Høring - NOU 2016: 1 Arbeidstidsutvalget

Høringssvar fra Raudt Stryn

Høyringssvar til Arbeidstidsutvalet sine framlegg frå Raudt Stryn

Dato: 28.06.2016
Svartype: Med merknad

Raud Stryn syner til høyring utsendt 14.01.16 frå Arbeids- og sosialdepartementet om NOU 2016: 1 Arbeidstidsutvalget – Regulering av arbeidstid – vern og fleksibilitet. Her er Raudt Stryn sitt høyringssvar:

I Statens Arbeidsmiljøinstitutt sin Faktabok om arbeidsmiljø og helse 2015 – Status og Utviklingstrekk kan ein mellom anna lese dette:

  • “Muskel- og skjelettplager er om lag like utbredt i dag som for tjue år siden.”

  • “ 27 prosent av alle yrkesaktive (…) er ganske eller svært plaget av smerter i løpet av en måned og om lag halvparten svarer at disse plagene helt eller delvis skyldes jobben.”

  • “Arbeid som medfører gjentatte og ensidige hånd- eller armbevegelser og stående arbeid, utgjør de absolutt vanligste mekaniske eksponeringene, og prosentandelen som oppgir dette, har vært relativt stabil de siste tjue årene.”

  • “Ved arbeid med mange repetisjoner og ved vedvarende trykk kan det bli betennelse i seneskjeder og slimposer som sørger for at senene kan beveges i forhold til vevet rundt.”

Når dette er funn frå Statens Arbeidsmiljøinstitutt, meiner Raudt Stryn at det er oppsiktsvekkande at det i framlegget til Arbeidstidsutvalet blir lagt opp til at arbeidskjøpar skal få vide mogelegheiter til å nytte gjennomsnittsrekning av alminneleg arbeidstid uten å måtte gjere avtale med tillitsvalde eller tilsette, samstundes som Arbeidstidsutvalet òg går inn for at dagens reglar med minst 11 timer samanhengjande arbeidsfri i løpet av 24 timer, så lenge noko anna ikkje er gjort avtale om med lokal tillitsvald i verksemd med tariffavtale, skal endrast til at arbeidskjøpar kan sette den daglege arbeidsfrie perioden ned til 9 timar – utan å inngå avtale med korkje tillitsvalde eller tilsette. Dette er begge framlegg som openbart kjem til å føre til ei auke i førekomsten av helseskadelege skift- og turnusordningar i arbeidslivet.

Dette syner at Arbeidstidsutvalet har vald å sjå heilt vekk i frå dei mange i det norske arbeidslivet som har fysisk tunge yrker, som alle kjem til å tape på dei endringane som Arbeidstidsutvalet føreslår.

Raud Stryn meiner vidare at framlegga frå Arbeidstidsutvalet utgjer enda eit uakseptabelt angrep på stillingsvernet, i tillegg til ein rekke endringar som gjev arbeidskjøpar ein kraftig utvida styringsrett. Raud Stryn går difor mot alle framlegga til endringar som kjem frå Arbeidstidsutvalet.