom det seinare oppstår utfordringar.

Vi meiner at grunnlaget for dokumentet er godt, men meiner også at det manglar eit område, barnehage, som er vesentleg for å kunne tenkje seg full effekt av ei slik viktig og grundig satsing.