Høringssvar fra Gulen kommune
Høyringsuttale
Behandling i Kommunestyret 01.09.2016
Handsaming og røysting
Samrøystes |
Vedtak KOM sak 067/16
Gulen kommune er i hovudsak positive til endringsframlegga i NOU 2016: 4 Ny kommunelov
Vi vil særleg gi støtte til lovfesting av kommunalt sjølvstyre. Styrking av lokaldemokratiet og lokalt handlingsrom må vere det overordna føremålet med lovendringar.
Vi vil kommentere desse framlegga: · Internkontroll: Må ikkje innførast før særlovene vert gjennomgått. · Klar rolle- og ansvarsdeling mellom folkevalde og administrasjonen er bra, men må ikkje føre til unødvendige hindringar for effektive styrings- og samarbeidsorgan for interkommunalt samarbeid. Omleggingane vert krevjande for dei minste kommunane.
|