Forsiden

Høringssvar fra Hjelmeland kommune

HJELMELAND KOMMUNE - HØYRING TIL NY KOMMUNELOV, NOU 2016-4

Dato: 04.10.2016

Svartype: Med merknad

Hjelmeland kommune syner til rådmannen si saksutgreiing om Kommunelovutvalet si innstilling, NOU2016:4, Ny kommunelov, og vil halde fram fylgjande punkt:

  • Hjelmeland kommune sluttar seg til forslaget om å ta inn at kommunelova skal fremje det kommunale sjølvstyret (formålsparagrafen)
  • Hjelmeland kommune sluttar seg til forslaget om nærleiksprinsippet og finansieringsprinsippet i kommunelova, men støttar KS sine alternative forslag til formuleringar av lovteksten
  • På bakgrunn av lovutvalget si anmodning om forenkling av regelverk for komiteer og utval, går Hjelmeland kommune i mot at det ikkje lengre gis anledning til å sette ned råd og utval som består av representantar både frå folkevalgt og administrativt nivå.
  • Hjelmeland kommune sluttar seg i hovudsak til lovforslaget om fritak og suspensjon, og støttar KS si vurdering av at reglane for vurdering av om ordførar er skikka, må tydeleggjerast
  • Hjelmeland kommune støttar ikkje lovutvalets fleirtal om at det vert lovfesta krav om kjønnsbalanse i folkevalde organ, men at dagens reglar om kjønnsbalanse på lister til forholdstalsval vert vidareført
  • Hjelmeland kommune støttar lovutvalet sitt forslag om ettergodtgjering for folkevalde i verv på minst halv tid, med KS sin merknad om at dette bør knytast til om den folkevalde har vervet som sin «hovedbeskjeftigelse»
  • Hjelmeland kommune støttar mindretalet sitt syn i at det ikkje bør opnast for parlamentarisk styreform i kommunane
  • Hjelmeland kommune støttar ikkje lovutvalets forslag om innskrenking av delegasjon til andre rettssubjekt, og at gjeldande rett vert vidareført i ny kommunelov
  • Hjelmeland kommune sluttar seg til lovutvalets forslag om lovreglar for administrasjonen
  • Hjelmeland kommune støttar lovutvalets forslag om å lovfeste plikt til å nytte finansielle måltal og fastsetje økonomireglement, samt andre forslag til ny lov gjeldande kommunal økonomi
  • Hjelmeland kommune støttar ikkje lovutvalet sitt forslag om at det skal verte lovfesta at medlemmer av kommunestyret og medlemmer av toppleiargruppa ikkje kan vere styremedlemmer i kommunale føretak
  • Hjelmeland kommune støttar lovforslaget om interkommunalt samarbeid, med KS-utvalet sine forslag til endringar, inklusive forslaget om at omgrepet «interkommunale samarbeid» vert erstatta av omgrepet «kommunesamarbeid»
  • Hjelmeland kommune støttar mindretalet sitt syn om at revisjonen bør kunne utføre sekretariatsfunksjonen for kontrollutval
  • Hjelmeland kommune støttar mindretalet sitt syn om ikkje å ha ein særleg lovregel om kommunalt tilsyn i kommunelova, og viser til at krav til likehandsaming følgjer av anna lov
  • Hjelmeland kommune støttar elles andre forslag frå lovutvalet til endringar i lova

 

Vedlegg