Forsiden

Høringssvar fra KS Sogn og Fjordane

Fylkesmøte i KS Sogn og Fjordane - Høyringssvar NOU 2016-25 om organisering og styring av spesialisthelsetenesten i framtida

Dato: 24.02.2017

Svartype: Med merknad

Fylkesmøte i KS Sogn og Fjordane støttar den delen av utvalet i høve NOU 2016:25 som ikkje går inn for at dei lokale helseføretaka skal opphøyre som eigne rettssubjekt med eigne styrer.   

Fylkesmøte viser til at helseføretaksreforma var ei desentraliseringsreform med siktemålet å skape stor grad av autonomi for sjukehusa ved å etablere dei som sjølvstendige helseføretak. Ein modell  der dei lokale helseføretaka skal opphøyre som eigne rettssubjekt med eigne styrer vil kunne bidra til sentralisering av makt og avgjerdsmynde.

Etter Fylkesmøte si vurdering vil svekka lokal leiing vere eit sannsynleg utfall ved ei slik endring. God og effektiv drift av sjukehus føresett at leiinga av verksemda får tilstrekkelig handlingsrom og mynde. Sterk lokal leiing vil også ivareta og utvikle samhandling med kommunar og fastlegar betre. Ei organisering med lokal sjukehusleiing utan styrer vil også kunne ha uheldige konsekvensar ved at vedtak ikkje blir tilstrekkelig opplyst og forankra, og at medråderetten  vert svekka.

Fylkesmøte vil oppretthalde dagens organisering av helseføretaka.

Vedlegg