Forsiden

Høringssvar fra Os kommune

Høyring- Ny kommunelov

Dato: 04.10.2016

Svartype: Med merknad

Os kommunestyre 27.09.2016, Sak 80/2016 -Vedtak:

Os kommunestyre stiller seg i hovudsak bak kommunelovutvalet si utgreiing 2016:4- Ny kommunelov. Vi støtter at det kommunale sjølvstyre  og folkevalde si påverknad skal styrkast. Forenkling og valfridom for kommunestyre er av stor betydning. Vidare vil krav til ein styrka eigenkontroll kunne føre til mindre behov for andre tilsyn. 

A. NOU kap 3

Utvalet foreslår å lovfeste eit formålsvedtak med følgjande element: Kommunalt sjølvstyre og rammer for dette, lokaldemokrati og innbyggjarmedverknad, samt ein tenesteytande og samfunnsutviklande kommune som er effektiv, skaper tillit og som er berekraftig. 

Vurderinga er at formålsvedtaket framstår som godt og dekkande for innhaldet i lova og gir klårt uttrykk for kva som er formålet med lova og innhaldet i lova. Formålet slår fast at lova skal fremme sjølvstyret.

B. NOU kap 4

Utvalet foreslår å gi det kommunale sjølvstyre ei tydeleg rettsleg forankring i kommunelova: Utvalet meiner sjølvstyret ved dette vert synleggjort og gitt eit rettsleg vern som styrkar sjølvstyret og motverker ei utvikling mot meir detaljert statleg styring. 

Vurderinga er at lovfesting av det kommunale sjølvstyret og legalitetsprinsippet er i samsvar med tidlegare innspel frå KS til regjeringa og Stortinget. Utvalet sine framlegg tydeleggjer at det kommunale sjølvstyret vil kunne styrkast særleg overfor statsforvaltinga. 

C. NOU kap 4.7, 4.9

Når det gjeld forholdet mellom staten og kommunane følgjer det av mandatet at utvalet skal vurdere fordeler og ulemper ved å lovfeste prinsipp for forhaldet mellom nasjonale styresmakter og kommunane for å utfylle prinsippet om rammestyring. 

Utvalet er av den meining at prinsippet om rammefinansiering som eige prinsipp ikkje bør lovfestast. Dei ulike formene for statleg styring som påverker kommunane sine handlingsrom er m.a.

i) Forhaldsmessigheitsprinsippet, som seier noko om det at nasjonale styresmakter ikkje bør gripe inn overfor kommunesektoren i større grad enn nødvendig for å ivareta dei aktuelle måla,

ii) Nærleiksprinsippet, som seier noko om at ansvaret for oppgåver bør leggjast så nært innbyggjarane som mogleg, og

iii) Finansieringsprinsippet, som seier noko om korleis staten kan leggje til rette for å styrke det kommunale sjølvstyret. 

Vurderinga er at lovfesting av prinsipp for forholdet mellom stat og kommune er i samsvar med tidlegare innspel frå KS. Lovfesting vil kunne bidra til at kommunalt sjølvstyre vert tatt omsyn til på ein god måte, og dermed gi betre gjennomslagskraft i lovgiving og lovtolking. Ordlyden i prinsippene bør komme klart fram før avgrensinga. 

D. NOU 8.4, 8.6, 8.7, 10

Utvalet foreslår i hovudsak å vidareføre dagens reglar om folkevalde organ. Utvalet har tatt utgangspunkt i at kommunestyret innafor visse rammer har fridom til å organisere dei underordna folkevalde organ slik dei sjølv finn det hensiktsmessig.

Samstundes meiner utvalet at det er viktig med nokre felles rammer og grunnleggjande forutsetnader for utforming. Dette for å sikre forutsigbarheit og likskap. 

Vurderinga er at kommunestyret sine oppgåver og ansvar bør omtalast noko nærmare i kommunelova. Kommunestyret bør ha fridom til å organisere kommunene sitt arbeid. Det bør vurderast om kommunestyret bør ha adgang til å opprette andre folkevalde organ enn det som er omtalt i kommunelova. Det bør vere nokre felles rammer og grunnleggjande forutsetnader for å sikre forutsigbarheit. Ein styrking av ordførar si rolle støttes innafor dei rammar kommunestyret gir. Her bør kommunestyret ha fridom. 

Forslaget innebærer videre at saker av prinsipiell art ikkje kan delegerast til selskap. Det kan ha praktiske og økonomiske fordelar at forvaltning av selskap vert blir drevet av til dømes eigedomsselskap. § 5-2. 4 ledd innskrenker sjølvstyre til kommunnestyret. Føresegnen snur og grunnlaget for kva som er tillete. Gjeldande rett er at kommunen kan delegera til anna rettssubjekt. Os kommunestyre ser ikkje grunnlag for å endre gjeldande rett. 

E.NOU kap 6

Utvalet legg vekt på at det skal vere enkelt å få tilgang til informasjon om verkemda i kommunen. Utvalet foreslår at at den generelle informasjonsplikten vert presisert som ei plikt for kommunane til å leggje til rette for at alle kan få tilgang til informasjon. 

Vurderinga er at openheit, informasjon og innsyn er viktige element i den lokaldemokratiske styringa. Kommunar som driv aktivt og godt informasjonsarbeid skårer betre på alle demokratiske dimensjonar ved godt demokratiske styre. Bruk av informasjonskanalar er viktig.

Os kommunestyre støtter utvalet i at kommunen framleis skal ha stor valfridom. 

F.NOU kap 7

Utvalet foreslår at reglane om innbyggjardeltaking og folkeavstemningar i all hovudsak vert vidareført. 

Os kommune meiner at kommunelova ikkje bør endra kriterie for kor mange underskrifter som trengst for å levera innbyggjarinitiativ 

G. NOU kap 8.5, 8.6

Utvalet legg vekt på at det er behov for ei sterk folkevald styring av kommunen av omsyn til lokaldemokratiet og kommunen sin legitimitet. Ein god administrasjon vil kunne bidra til å løfte det folkevalde nivået i kommunen.

Vurderinga er at KS har gjennom fleire tiltak understreka behovet for eit godt samspel mellom folkevalde og administrasjonen. Ei tydeleg avklaring av roller, samt aksept og respekt for desse, er viktig for å skape eit godt samspel. 

H.NOU kap 19

Utvalet meiner at komunelova skal leggje eit godt grunnlag for ei økonomiforvalting som byggjer opp under sjølvstyret og den lokale handelfridomen.

Vurderinga er at utvalet i all hovudsak har foreslått gode tiltak og ikkje sett avgrensingar for det lokale sjølvstyret gjennom økonomireglane.

I.NOU KAP 11

Kommunale foretak er ein del av kommunen og skal styrast etter dei same prinsipp som øvrige delar av kommunen. Det vert foreslått å vidareføre modellen slik den er i dag, med nokre mindre endringar. Vurderinga er at utvalet sine framlegg på området kommunale foretak og interkommunalt samarbeid er i tråd med synspunkt som KS har formidla på området. 

Det vert likevel foreslått ein innskrenking i det kommunale sjølvstyre ved ein lovfesting av at kommunestyremedlemmar og medlemmar i toppledargruppen ikkje har adgang til å verte vald til styre i kommunale foretak. 

J. NOU kap 23 flg

Eigenkontroll, statleg  kontroll og tilsyn er viktig for den folkevalde styringa av kommunen. Ein styrka eigenkontroll vil byggje opp under det kommunale sjølvstyret og leggje til rette for redusert statleg tilsyn med kommunane.

Vurderinga er at lovframlegget vidarefører det som KS vektlegg når det gjeld eigenkontrol, statleg kontroll og tilsyn. 

Kommunestyret ber utvalet vurdere kopetansekrav til sekretær i kontrollutvalet. I andre politiske utvalg er det administrasjonssjefen som er ansvarlig for at saken er tilstrekkelig opplyst før politisk behandling. Administrasjonssjefen har fagpersonar til å utgreie saken. Kontrollutvalet har kun sekretær og revisor. Det bør vurderes å stille krav til dennes forvaltningsmessige kompetanse for å sikre at utvalet kan utføre si lovpålagte rolle på ein god måte.