Høring - NOU 2016: 1 Arbeidstidsutvalget

Høringssvar fra Ellen K Storevik

Nei takk!

Dato: 30.06.2016
Svartype: Med merknad

Nei takk til forslaget til arbeidstidsutvalget. Ja takk til sykepleierløftet til NSF. 

Vi veit at behovet for sjukepleiarar kjem til å auke i åra framover, og at ein har vanskar med å få tak i nok sjukepleiarar. Eg trur at dersom ein skal sikre god rekruttering til sjukepleieyrket og sikre at sjukepleiarar orkar å stå i yrket til dei pensjonerer seg, så må ein betre arbeidsforholda. Ein må ikkje forverre dei. Dette forslaget vil svekke arbeidsforholda til turnusarbeidarar, og dersom dette blir vedteke fryktar eg ei masseflukt frå yrket. Som sjukepleiar arbeider eg kvar tredje helg og ca halvparten av alle helligdagar. 50 % av vaktene mine er kvelds- og nattevakter. Dette fører til at eg ofte er på jobb når venner og familie har fri. Mi framtid i dette yrket blir svært usikker dersom arbeidsgivar får moglegheit til å pålegge meg å jobbe fleire helgar og meir overtid. Vi sjukepleiarar har også eit liv utanfor jobben.

Den jobben tillitsvalte gjer med å godkjenne turnusane våre er særs viktig. Eg fryktar at det vil bli store skilnadar med tanke på kor helsevennlege turnusane blir dersom denne rettigheten forsvinn.

Eg håpar på det sterkaste at dette forslaget ikkje blir vedteke.