Forsiden

Høringssvar fra Odda kommune

Kommunelova

Dato: 05.10.2016

Svartype: Med merknad

Odda kommunestyre sluttar opp om innhaldet i høyringsdokumentet og er særskilt glad for styrking av det kommunale sjølvstyret slik :
· Føremålsparagrafen sitt innhald
· At staten føreslår å lovfesta det kommunale sjølvstyre ( kommunar og fylkeskommunar)
og at rammeverket vert utdjupa og styrka
· At kommunane no tydeleg vert definert som eige rettssubjekt og ikkje underlagt staten
sin hierarkiske organisasjon
· At kommunane fattar vedtak på eige initiativ og ansvar, og at avgrensingar i det
kommunale sjølvstyre ikkje kan gjerast av staten (eller andre) utan at det er lovfesta rett
til det.
· At overordna prinsipp for nasjonale mynde sitt forhold til kommunane vert lovfesta
· At statleg initiert lovlegkontroll med kommunen krev særlege grunnar som skal
grunngjevast.
· At kommunen sin posisjon ved klage på pålegg gitt etter statlege tilsyn vert gjort meir
reell og at statlege tilsyn skal samordnast av fylkesmannen
Øvste folkevalde vedtaksorgan på kvart nivå bør ha gjennomgåande nemning slik: Storting,
fylkesting og kommuneting.
Administrativt vert fylkeskommunen leidd av ein fylkessjef og kommunen av ein
kommunesjef.
§ 4. Utvida informasjonsplikt for kommunane med plikt til å informera aktivt om aktivitet
( virksomhet) som andre rettssubjekt - t.d. private – utfører på vegne av kommunen og
tilrettelegga for at alle kan få tilgang til slik informasjon vil gi særskilde og nye utfordringar .
Det bør kunna opnast for at kommunestyret kan på legga private som utfører arbeid for
kommunen å informera ålmenta om det abeidet som vert utført, og at slike pålegg kan takast
inn i kontraktsgrunnlaget for arbeidet / tenesta.
§ 6. Styrker og tydleggjer ordføraren sin posisjon, m.a. ved å gi ordføraren forslagsrett i
folkevalde organ som han / ho ikkje er medlem av. Det vert sett på som eit pluss at lova
opnar for styrka og synlegjera handlingsrommet til den politiske leiinga i kommunen.
§ 7. 6 Krav om at folkevalde utval samla og uavkorta skal ta ansvar for min. kjønnsmessig
balanse (40 %), vil komplisera samansettinga av utvala og kan medføra urimelege krav slik
at ønska politisk representasjon frå ein fleirtalskonstellasjon ikkje kan veljast sjølv om denne
i seg sjølv oppfyller kjønnsfordelingskravet. Forslag § 7.6 fjerde ledd utgår.
§ 7.9 Kommunestyret ber med tilvising til saksutgreiinga om utdjuping av siste setning i
denne paragrafen( mellombels fritak og tap at rett til å gå inn att i vervet i denne perioden)
§7. 11: Nytt lovområde.
Odda kommunestyre sluttar prinsipielt opp om det føreslegne handlingsrommet som vert
føreslege for kommunestyrt om at ordføraren både kan suspenderast frå vervet eller
fråtakast vervet i særskilte – men definerte situasjonar, men ønskjer innteke ei formulering
som avklarar om det og her er opning for å stemma blankt – evt. ei formulering som seier at
blanke stemmer ikkje skal telja med i oppgjeret - jmf. krav om kvalifisert fleirtal og noverande
kommunelova § 8 -1 si opning for å stemma blankt ved val , og det at framlegg til §7 .11
handlar om suspendera frå eller oppheva tidlegare val.
§ 12 Innbyggarforslag er ein direkte kanal til kommunestyre i saker/ spørsmål som opptek
innbyggjarene. Verkemiddelet vert rost i omtale , med i praksis vert dei kvantitative krava
fleirdobla ( frå 2% av innbyggjarane til 8% av innbyggjarane )
Odda kommunestyre viser til saksutgreiinga og finn denne innskjerpinga å vera alt for stor.
§ 12 - 2 Folkerøystingar.
Kommunestyra bør framleis ha høve til å skriva ut folkerøysting om definerte saker / lokale
forhold som er av stor samfunnsmessig verdi uavhengig om det er kommunal «virksomhet»
eller ikkje
Vidare sluttar kommunestyret opp om dei vurderingar som går fram av saka.
Rådmannen i Odda, 05.09.2016
14.09.2016 Odda formannskap
Behandling:
OF-035/16 Vedtak:
Innstillinga vart samr. vedeken

Vedlegg