Høringssvar fra Seljord kommune
Høring Ny kommunelov
Seljord kommune stiller seg positive til NOU 2916:4 Ny kommunelov med fylgjande kommentarar:
Punkt 1.2.2. kommunalt sjølvstyre
Seljord kommune meiner at omgrepet folkestyre bør bli tatt inn i føremålet for lova.
Punkt 1.2.3. Folkestyre
Seljord kommune meiner at dei folkevalde sin rett til innsyn i administrasjonen sine dokument ikkje bør utvidast.
Seljord kommune finn det ikkje tenleg av praktiske årsaker å skjerpe krava til kjønnsballanse til samansetjing av kommunale organ som heilhet.
Seljord kommune meiner at leiaren av kommunen sin administrasjon framleis bør ha tittelen rådmann.
Punkt 1.2.4. Effektive, tillitsskapande og bærekraftige kommunar
Seljord kommune meiner at kommunestyre sin medlemer bør kunne bli valt til styre i kommunale føretak.
Seljord kommune meiner at regionrådsmodellen bør lovregulerast og at regionrådet bør ha beslutningsmynde.
Punkt 1.2.5. Kommunal økonomi
Seljord kommune meiner meiner at gjeldande reglar om berekning av minimumsavdrag på lån ikkje bør endrast.
Punkt 1.2.6. Kontroll og innsyn
Seljord kommune meiner det er viktig med ei forenkling av bestemmelsen om internkontroll.